Meny Lukk

Ei Minimalen-oppsumering som sikkert er lengre enn dei fleste filmane

Festivalen dedikert til små filmar har rukke å vokse seg stor i dei tretti åra som har gått sidan oppstarten: Jubileumsfeiringa gjekk av stabelen den føregåande veka, og med heile 90 filmar i konkurranse kan ein stakkars anmeldar umogleg dekke alle, men det kan uansett vere på sin plass å feire nokre av høgdepunkta frå denne festivalen. Kanskje spesielt når den dreier seg om ein sjanger som så ofte fell utanfor offentlegheitas auge resten av året.

Først kan vi ta ein titt på nokre av filmane som juryen valte å gi spesiell heder ved prisutdelinga på Søndagen. For å halde det kort held vi oss til dei tre gjevaste kategoriane: beste norsk film, beste nordiske film og beste internasjonale film.


Beste Norske Film – No Man is an Island

Som vinnar av den første av desse kategoriane finn vi ein ellers beskjeden film. No Man is an Island omhandlar ei gruppe menn som sitt og drikk pils og røykar hasj i ein park. Men til felles har dei at dei alle har innvandrarbakgrunn og følar dei passar inn i det ‘kvite’ norske samfunnet. Denne tematikken vert spesielt sentral når ein full nordlending kjem bort og forfjamsa skuldar dei for å vere terroristar. Konflikten aukar og den fulle mannen vert kjefta på og byrjar å ramse opp fraser frå John Donne sitt kjente dikt No Man is an Island i sitt forsvar. Her endar filmen. Frå utdraget frå det nemnte diktet til sitat frå Olav H. Hauge er det tydeleg at det er filmen sine poetiske kvalitetar som gjer den interessant. Filmen nyttar høgst poetiske sekvensar og leiking med filmatisk form på ein måte som gjer denne utmerkinga svært fortent.


Beste Nordiske Film – Familieliv

Filmen som vant pris for beste nordiske film er også kanskje den merkelegaste filmen som har vorte produsert her på kontinentet på ei stund. Filmen byrjar ganske uskyldig med ein familie som kosar seg ut i sola. Med ei handling som føregår i det som ein godt kan kalle det svenske svaret på ein amerikansk forstad. Alt er koseleg, normalt og skil seg lite ut. Men når vi kjem innanfor husets fire veggar blir alt annleis og vi vert vitne til at dottera tilfredstillar seg sjølv til bilete av kjendisar, mora sine ville bondage-fantasiar og eit par slåande, og nærmast kvalmande, bilete som illustrer faren si frykt for sin svinande maskulinitet. Det skal mykje til for og laga ein film som er merkelegare og meir ubehageleg enn Lynch sine mange produksjonar, men om nokon har greidd det må det seiast å vere Anna-Karin Örander med akkurat denne filmen.


Beste Internasjonale Film – Imago

Eg skal ikkje late som eg har kjennskap til den kulturen som Imago omhandlar. Eg skal heller ikkje late som eg forstod den heilt. Dette er ein av dei filmane som ikkje openberrar seg sjølv ved første visning, og der den sanne meininga kanskje aldri vert heilt tydeleg for sjåaren. Det høyrest kanskje negativt ut, men det er akkurat denne sida ved filmen som gjer den så interessant. Den gir eit ultrarealistisk innblikk ved eit av dei mørkare sidene ved slumlivet i Filippinene og presterer denne bragda nesten utan replikkar og dialog. Hovudkarakteren sine motivasjonar vert aldri forklart og det er nettopp søka etter akkurat desse motivasjonane som held publikummaren festa til skjermen i denne særs dystre historia.


Men det er ikkje berre for konkurransefilmane ein reiser på festival, og det er heller ikkje sikkert at du kan stole på juryen til å peike ut dei beste filmane. «Kven kan du stole på då?» spør du. Vell, meg, såklart. So for å trekke fram nokre av mine eigne høgdepunkt frå festivalen, og for å gi litt ros til unike filmopplevingar utanfor konkuransen, har eg laga mi eiga liste med prisar eg har lyst til å utdele.

Beste Work-in-Progess – Tåkeland

Filmfestivalar er ikkje berre interessante for dei mange gode, og merkelege, filmane ein får sjå, men også på grunn av innblikket dei kan gi inn i korleis produksjonen av føregår. Allereie på opninga av årets festival fekk ein akkurat dette med ein sniktitt inn i prosjektet Tåkeland. Dette er ein type låg-fantasy film som spelar på diverse horrorelement for å lage ei unik fantasiverd basert på norske skogar. Og med bakomfilm som demonstrerte korleis produksjonen planleggar å få til Nolan-esque effektar på eit betydeleg mindre budsjett var det eit svært interessant innblikk i ein film som verka både original og godt gjennomført. Som einaste Work-in-Progress frå årets festival gjev eg derfor lett frå meg prisen til denne.


Beste bruk av animasjon – Love

Minmalen har sin eigen pris som vert gjeve ut til den filmen dei tykkjer er den beste animasjonsfilmen. Og sjølv om vinnaren av denne prise, Min Börda, er ein fantastisk liten musikals animasjonsfilm vil eg i denne teksten trekke fram ein annan liten godbit frå programmet. Ein av programpostane var diverse prisvinarar frå andre europeiske filmfestivalar og blant desse finn ein den surrealistiske animasjonsfilmen Love. Med ei rekke handlingar som strek seg over ein heil planet i den sitt møte med ein mystisk utanomjordisk gjenstand vert filmen eit morosamt og kreativt innblikk i nokre av naturens mange prosessar. I ei konstant rekke tvistar og vendingar vert tankane våre rundt korleis denne merkelege verda fungerer snudd på hovudet. Her vert animasjonen sin fridom nytta til sitt fulle i eit fantastisk eksempel på korleis denne sjangeren kan få til det få andre kan.


Modigaste film – Retouch

Ved årets festival vart eit spesielt fokus satt på iranske filmar med fokus på kvinnerolla gjennom til dømes dei to «Iran Now»-programma. Ein film som passar innanfor denne kategorien som var ein del av den internasjonale konkuransen var iranske Retouch. Filmen omhandlar Maryam, ei kvinne som jobbar med å manipulere reklamebilete av vestlege kvinner som “visar for mykje”. Ein dag før ho skal på jobb finn mannen hennar ut han skal byrje å løfte vekter, men ei benkpressøving går katastrofalt og han vert fanga med stanga kvilande over halsen. I ein liten augneblikk har Maryam kontroll i hustanden og det kvilar på henne å redde, eller ikkje redde, mannen frå kvelingsdøden. Som ein film som verken skyar vekk frå kvinnesynsproblematikken eller ekstreme verkemiddel for å diskutere nettopp denne er Retouch eit av dei modigaste og interessante filmane frå årets festival.


Beste eksperimentelle dokumentar som omhandlar Island – The Atom Station

No skal eg ærleg innrømme at der berre var ein film som var nominert i kategorien Beste eksperimentelle dokumentar som omhandlar Island, men for ein eksperimentell dokumentar som omhandla Island det var. Eit av postane ved årets festival var eit program kurert av Nick Jordan der han visste fram nokre av dei mange kunst-dokumentarane som han har laga samtidig som han snakka litt med publikum om korleis han tilnærma seg denne sjangaren. The Atom Station peikte seg spesielt ut blant filmane for min del. Denne omhandla Island sin særeigne posisjon midt mellom Russland og Amerika frå den kalde krigen og fram til i dag. Med ei blanding av intervjuklipp, forteljarstemme, eksperimentell elektronisk musikk og filmklipp frå Island sine fantastiske landskap er filmen eit høgst spektakulært skode.


Minimalen fyller med dette 30 år og som med dei fleste andre 30-åringar må den vell snart byrje å tenke på å ta det med ro, finne kjærleiken og slå seg ned. Men innan den tid håpar eg at den fekk tatt det skikkeleg ut ved jubileumsfeiringa si og ynskjer den all lykke i åra som kjem.

 

Relaterte innlegg