Meny Lukk

“A Bad Moms Christmas” – Kva var jul for noko igjen?

Nokre menneske likar å feire jula med familien foran peisen, ved sidan av eit stort juletred omringa av gavar i alle fargar og fasongar. Desse menneska, kven enn dei er, likar òg ofte julehistorier fylt til randen av nissar, alvar, medmennesklighet, barmhjertighet, juleglede og eit samansurium av andre herligheitar. Andre derimot vil kanskje heller bruke jula på å sjå komedier som i hovudsak består av dårlige underlivsvitsar og billig feelgood-stemning. For den sistenemnte gruppa finst der no ein film som ein i desse dagar kan nyte på kino, for dei som ikkje greier å vente heilt til Desember.

I denne nye installasjonen i Bad Moms-serien får vi atter eit gjennsyn med Amy (Mila Kunis), Kiki (Kristen Bell) og Carla (Kathryn Hahn) medan dei alle er i full gang med juleførebuingane sine. Det er ei veke att til jul og dei har mykje å tenke på, men vondt vert fort verre når dei tre får besøk av sine respektive mødre som på kvar sine måte kompliserer planane til familiane. Og på eit høgst kjent vis må dei alle komme fram til kva familie- og juleglede egentlig betyr.

Dette hørast kanskje ganske kjent ut, og det kjennast egentlig også sånn ut når du sitt i kinosalen. Men det er også klart for dei mest observante lesarane at dette dreier seg om noko litt anna enn ei klassisk julekomedie, so kva er det som skillar denne filmen ut? Heldigvis for tilhengarar av kreativ skriving kan dette oppsumerast i tre enkle hovuddelar basert rundt filmtittelen på ein nokså halvkomisk måte.

Bad: Der er mange delar av filmen som medan ein ser på ein kan gjenkjennes som enten dårlige eller rett og slett kjedelige. Ein stor del av filmen dedikerast til vitseforteling basert på kjedelige locations under velkjent high-key lyssetting. Det hjelper ikkje her at dei fleste vitsane held seg til underlivet og at dei få gongane vitsane var morosame nok til å le av var det tolvåringen inni meg som satte mest pris på humoren. Og når den første halvdelen av filmen er ei endelaus rekke med comic reliefs på comic reliefs er det ikkje rart når filmen følast tom. Evnen filmen har til å konstant prøve på vitsar som fell paddeflate er kanskje det som veier den ned mest.

Moms: Men den faktoren som gjer at du held ut denne lange rekka med dårlige humorforsøk er den hjertefølte historia som gjer seg gjeldande i andre del av filmen. Her finn filmen ut at det er på tide å ta ein pause frå den konstante skøyen og heller ta litt tid på å etablere ei seriøs historie. Og denne fungerer overraskande bra. Spesielt her vert samspelet mellom Amy og mora (Christine Baranski) eit viktig høgdepunkt. Filmen finn mykje hjelp i Mila Kunis sitt allsidige repertoar frå meir seriøse roller til å underbygge eit emosjonelt band med sjåarane i salen. Dette eine mor-mor forholdet er aleine det som reddar filmen inn til noko som etterlet seg eit djupare inntrykk på sjåaren.

Christmas: Dette er også, som du sikkert forstår, ein julefilm. Og til å vere ein film der ein av dei tre protagonistane arbeidar med å vokse underliv leverer den overaskande godt. Det er heller ikkje berre ein versjon av jul du vert servert, men heller eit mylder av alle typar tradisjonar frå ei enkel familiejul til store festive arrangement. Og til slutt vert du sitande igjen med julekjensla utan at den nødvendigvis kjem frå julepynten på skjermen eller dei snødekte landskapa som omkransar handlniga.

Bad Moms Christmas kjennast både som ei klassisk julefortelling og noko heilt anna på samme tid. På den eine sida vert julelys og julesongar blanda med meir moderne element som kinesisk takeway. På den andre sida får du servert stripparar, skrittvoksing og kjøpesenterfylla. Ikkje uventa slit desse to elementa med å komme overens med kvarandre og ingen av dei to sidene skin gjennom på sitt sterkaste. Men filmen er heller ikkje heilt inkompetent og får til tider både fram latteren og kan av og til trekke i emosjonelle trådar. So om du leitar etter ein måte å få litt julestemning før kjøret startar for fullt er det kanskje denne filmen du burde sjå til, sjølv om det kanskje er meir ut av mangel på alternativ enn noko anna.

A Bad Moms Christmas - Regissert av Jon Lucas og Scott Moore; Skrive  av Jon Lucas og Scott Moore; Med Mila Kunis, Kirsten Bell og Kathryn Hahn;
Lengde: 1t. 44min. Land: USA. Aldersgrense: Tillat for alle. Premiere: 03.11.2017

Relaterte innlegg