Meny Lukk

A Translator – Kosmorama 2019

Interessant perspektiv frå forbi “jernteppet”.

Når avdelinga for russisk litteratur på Universidad de la Habana vart lagd ned, må Malin (Rodrigo Santoro) assistere på eit sjukehus som oversetjar for ofre av radioaktive utslepp i Tsjernobyl. Malin vart dermed bindeleddet mellom dei sovjetske barna som har hamna i eit framand land for spesialbehandling. Bakteppet for handlinga er slutten av 80-talets og byrja på 90-talets generelle beveging mot openheit mellom aust og vest, USA og Sovjetunionen.

Filmen er dyktig utført, held seg interessant igjennom, og viser ein del av historia som dei fleste utanom Cuba ikkje vil vere kjend med. Brødrene som har regi for filmen er sonane til hovudkarakteren, og dei forsøk å framstille far deira så livnært som mogleg. Hjelpa av ein skambra prestasjon av Rodrigo Santoro (Westworld, 300), filmen har ei realitisk tone, som er grunna historisk. Ein av tinga eg fann mest interessant er kor hardt sovjets undergang påverka Cuba etter Gorbachevs glasnost, og den seinare omveltninga av Sovjetunionen.

Det er ein trist historie, men som forsøk å finne håpet i det vonde. Den forsøker, og klarar, å vise at vanlege folk ofte endar opp å fylle ekstraordinære roller.

Du kan få med deg A Translator Søndag 16:00 på Prinsen Kino.

Relaterte innlegg