Meny Lukk

«Andrea Bocelli: Musikkens stillhet» – Feelgood som fell flatt

I Music of Silence vert vi tatt med til Toscana i eit forsøk på å gje att sjølvbiografien til den verdskjente blinde operasongaren Andre Bocelli på filmlerretet. Og det er akkurat dette ønsket i seg sjølv som vert filmen sin dødsdom. Gjennom filmens løp får vi sjå songarens yngre dagar medan han lærer og leve med blindleiken, vi får sjå han som ungdom og vert vitne til at han finn kjærleiken, og til slutt lærer vi om kordan han gjer hoppet frå barmusikker til å bli operasongar. Mange detaljar vert tatt med, og sitat frå mannen sjølv ledar oss igjennom dei viktigaste augneblikka.

Men det er dette ønsket om å slavisk fortelje kvar ein detalj frå Bocelli sitt liv som gjer at filmen til slutt står utan ei sentral historie og utan nødvendig dramaturgi. Spesielt i byrjinga vert vi kasta fram og tilbake mellom fødselen, operasjonar og blindeskule. Kvar location gjev oss kanskje små detaljar som blir delar av karakteren seinare, men små detaljar om nøyaktig første gong hovudkarakteren høyrde opera skapar ikkje nødvendigvis medkjensle og empati. Det blir berre faktasetningar om Bocelli, kanskje gøy for blodfans, men ikkje for den ordinære kinogåar. Dette vert spesielt lett å merke i augneblink, relativt tidleg i filmen, der filmspråket forventar at vi skal føle djupt for rollefigurane når alt vi har fått er fragmenterte faktasetningar om dei. Vi vert gitt for lite substans til å verkeleg føle med dei.

Omtrent ein time inn i filmen begynner om sider omrisset av ei historie å ta form og noko som kan likne på ei spanande handling stablast saman. Når hovudkarakteren byrjar å vie livet sitt til noko med ein faktisk lidenskap vert handlinga om til ei det er lettare for oss å føle for. Her kan filmen tidvis fungere ganske bra. Dramaturgien vert meir målretta og ein kan byrje å kjenne dei gode og dårlege augneblikka på kroppen. Som i dei fleste europeiske biografifilmane som blir produsert kjem denne også med fantastisk symfonisk musikk. Denne er kanskje litt malplassert i den første halvdelen av filmen, men mot slutten gjer den ei ekstrem kraft til augneblikka. Filmen gjev også mykje meditasjonsrom til den musikalske sida. Og du blir invitert til å høyre etter på den musikalske utviklinga stemmen til Bocelli går igjennom i løpet av filmen. Dette kan tidvis vere ganske interessant.

Dessverre er filmen uansett full av problem. Alle snakkar tilgjort italiensk-engelsk. Sjå for deg Mario og Luigi som snakkar om kor glade dei er i spagetti, filmen kjennast av og til slik. Bilete av erkeitalienske kyrkjer og av Colosseum i Roma gjer òg at filmen ofte verkar meir som ei reklame frå eit reisebyrå enn noko anna. Det vert eit for anstrengt forsøk på å verke italiensk. Filmen insisterer i tillegg på å introdusere ein heil skare med rollefigurar som strengt talt ikkje har noko i historia å gjere. Faren til Bocelli er den første vi ser i filmen, men ebbar fort ut i bakgrunnen og blir brakt inn igjen på slutten for å slå i land eit poeng som aldri eksisterte i filmen til å byrje med. Det ferdige produktet fyllast av, ofte endå mindre viktige, karakterar med slike merkelege karakterutviklingar som tilsynelatande ikkje gjev noko som helst meining.  Overtoningar i tider og utider gjer òg at sjåaren blir tatt ut av handlinga og blir sittande att og spørje seg sjølv: «Var det ein feil, eller er det faktiske meininga at klippa skal sjå sånn ut?»

Filmen brukar også namnet Amos på hovudkarakteren i staden for Andrea. Det kan synest at dette er eit verkemiddel henta frå Bocelli si eiga bok der han fortel ei litt fiksjonalisert historie om sitt eige liv ved å fortelje den gjennom ukjente Amos. Dette kan kanskje vere eit snedig verkemiddel i ei bok der vi har ei viss forventning om at forteljinga kan nærme seg sanninga. I fiksjonsfilm derimot er det allereie tydeleg at forteljinga er nettopp ein fiksjon. Det å fjerne handlinga ytterlegare frå det vi sjåarane oppfattar som røyndom fungerer berre til å minske krafta i historia endå meir.

Ikkje forstå meg feil, på eit grunnleggande nivå er Musikkens stillhet ei fin historie om ein blind mann som overvinn sine medfødde hindringar. Sluttresultatet vert òg, gjennom god musikk og gode prestasjonar, til ei sjarmerande historie. Men på eit eller anna tidspunkt gjer talet på merkelege val at ein fell heilt ut av historia. Ønsket om å fortelje oppatt biografien til Bocelli ordrett gjer i tillegg at kjernen i historia ofte forsvinn vekk til fordel for ei monoton faktaoppramsing som forteljarstemma i filmen vert nøyt til å nøste i saman. Visse augneblink fungerer faktisk og gjer deg interessert men alt for mange andre scener fell flatt og mislykkast i å løfte historia til noko meir enn berre middelmåtigdom. Filmen tilbyr to timar fakta om Bocelli, opplevinga blir sjeldan noko meir.

Andrea Bocelli: Musikkens stilhet – Regissert av Michael Radford; skrevet avAnna Pavignano, Michael Radford, og Roberto Sessa; med Antonio Banderas, Jordi Mollà, Toby Sebastian, og Alessandro Sperduti; Spilletid: 1 t. 55 m. Land: Italia. Premiere: 28. semptember 2018. Aldersgrense: Tillatt for alle.

 

 

Relaterte innlegg