Meny Lukk

Forfatter: Jonas Mæland

“The Dissident” – ei gåve til Amazon

The Dissident er berre keisam. Internasjonal politikk og stormaktsspel har nok ALDRI vore så keisamt på film. Kvar einaste gong filmen startar å utforske ein interessant vinkling på kva som skjedde med Khashoggi, eller korleis det Saudi-Arabiske kartellet opererer, skiftar den retjing til å enten gjenfortelje tidlegare gitt informasjon, eller vise ein ekkel animert grafikk som ser ut som den høyrer heime i eit Ubisoft tredjepersons-eventyrspel.

“Ting vi sier. Ting vi gjør” – Ein veldig fransk film

Den eine engelske tittelen, Love Affair(s), passar i grunnen filmen mykje betre. Den summerar kva filmen si kjerne eigentleg er. Romantiske eskapadar i form av utroskap har aldri vorte framstilt i eit meir positivt ljos, galne franskmenn as. Raskt summert, Maxime vitjar syskenbarnet sitt, François, i fransk vinland. Når Maxime kjem dit vart han engasjert i ein djup kjenseleg samtale med kona til François medan han er vekke på eit jobboppdrag i Paris.