Blade Runner 2049 – Større, flottare, betre

Talet på oppfylgjarar som kjem i nærleiken av kvaliteten til originalen kan teljast på få fingre. Den fyrste Blade Runner-filmen er ein kultklassikar, hugsa for sine spanande idear og den smått dystopiske, men realistiske framtidsvisjonen. Filmen opna ei vid verd for historier å utvikla seg i, men det viktigaste elementet for den eventuelle suksessen til fleire filmar er heilt klart den ikoniske stemninga og estetikken. Heldigvis for både gamle fans og alle oss andre filminteresserte vart Denis Villeneuve satt på saka.

Filmen finn openbart nok stad 30 år etter hendingane i den førre filmen. Replikantar er framleis ein del av arbeidsstyrken, men framsteg i teknologien har gjort dei meir anvendelege enn dei var. Det betyr derimot ikkje at alle dei gamle, rebelske replikantane har blitt utrydda – endå. Behovet for sokalla Blade Runners er der, og me fylgjar ein av dei, «K», spela av Ryan Gosling. Etter ei meir eller mindre rutinemessig utført «pensjonering» snublar han over mistenksame spor som leiar han i retning av ein lenge skjult løyndom, med grunnmurskakande potensiale.

Plottet er mest eit minimalt rammeverk å støtte det visuelle på. Alt byggjar vidare på idear frå den førre filmen, men det fokuserast mest på å knyte saman éin spesifikk tråd den lét henga. Etterforskinga til K fylgjer ein relativt standard mal, med avsløringar her og der av varierande grad overrasking. Dei største vendingane blir ikkje fullstendig utforska, og det luktar litt av at det leggjast opp til fleire filmar.

Blade Runner 2049 er fyrst og fremst ein latterleg flott film å sjå på. Kvart einaste skot i filmen lyt til å vere designa for å sjå mest mogleg slåande ut, og saman med Kinematograf Extraordinaire Roger Deakins har regissør Denis Villeneuve verkeleg lukkast med det. Ting skjer i eit lagleg tempo som let oss søkke djupt inn i det eine biletfagre tablået etter det andre. Det skulle ikkje forundre meg om Gosling fekk beskjed om å spele som om han var i ein Winding Refn-film, for prestasjonen hans minner mykje om den han gav i Only God Forgives, noko som er ein perfekt match for det filmatiske landskapet.

Symbiosen av bileta till Villeneuve og Deakins og musikken til Hans Zimmer og Benjamin Wallfisch (klart basert på det originale Vangelis-scoret, med ein dasj av Interstellar) gjev veg for ein deilig omsluttande filmoppleving. Blade Runner-verda er uendeleg fascinerande, og endå meir utforsking av den er velkomen – spesielt om det ser so bra ut som det her. Alle dei beste elementa frå 1982-utgåva er bevart og gjeve ein respektfull oppgradering, noko som beviser at det faktisk går an å heve kvaliteten til ein filmserie, sjølv fleire tiår seinare.


Blade Runner 2049 - regissert av  Denis Villeneuve; skrive av Hampton Fancher og Michael Green; med Ryan Gosling, Ana de Armas, Sylvia Hoeks, Robin Wright, Harrison Ford, og Jared Leto. Spilletid: 2 t. 43 min. Land: USA. Premiere: 5. oktober 2017. Aldersgrense: 15 år