Meny Lukk

“Brightburn” – Gunn-brørne med eit lågmåls ‘Superman’-konsept

[usr 1.5]

Nå som superhelt-sjangerens leiande seriar alle verkar som dei går mot ein for for ende, tenkjer nok Hollywood at dei må finne meir alternative gater for å utforske konsepta. Med David Yarovesky (The Hive (2014)) bak regien, og handling skrevet av brørne Brian og Matt Gunn, samstundes som James Gunn (Guardians of the Galaxy 1 og 2, Slither) fungerte som produsent for verket. Dette er ikkje akkurat ein høgkonsept skrekkfilm, og Brightburn leverer mellombels skrekk medan den samstundes spelar på forventingane ein har om superkrefter.

Etter noko kræsjar i skogen utanføre ein gård i Kansas vart livet til ei sjukepleierinne og ein bonde endra. Hovudrolla Brandon (Jackson A. Dunn) er i hovudsak ei nega-Supermann, berre reversert der han endar opp å ikkje vere nokon som vil redde menneskeheita.

Dunn i rolla som Brandon er sjeldan overtydande, og enda sjeldnare dyktig. Rolla hans kan oppsummerast som ein internt irritert tenåring med ein total mangel på å kunne spele med andletsuttrykk. Karakterane er generelt overflatiske, mora (Elizabeth Banks) og faren (David Denman) i handlinga er ikkje meir enn det: mora og faren. Denman gjer ein god jobb i å spele ein far som endar i ein indre konflikt over problemstillinga at sonen hans kanskje er vond. Elles er det lite å ta frå skodespelarutvalet. Manusforfattarskapet hjelp lite på å gi skodespelarane noko av substans å levere i løpet av filmen heller.

Problema eg elles har med filmen er at det manglar ein klar identitet. Presentert som eit familiedrama først, samt som ein skrekkfilm, litt science fiction, og til slutt som ein superhelt film. Under ein og same paraply. Samstundes som filmen ikkje er spesielt flink som verken ein grøssar, sci-fi, eit familiedrama eller ein superheltfilm. Berre på grunn av det går an å lage ein film slik, betyr det ikkje at det vil fungere, og denne filmen har mykje som ikkje fungerer. Filmen har heller liten intern logikk- f.eks. sjølv om det er etablert at det finnes både datamaskinar og sosiale medier, nyttar politiet polaroid-kamera for å teke bilete under ein kriminaletterforsking.

Berre for å komplisere vidare, ser ein på handlinga, kanskje det kan sjåast som ein ‘coming of age’-film, berre der karakteren me følg er på veg ned ein sti imot å verta ein slags fascistisk-Supermann. Eg har aldri sett ein film heilt lik denne, og i dette tilfellet er ikkje det ein bra ting. Berre for å irritere meg endo meir, er skrekkelementa keisame og avheng i alt for stor grad på ‘jumpscares’ og dramatisk musikk.

Opninga av filmen, samt nokre delar av den er i ‘shaky-cam’-modus, og det var enormt ubehageleg å sjå på. Dette forsvinn heilt på eit tilsynelatande tilfeldig tidspunkt i filmen, og alt vidare vart filma med dei same keisame sakte kamerabevegingar. Det er generelt lite originalitet elles i filmskapinga, filmen følg kokeboka om amerikansk forteljande film perfekt, spesielt sida om “mystisk bakhistorie” forklart igjennom tidshopp, med eit tilbakeblikk seinare for å forklare kva som eigentleg skjedde for ti år sidan’.

James Gunn har fått skaffa pengar av Sony for å skape ein «kva viss» scenario film, der scenarioet er ‘kva viss Superman kom til jorda, men var vond?’. Det er for all del eit moro konsept, som med dyktige filmskaparar kan fungere, medan det verkar nesten som Gunn-brørne har laga dette for moro skuld. Heldigvis er filmen kort, med berre 1t 30 min lang speletid.

Viss denne filmen skal hyllast som ein ‘ny og interessant’ representasjon av ein superhelt film så veit eg ikkje om det er håp for at sjangeren kjem til å ta seg inn til nye høgder følgjande slutten på Avengers-sagaen.

Brightburn – regissert av David Yarovesky; med Jackson A Dunn, David Denman, Elizabeth Banks. Spilletid: 1t 30m. Land: USA. Premiere: 24.05.19. Aldersgrense: 15 år.

Relaterte innlegg