Meny Lukk

“City of Ghosts: Raqqa” – Historier frå livet i løvene si hòle

I mars 2013 tek ei samling militære og sivile grupper over kontrollen av byen Raqqa frå den syriske regjeringa. Eit drygt år seinare i 2014 tek IS makta i byen og gjer den til sitt hovudkvarter. Deira første handling er å avrette tilhengjarane av det gamle regime i tillegg til alle mistenkte motstandarar av deira ideologi. Innbyggjarane i Raqqa finn seg no under eit nytt totalitært regime utan at omverda verkar til å merke det og det er no opp til ei lita gruppe inne i byen å få ordet ut til omverda om kva som føregår under IS sitt terrorvelde. Organisasjonen kallar seg Raqqa is Being Slaugthered Silently og består av sivile menneskje som i skjul har via seg til mediekampen mot den Islamske Stat.

Dette er historia som ligg bak dokumentaren City of Ghosts som skildrar arbeidet denne gruppa gjer og korleis dei på ein daglig basis har tatt opp kampen mot IS. Personane vi følgjer er tidligare reporterar som har måtte flykte byen og som no lever i skjul, og konstant frykt for represaliar, i Tyrkia og Tyskland. Dokumentaren tek for seg historia svært heilskapleg og vi begynner allereie før demontrasjonane mot Assad og vert introdusert til byen lenge før den vert øydelagt av krig og konflikt. Og etter kvart som hendingane utviklar seg vert vi vitne til det meste som har hendt i regionen sidan denne tida. Den utrulege mengda med video og fotomateriale som har vorte samla inn og vert nytta i denne dokumentaren er kanskje noko av det første ein legg merke til. Vi får sjå gateliv og festar frå Raqqa slik det ein gang var, vi får sjå demonstrasjonane mot Assad, vi er vitne til IS sitt inntog, vi får innsyn i IS sine drap og plyndringar og vi får eit intimt blik inn i liva til journalistane som har fortalt heile denne historia.

Og det er også dette som er noko av det filmen gjer best, å fortelle den syriske historia frå den arabiske våren til i dag. Den store samlinga med video og foto-innhald vert bunde saman av fantastisk musikksetting og ei rekke innsiktsfulle intervju med personane bak journalistorganisasjonen. Desse sistnemnde er også høgst personlige. Vi blir i løpet av filmen kjent med Aziz, Hamoud, Hazzan og ei rekke andre aktivistar som fortel om opplevingane sine sidan våren 2013. Mange har måtte sjå sine eigne familiemedlemmar møte døden på grunn av arbeidet som dei gjer.

Eit anna grep som løftar denne filmen over andre forsøk på å fange denne konflikten på film er eit intervju med ein anonym informant som fortsatt arbeidar inne i Raqqa. Han har maskert ansiktet sitt, men vi får fortsatt sjå intervjuet i videoform og høre frå ei førstehandskjelde korleis livet er på innsida av IS sin niande sirkel. Der er òg andre små bitar med innhald som er henta ut frå byen spesifikt for denne dokumentaren. Filmen sine portrett av Raqqa er noko av det mest interessante filmen har og by på og kanskje noko av det mest interessante norske kinoar kan freiste med på ei god stund framover.

Men dokumentaren slit også med sitt store omfang. Vi begynner inne i Raqqa, men allereie før vi har passert halvtimesmerket bevegar vi oss ut av byen og til menneska på flukt i Tyrkia og Tyskland. Vi besøker Raqqa att fleire stadar i dokumentaren, men vi er og på besøk i nasjonalistiske marsjar, syriske motmarjsar og følgjer aktivistane på søndagstur i Tyskland sine gater. Ingen av desse delane av dokumentaren er på nokon måte dårlige og møta vi får med journalistane på flukt kan vere alt frå svært triste til høgst humoristiske. Men når målet til organisasjonen er å synliggjere kva innbyggarane i den syriske byen har gått igjennom verkar det litt underfundig når dokumentaren tar steget mot å etterlate desse til den eteriske verda.

Det er også på sin plass å åtvare mot svært sterke bilete. Dokumentaren skyar ikkje vekk frå å vise dei ekstremt grafiske drapa som IS gjennomfører. På ei side er det med på å bringe til live denne interessante skildringa av livet i okkuperte Raqqa, men på den andre er det ikkje noko for sarte sjeler.

Heilt sidan IS byrja å gjere seg merka på verdskartet i 2014 har fleire dokumentarfilmskaperar prøvd å skildre denne gruppa og metodane den tar i bruk. Endå fleire har prøvd å gjeve eit bilete av livet for dei millionane av menneske som finn seg på flukt. City of Ghost klatrar inn i toppsiktet blant disse. Det er ei yttarst personlig, innsiktsfull og heilskaplig innblikk inn i eit av dei sterkaste historiene i moderne tid, nemlig den om den syriske konflikten. So om du endå ikkje har fordjupa deg for mykje i julekosen og hørt på alt for mykje Michael Bublé anbefaler eg deg å ta seg ein tur innom denne svært engasjerande filmforteljinga før du let jula begynne for fullt.

City of Ghosts: Raqqa - Regissert av Matthew Heineman; Spilletid: 1t 28min. Land: USA. Premiere: 1. Desember 2017. Aldersgrense: 15 år.

 

Relaterte innlegg