Meny Lukk

“Den of Thieves” – Ein betre film enn den har noko rett til å vere

 

Filmen Den of Thieves har Gerard Butler og fleire rapparar (f.eks 50 Cent) på skodespelarlista, og går dermed ikkje inn for å vinne Oscarstatuettar. Går ein inn i filmen med det faktumet i tankane, er det mellombels mogleg å få oppleve ein god nok actionfilm her.

Filmen opnar med eit ran av typen «militær presisjon», og introduserer oss deretter til politietterforskaren av saka (Butler) og etterforskargruppa hans. Politiet finn raskt ut kven ranarane er, men med mangel når det kjem til prov, må ranarane takast på fersken i løpet av det neste ranet dei utfører. Medan ranarane planlegg eit stort framtidig ran, kidnappar politiet ein av ranarane (O’Shea Jackson Jr.) som vert sleppt fri att for å halde politiet underretta på kva ranarane planlegg. Ut gjennom filmen vert det spelt ut fleire scener der ranarane og etterforskargruppa hamnar på same plass og store spenningar – og eit konkurrerande høve – veks fram mellom leiarane for dei to gruppene (Butler og Pablo Tell Schreiber). Det er her filmen stikk seg ut, og dramatikken til filmen er i høgsetet. Høyrast dette kjent ut? Det gjorde det for meg, men det kjem Eg tilbake til seinare i denne teksten.

Den of Thieves ser ut til å vere brainchild av den -for meg – heller ukjente Christian Gudegast, som båe har skreve, produsert og regissert filmen. Gudegast har kun vore del av to filmar tidlegare, som han har skrive. Desse er «A Man Apart» som inkluderte dei kjente F. Gary Gray og Vin Diesel, og «London Has Fallen» som innehaldt den tidlegare nemnte Gerard Butler, som Gudegast altso samarbeider med for andre gong i denne filmen.

Filmar der éin person speler fleire sentrale roller i filmproduksjonen, har sjeldant særleg gode resultat, Star Wars Prequelane og The Room kjem til minne. Dette skjer ofte fordi éin person ender opp med for mykje makt i produksjonen, og folk som er usamde med val teke får ikkje påverknad på det endelege resultatet. Dette er ikkje tilfellet med denne filmen, heller stikk motsett. Manus og regi (som Gudegast stod for) er styrkane i denne filmen.

Fleire gongar i filmen set Gudegast karakterane sine i svært ukomfortable posisjonar og let scenene drage ut og strekk ut dramatikken. Sluttscena dreg, men twisten manglar mellombels nokre puslebitar i plottet for at den skal sitte skikkeleg.

Til slutt nokre ord om lydmixinga i filmen. Filmen opnar med ei skytescene, og det slo meg raskt kor høglydt og skarpe våpna høyrdest. Filmen skil seg her ut or den vanlege massen filmar, og vekkjer publikum til live i fyste scene i filmen, ved at våpna høyrast meir ekte og skumlare ut enn dei gjer til vanleg. Dette gjev filmen og skytescenene følinga av å vere meir realistiske, og kulene farlegare.

Når det er sagt føler ein stadig at ein har sett nøyaktig denne filmen før. Då snakkar Eg om filmen Heat av Michael Mann. Dei realistiske skytescenene og etterforskarleiaren og leiaren av ranarane som stadig møtast ut gjennom Den of Thieves minner meg stadig om møta mellom Pacino og De Niro i Heat. Politiet veit kven dei kriminelle er, og dei kriminelle veit akkurat kven som etterforskar dei, men politiet har ikkje nok prov, og vert avhengig av å take dei kriminelle i gjerninga. Bruken av innsidemenn og dobbeltagentar i filmen minte meg òg om bruken av liknande i Scorsese sin film The Departed, sjølv ein reproduksjon av ein asiatisk film. Ein lurer på kor nært ein eksisterande film ein ny film kan gå før ein kan verte saksøkt for plagiat, og om ein skal late dette påverke eins oppleving av den individuelle filmen.

Fleire scener i filmen er brukt til å gje publikum innsikt i heimlivet til fleire av hovudpersonane. På den eine sida vert politietterforskaren (Butler) representert som ein drittsekk, dels på feil side av lova sjølve, som vert skild frå kona (Dawn Olivieri) og borna. På den andre sida tek den kriminelle (50 Cent) seg godt av familien sin. Denne innsikta førte til at eg sat att til slutt og heia på at dei kriminelle skulle klare å kome seg unna.

Det er mellombels scener som bremser den narrative flyten i filmen. Dette er òg scener som kunne ha vore klipt ut av ein film som er lengre enn den treng å vere, med sine 2 timar og 20 minutt. Her må ein gjere eit val mellom narrativ flyt og den innsikta ein får i familieliva til karakterane. Eg fann at filmen tente på denne innsikta, men det var kanskje meir av dette enn det som var naudsynt nokre stadar.

Gerard Butler er den perfekte skodespelaren for den super macho rolla si. Gudegast får maks ut or skodespelarane sine ellers, og skreiv og regisserte klaustrofobisk drama svært bra i sin regidebut og kun tredje film totalt. Kjem ein over likskapane med andre filmar og veit kva ein går inn i, overgår filmen alle forventningane.

Den of Thieves – Regi: Christian Gudegast. Skreve av: Christian Gudegast. Med: Gerard Butler, Pablo Till Schreiber, O'Shea Jackson Jr., Curtis «50 Cent» Jackson, Evan Jones, Dawn Olivieri, Jordan Bridges. Lengde: 2 t. 20 min. Land: USA. Premiere: 16.02.2018. Aldersgrense: 15 år.

 

Relaterte innlegg