Meny Lukk

«Den Store Prøven» – Mangler karakter

Rumensk film har vore litt i vinden sidan midten av 2000-talet. Ei rekkje med Cannes-premierte kort- og langfilmar – ein reknar gjerna kortfilmen Trafic frå 2004 som den fyrste – har dei siste 13 åra vore med på å definera sjangeren som kallast «Rumensk New Wave». Desse filmane er ofte sosialdrama, kjenneteikna ved ein realistisk, minimalistisk stil og innslag av svart humor. Den Store Prøven, originaltittel Bacalaureat, er den nyaste filmen til regissør Christian Mungiu, som vann Palme d’Or for sitt abortdrama 4 Månader, 3 Veker og 2 Dagar i 2007, og delte regiprisen i fjorårets filmfestival i Cannes for denne filmen. Med all denne prestisjen knytt til filmen, skulle ein vel forventa eit smart og medrivande drama av høgste kvalitet. Mitt svar til desse forventningane er eit rungande… skuldertrekk.

Filmen byrjar med knusinga av ei bilrute. Me veit ikkje kven som gjorde det, men det verkar klart at nokon har ein hemmeleg feide med filmens hovudperson, den middelaldrande legen med det særs meiningslada fornamnet, Romeo Aldea. Men det er eigentleg ikkje i fokus. Det viktigaste i livet til Romeo er nemleg dottera Eliza, og hennar veg mot utdanning i utlandet. Romeo og kona var begge unge idealistar i sin tid, men er no bitre for at dei vart sittande fast i heimlandet, utan at dei sosiale endringane dei håpa på har kome ordentleg. Det einaste dei har igjen i sitt kjølege ekteskap er ynskje om at Eliza skal kome seg vekk. Men ting går veldig galt. På dagen Eliza skal ta sin siste skriftlege eksamen, ein ho må utmerka seg på for å få stipend til den britiske skulen ho vil til, får eit tilsynelatande ubetydeleg val enorme konsekvensar. Halvvegs i hastverk for å kome seg til elskarinna set Romeo Eliza av eit lite stykke frå eksamenslokalet. Det er ingen lang avstand, men ho må gå gjennom ein byggeplass. Der endar ho opp med å bli forsøkt valdteken. Ikkje alvorleg skadd, men tydleg skaka, prøver ho få tatt eksamen likevel. Men det går naturlegvis ikkje so bra som det kunne. Romeo, full av skuldkjensler, har no to formål resten av filmen: å smøre systemet nok til at dottera kan gli gjennom og få stipend likevel, og å finne personen som angreip ho.

Det er vel her ein skal finne stor fascinasjon i Romeo sitt djupdykk i korrupsjonens lekkjer av endelause avtalar. Litt hjelp her mot litt hjelp der gjentekne gonger byggar ei korthus av tenester det ikkje trengs ein arkitekturekspert for å sjå mangelen av berekraft i. Det heller avslappa tempoet gjer at filmens over to timar lange speletid kjennast godt, og filmens dempa visuelle stil og alminnelege dialogføring tilfører lite spenning. Om orda som blir sagt flaumar over av finurlege ordspel og bitande kritikk av det rumenske byråkratiet, so er det tapt i omsetjinga for min del.

Det kjennast best å innrømma at dette ikkje var min type film, so om nokon har gledd seg til den, kanskje på grunna Cannes-prisen eller at det er ein Mungiu-film, so bør denne omtalen tas med ei klype salt. Men ein ting som kan poengterast med ein viss objektivitet er at dette ikkje er ein utprega kinofilm. Det var ingenting ved den som skreik etter å verte synt på det store lerretet. Om ein er skikkeleg sugen er vel det meste kinoverdig, men elles lar nok Den Store Prøven seg utmerka oppleva frå sofakroken ein gong i framtida.

Den Store Prøven - Skrive og Regissert av Christian Mungiu, med; Adrian Titieni, Maria-Victoria Dragus, Malina Manovici og Vlad Ivanov. Spilletid: 2 t 7 min. Nasjonalitet: Romania. Premiere: 17.02.17.

Relaterte innlegg