Meny Lukk

“Ekspedisjon Knerten” – Ein familiekjær og spennande, men ikkje for spennande, film for alle

Ekspedisjon Knerten er den fjerde filmen om Lillebror og Knerten. Serien er basert på ein bokserie på 8 bøker, skrive av den kjende barnebokforfattaren Anne Cath. Vestly, kjend frå barnebokseriar som «Mormor og de 8 Ungene» og «Ole Alexander Filibom–Bom–Bom» (og deira filmatiseringar).

Hovudpersonen i filmen, Lillebror (namnet hans so langt publikum vert fortald), flyttar med Knerten og familien til Vestlandet, men draumar om lengre ekspedisjonar, à la Roald Amundsen. Lillebror kjenner ingen på staden frå før, får ikkje snøen å leike seg i som han ynskja seg til jul, og sit dermed mest inne med leika si, Knerten, ein beskjela trekvist, som kun Lillebror kan høyre snakke, men som han i tur har lange samtalar med.

I løpet av kvelden dei pyntar juletreet, forsvinn Knerten sporlaust. Lillebror trur Knerten har dregen ut på ekspedisjon åleine, so medan barnevakta hans (bror hans) er oppteken med kjærasten, snik han seg ut for å gå på sin eigen ekspedisjon i von om å finne att Knerten. Medan mørket legg seg, og med ein snøstorm på veg, legg Lillebror ut på veg mot Vestpolen (som sjølvsagt ligg rett aust(!) for Polen på Europakartet).

Filmen legg handlinga i filmen til familiekonfliktane som typisk oppstår i juletida. Med foreldra er opptekne med juleførebuingar og julebord med nye naboar, og broren med sin nye kjæraste  dreg juletida familien frå kvarandre, heller enn å samle den slik den er meint å gjere. Den openberre konklusjonen av julehistoria i denne barnefilmen ser ein kome på lang veg. Likevel har den ein viss påverknad då den fyst kjem, med kjekke stunder med ein glad familie tett samla i lag under nyttårsrakettane.

Aksel Hennie går fullstendig «Terkel I Knipe» som stemma for Knerten, etter å ha teke over som stemma for figuren etter at den tidlegare rolleinnehavaren, den kjende komikaren, og regissør for tidlegare filmar i serien, Åsleik Englmark (51), døydde i februar tidlegare i år. Elles kjenner ikkje den underteikna att nokon av skodespelarane i filmen. Likevel gjev dei truverdige og over alt kjenslesterke framføringar.

Idet Lillebror legg ut på ekspedisjonen sin, bremsar filmen opp litt, idet han går frå hus til hus å leitar etter reiskap han treng til turen. Mot slutten av filmen, ettersom dramatikken tek seg opp, tek mellombels filmen seg saman, og sluttar på ein emosjonell topp. Sjølv ein med opphavleg lite interesse for barnefilmen, kjenner at ein føler seg involvert i karakterane til slutt.

 

Ekspedisjon Knerten – Regi: Andreas J. Riiser. Skreve av: Jan Trygve Røyneland. Med: Aksel Hennie, Filip Mathias Eide, Henriette Steenstrup, Nils Jørgen Kaalstad, Renate Reinsve, Sjur Vatne Brean. Lengde: 1 t. 14 min. Land: Noreg. Premiere: 17.11.2017. Aldersgrense: Tillatt for Alle.

Relaterte innlegg