Meny Lukk

«De forviste» – Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Midtvinters, på den forblåste spanske vidda, kjem sendemannen Paulino og pakkeselet hans med forsyningar til den utstasjonerte Silverio. Han ville heller hatt noko post med nyhender om familien, men igjen – som alltid – kjem ingenting. Det han i staden får er ein ny partnar, då hans førre nyleg omkom. Det er ingen uriaspost dei har ansvar for, men både kulda og einsamheita kan ta knekken på ein. Det merkast på Silverio kvifor han har haldt seg i live. Han er ein hard mann, truleg herda av kvardagen i den spanske borgarkrigen. Hans nye romkamerat i den vesle steinboksen av ein vaktstasjon er ein yngre mann, Teo, som kjapt visar seg å vera ein dårleg match. Det fyrste han pakkar ut er nemleg ein kross og ein handfull bøker. Prestebøker! Ikkje skjønar han kor viktig det er å halda liv i peisen heller. Teo høyrer openbart ikkje heime på ein slik plass. Begge mennene er misnøgde med situasjonen dei har hamna i, om ikkje av alle dei same grunnane. Teo likar å lesa og skriva, mens Silverio definerast av sitt sakn av kvinnfolk.

Tilværet er grått og miserabelt. Snøen tyngjer både på kropp og sjel og monotonien er eit faktum. Sjekk fellene, hent vatn, hald varmen, sov, gjenta. Kanskje Paulino har med seg vin denne gongen? Filma på ein måte som ikkje strever med å finna det vakre i vinternatta formidlar filmen den dårlege stemninga enkelt. Musikk blir brukt sparsamt, med lyden av vidda ofte som einaste akkompagnement. Vendinga kjem når dei tek til fange ein soldat frå den andre sida. Ein kvinneleg soldat. Her kjem Silverio sine uhumske idéar i konflikt med Teo sin tilsynelatande ideologiske standhaftigheit. Sjølv etter dei kjem til ei viss «einigheit», er den unge katolikken litt på bakbeina til ein kvar tid. Kan dei alle tre overleva vinteren, i lag?

Eg gjekk til denne filmen utan å vita noko meir enn tittelen. Det hadde sjølvsagt vore lett å lesa seg opp på dei fleste detaljer på førehand, men eg er berre glad for at eg ikkje gjorde det. At eg ikkje såg traileren er eg spesielt nøgd med. Versjonen laga for eit engelsktalande publikum er ein klisjéfylt affære som luktar av «oscar-bait» behandling. Den får filmen til å verke mykje meir «episk» enn den er. De forviste er meir som eit intimt kammerspel enn noko anna. Brorparten av dramaet skjer mellom dei tre karakterane som kvar på sin måte er bundne til denne lite heimekoselege fjellstova. Silverio, Teo og polske Zoska er tre komplekse karakterar som filmen prøvar å ta seg tida til å utbrodera. Diverre spelar ikkje den som har redigert filmen heilt på lag med handlinga, og ofte kuttast scenene før dramaet får spelt seg naturleg ut. Filmen hoppar hyppig til etableringsskot av utposten der den står stødig uansett ytre påverknad, noko som minskar effekten av den indre turbulensen.  I tillegg er tvistane ganske greitt telegrafert i forvegen, i alle fall for eit trena auga. Dei lange trekka utan tilpassa filmmusikk gjer at den stikk seg ut når den plutseleg ynskjer å formidla noko, og ikkje på ein god måte.

Som eit lite utsnitt av den spanske borgarkrigen kan det godt vera at det finst eit passande publikum for De forviste. Det er ein krig denne omtalar ikkje har særleg kunnskap til, men filmen verkar gjennomtenkt i sin formidling. Den fordømmer heller det krigen får folk til å gjera meir enn ei side over den andre. I høve til vektklassen den ynskjer å stilla i tematisk er filmen forfriskande kort og konsis. Med ei speletid på skarve 86 minutt bevegar plottet seg kjapt. Sjølv om dette nok er årsaka til at dramaet blir underspela, hindrar det òg at filmen blir kjedeleg.

De forviste (El destierro) - Regissert av Arturo Ruiz Serrano, skrevet av Arturo Ruiz Serrano; med Joan Carles Suau, Eric Francés, Monika Kowalska. Lengde: 1 t 26 m. Nasjonalitet: Spansk. Premiere 18.11.2016. Aldersgrense: 12 år.

Relaterte innlegg