Meny Lukk

«Elias og Storegaps Hemmelighet» – Norsk fisk i internasjonale farvatn

Hei og velkommen til ei overtenking av norsk barnefilm. Eg kjem til å være kveldens vert og ta dykk igjennom den nyaste lanseringa innanfor akkurat denne sjangeren, nemlig: Elias og Storegaps Hemmelighet. Den første Elias-filmen sidan nylanseringa i 2014 er ei klar forbetring frå tidligare utgåver, men vert også hengande etter mykje av konkurransen.

Elias er den lokale redningsbåten i Lunvika og saman med vennane sine Duppe, Tråle, Kruse og Kjapp held dei på å arrangere ein aldri så liten festival. Men akkurat når dei har fått ferdig dei siste forbredelsane bles det opp til storm og Elias må ut å redde fraktebåten Våghals ute ved den uhyggelige grotta Storegap. Denne heltedåden blir godt mottatt i nabobyen Storehamn der Elias snart får tilbod om ny arbeidsplass. Det kan virke som om den vesle redningsskøyta er på veg fram i verda, men alt går ikkje heilt som han hadde sett for seg. Og vondt blir fort til verre når han oppdagar kva Våghals eigentleg dreiv på med ute ved mystiske Storegap.

Det første ein legg merke til når ein ser på Storegaps Hemmelighet samanlikna med tidligare versjonar er det løftet som er gjort i animasjonsarbeidet. Dette er kanskje berre å forvente sidan det er gode sju år sidan sist, men mykje kjem også ned til betre design. Ei stor endring er lyssettinga som skapar både djupe og meir levande bilete. Teksturane er svært gode og havet ser – med unntak frå i stormscener –  nydelig ut. Det å animere ansikta til båtane på ein god måte er på grunn av designet vanskelig, men der er ikkje mykje å seie på utføringa. Generelt,  i norsk samanheng, er det tekniske arbeidet som er gjort strålande, men dessverre når det ikkje heilt opp for å kunne konkurrere med større utanlandske produksjonar.

Og det er her ein av dei store utfordringane til filmen ligg. For sidan 2014 har serien i aukande grad forsøkt å appellere til utenlandske marknadar. På grunn av dette har mykje av det særeigene norske forsvunne ut av manuskripta og miljøa til fordel for meir internasjonale design. Grøne edelsteinar er ikkje norske Olivinsteinar, men heller det fiktive Norvegium og referansar til norsk kultur er bytta ut med hippe vitsar om Instaship og Boatbook. Helst skulle eg sett manusforfattarar legge frå seg humor bassert på orda LOL og ROFL i begynnelsen av tiåret, men her har eg og filmskaparane vidt forskjellege tenkemåtar. På grunn av dette kan vi ikkje lenger berre sjå på filmen som eit forsøk på å lage animasjon som appellerer spesielt til eit norsk publikum, men heller som ein film som vil ut og konkurrere med blockbusterane til Pixar og Dreamworks. Her når den dessverre ikkje opp.

Eit anna problem som ikkje nødvendigvis er for merkbart medan du ser filmen, men som kjem til å farge ettersmaken, er problemet den har med å treffe ei klar målgruppe. I løpet av filmen får vi først høre Markus og Martinius før vi får sjå eit traphop nummer, som nærmast får inspirasjon frå diverse russesangar, før vi mot slutten av filmen blir servert ein helikoptersekvens satt til Wagners Flight of the Valkyries. Litt av ei blanding. Det same problemet finn du i handlinga om ein bygdegut som flyttar til storbyen. Som ny i Trondheim følte eg nesten denne handlinga var meint for meg, sjølv om eg tvilar på at det var meg filmskaparane var ute etter å treffe. Og eg tvilar eigentleg på at mange barn kjem til å kjenne seg igjen i grunntematikken i filmen.

Handlinga slit også til tider. Den kombinerer veldig mange forskjellege historier og greier dessverre ikkje å kombinere dei til ein spennande film. Visse element, som sjølve hemmelegheita i Storegap, forsvinn inn i bakgrunnen i løpet av filmens første halvtime og all spenning som er bygd opp rundt desse elementa er då bortkasta. Samtidig forsvinn andre element heilt frå historia. I filmens univers er der tydeligvis knyta stor spenning opp rundt nordlysets mystiske forsvinning, noko som knapt blir introdusert for sjåaren før filmens avsluttande minutt når det igjen skin på himmelen; hurra.

Elias og Storegaps Hemmelighet er ein film med høge ambisjonar. Det er ikkje mange 3D-featurefilmar som blir laga i Noreg og filmane om Elias mistar ikkje sinn topp-plass blant disse med dette innslaget. Den tekniske kvaliteten er god i forhold til tidligare inkarnasjonar og eit fokus på lys og fokusdjupne plasserer denne filmen klart framfor resten av serien. Men eit aukande fokus på internasjonalisering puttar filmen blant internasjonal konkurranse den dessverre ikkje gjer det særleg bra i. Filmen slit også med målgruppa si og prøvar nærmast å treffe alle, sjølv dei som sansynlegvis aldri kjem til å sjå filmen. Og alt dette kjem på toppen av ei historie som allereie følast langt frå original og veldig lite fokusert. Dette er ikkje ein dårlig film, men har heller ikkje noko potensiale til å bli ein du hugsar i meir enn eit par dagar.

https://www.youtube.com/watch?v=wmIvTjr3KGs

Elias og Storegaps Hemmelighet – Regissert av Simen Alsvik; Spilletid: 1 t. 13 m. Land: Norge. Premiere: 6.oktober 2017. Aldersgrense: Tillat for alle

Relaterte innlegg