Meny Lukk

“Fabeldyr: Grindelwalds forbrytelser” – Meir karakterar, enn det er magi

J.K Rowling har no fått enno meir kreativ kontroll i oppfølgjarfilmen til «Fabeldyr og kvar dei er å finne» frå 2016, som kjem no som ein føreløpar-serie til Harry Potter filmane. Å diskutere denne filmen er umogleg utan å nemne den førre filmen. Den var eit rot. Det var for mange karakterar, og dårleg utvikla handlingsforløp vart i botnen hovudproblemet med filmen. Her slit denne filmen med nokre av dei same problema.

Likevel er det mykje som har blitt forbetra frå film til film. Tonen i filmen er mykje mørkare, og utdjupinga av karakteranes historie er ein grunn for den dunkle stemninga. Dette førar til nokre problem om filmen skal vere ein komedie som den førre filmen, eller meir ein thriller. Det skapar noko forvirring. Historia er mykje meir fokusert enn den første filmen, og kjem med konklusjonar som er mykje enklare og følgje, som samt har betre oppset for dei neste filmane.

Handlingsforløpet er at Fisle (Eddie Redmayne) må hjelpe Humlesnurr (Jude Law). Han vil beskytte Konstans (Ezra Miller) frå Grindelvalds vonde grep, men i motsetjing til det britiske magidepartementet, vil han ikkje få han myrda. Fisle endar opp i eit dilemma der han allereie vart kontakta av magidepartementet for å spore ned Konstans, men takka nei. Derfor kan han ikkje lovleg operere utanfor England. I den første filmen var heile handlinga satt til New York, mens her utspelar handlinga seg hovudsakleg i Paris og Storbritannia.

Redmayne speler Fisle mykje på same måte som i den førre filmen; som ein smart, men eksentrisk mann, med eigentleg ingenting å tape. Hans tendensar og kuriositetar ber med han vidare i denne filmen, og han spelar han grundig.

Høgdepunkta i filmen er nokre tilbakeblikkscener, der du får sjå Fisle og den nyintroduserte karakteren Leta DeMons (Zoe Krawitz), studere på Galtvort. Det er mange delar av filmen som elles tek dei halvbakte handlingane frå den førre filmen, og klarar å organisere dei slik at dei gjer meining. Sjølv om det er mindre rot i denne filmen, vil det til tider vere for mykje som skjer på ein gong. For eksempel verkar tilsynelatande det unødvendige forhaldet mellom Fisle og Tina (Katherine Waterstone) som det har meir substans.

Waterstones karakter er ikkje særleg annleis. Hennar karakter verka nesten som ein typisk unødvendig innblanda kjærleiksinteresse tidlegare, og fyllar ikkje ei særleg anna rolle i denne filmen heller.

Imponerande nok går nesten heile filmen utan nokon stopp, det er få gongar at handlinga får pause. Dei klarar seg nesten heilt utan eksposisjon, som nesten vart forventa i filmar i dag. Det er likevel ei scene som bryt med dette imot konklusjonen av filmen. Her får du fem minutt med berre forteljing, for å forklare kven karakteren er. Heil ærleg kunne dei nok klart seg utan denne scena, men dei prøver å ha ein samanheng mellom dei alt for mange karakterane.

Innblikket i den franske magiverda er flott inkludert, verdsbygging er klart ein av styrkane til Rowling og Yates. Filmens utsjånad er strålande, Harry Potter filmane har alltid hatt nokon av dei beste setta og kostyma i moderne film. Eit pirk for meg vart kinematografien, som til tider verka som det var ein krigsfilm ala Saving Private Ryan, med «shakycam». Desse scenene passa ikkje samst med resten av filmen. Eg hadde og nokre problem med å fokusere på nokre av klippa, djupna verka feil. Eg enda nesten opp med reisesjuke etter delar av filmen som ein konsekvens.

Filmen elles er haldt oppe av det visuelle, samt skodespelarane. Kowalski (Dan Fogler) kjem tilbake i denne filmen, og er minst like underhaldande. Dei forskjellige nye fabeldyra som kjem i løpet av filmen er og alle unike, og interessante mytiske skapningar frå diverse folkeforteljingar rundt verda.

Jude Law spelar Humlesnurr. Han er ein perfekt person for rolla. Eg vart spesielt imponert over stemma hans, der han behald detaljar, og kvalitetar frå begge dei tidlegare Humlesnurr-skodespelarane. Det er ingen «stråleprestasjonar» frå nokre av dei skodespelarane heller, men dei fleste gjer ein meir enn kompetent jobb.

Unntatt Depp. Hans prestasjon som Grindelvald er keisam. Han spelar han som ein typisk slem skurk, og behald lite av det som gjorde Colin Farrells prestasjon bra i den tidlegare filmen. Dei burde heller hatt Farrell spele Grindelvald viss det hadde vert mogleg.

Det er ein tydeleg forbetring mellom film til film, men det er likevel openberre problem med kor mange ting dei vil ha med i filmane. Det er heile handlingar som til tider kjennest unødvendige. For eksempel introduserer dei ein svartspanar som vart gitt i oppdrag å myrde Konstans, men eigentleg jobbar han for Grindelvald. Heile denne karakteren kunne vart fjerna frå filmen, og det ville ikkje eigentleg gjort nokon forskjell.

Å vere oppsettet for den neste filmen er i hovudsak alt filmen konkluderer med – denne historia kunne nok vart fortalt over ein mykje kortare mengd med tid. Eit til innblikk i heile den magiske verda til J.K Rowling, er det filmen eigentleg er. Samt får du servert nokre av dei ikoniske karakterane frå den originale filmserien, som det er sikkert at dei fleste tilhengjarane av universet kjem til å like.

Fantastic Beasts: The Crimes of Grindelwald - regissert av David Yates; skrevet av J.K Rowling; med Eddie Redmayne, Katherine Waterstone, Jude Law, Johnny Depp, Dan Fogler, Ezra Miller; 
Lengde: 2 t. 14 min. Land: England, USA. Aldersgrense: 12. Premiere: 14.11.18

Relaterte innlegg