Meny Lukk

Jupiters Måne – Spektakulær, men svak parabel om flyktningekrise

Gjetord om den ungarske regissøren Kornél Mundruczó nådde mitt hjørna av internettet for nokre år sidan, då filmen hans White God vann Prize Un Certain Regard under Cannes filmfestival i 2014. Den er visstnok eit visuelt slåande magisk realisme-drama, med ein hund i hovudrolla. Med Jupiters Måne held Mundruczó på magien både visuelt og plott-messig – han er unekteleg ein teknisk dyktig regissør – men når ikkje heilt dei høgdene han siktar etter med forteljinga elles.

Ein av månane til Jupiter deler namn med vår verdsdel, Europa, eit namn begge får frå ei kvinne i gresk mytologi. Europa i myten er ei av mange kvinneskikkelsar derfrå som er skildra i samanheng med guden Zevs sitt utsværmane kjærleiksliv. Men sjølv om filmen inneheld eit overnaturleg element, er det klart kontinentet me skal relatera oss til. Den kastar oss nemleg inn den syriske flyktningskrisa.

Filmen byrjar med eit mislukka forsøk på år kryssa umerka inn i Ungarn via båt. I det som kanskje er den beste sekvensen i heile filmen fylgjar me den unge mannen Aryan Dashni, som svømmer og spurtar frå myndigheitene, mistar kontakten med far sin, og blir til slutt skoten fleire gonger. I staden for å blø ut og døy skjer det noko uforklarleg, og han byrjar å utvikle overnaturlege evner. So langt er alt spektakulært fortalt, og scenene der han spring for livet gjennom skogen er særs medrivande. Korleis eller kvifor har han fått desse evnene, og til kva symbolsk nytte skal dei kome i denne forteljinga? Ingen av desse spørsmåla får tilfredsstillande svar.

Den skruppellause legen Gabor Stern kjem over Aryan i ein flyktningeleir, og etter å ha kome seg frå sjokket får han fort dollarteikn i augo. Han nyttar den visuelle manifestasjonen av desse engleaktige kreftene til å lure rike pasientar, samtidig som han lovar å hjelpe Aryan med å finne att far sin. Samtidig jaktast dei på av myndigheitene, leia av ein kjenning av Gabor – mannen som skaut Aryan til å byrje med.

Aryan opplevast som overdrive naiv, og det er eigentleg berre to ting me lærar at han vil: finne att far sin, og ete «french fries». Samtidig er han ikkje so verst i engelsk, og dei mest overberande samtalane mellom han og Gabor vert halde på det språket. Dette grepet gjer ting litt enklare å forstå for oss ikkje-ungararar, men framhevar berre det banale i vekslingane. Gabor har personlege problem knytt til gud og alkohol, og har sterke meiningar om kva som er gale med det ungarske samfunnet. Eit par forkynnande monologar, nokre farse-nærande scener, eit feila kjærleiksforhold, og ein terroristaksjon seinare skal dei begge ha nådd fram til nokre høgare sanningar. Vel…

Som nemnt kan eg ikkje klage særleg på det tekniske her. Mandruczó manar fram fleire eineståande sekvensar, som i ei strammare forteljing hadde stått ut med glans. Diverre rotast desse inntrykka bort i eit mylder av svakare scener, og ein gjenbruk som minskar effekten. Sjølv den gode, unikt filma biljakta varar akkurat for lenge til å nytte spenninga rett, og det som skulle vore eit overraskingsmoment fell flatt. Verken Gabor eller Aryan maktar å engasjere. Fyrstnemnde sin litt for klisjéfylte frelsehistorie blir for svak, mens sistnemnde manglar noko som helst å gripa tak i. Det filmen skulle ha å seie om flyktningekrisa, det ungarske samfunnet i høve til religion, eller generelt om menneskeheita blir for ufokusert.

For å låne eit engelsk uttrykk og tvangsomsetje det til eiga bruk: filmen skyt etter månen, og bommar, men landar ikkje mange stjerner av den grunn. I alle fall ikkje i mi bok.

Jupiters Måne - regissert av Kornél Mundruczó; Skrive av Kata Weber; med Merab Ninidze, György Cserhalmi, Mónika Balsai, og Zsombor Jéger; Lengde: 2 t. 03 min. Land: Ungarn. Aldersgrense: 12 år. Premiere: 10.11.2017.

Relaterte innlegg