Meny Lukk

Karsten og Petra Lager Teater – Lettbeint men vellukka Barne-TV

Innleiingsvis vil eg innrømma at eg ikkje har noko særleg forhold til Karsten og Petra-serien, verken i bokform eller på film. Eg visste om dei, sjølvsagt, men vart veldig overraska over å finna ut at dette ikkje berre er sjette film til dags dato, men òg den andre i rekkja til å kome på kino i år! Då gjev det veldig meining at filmen byrjar so rett på som den gjer. Ingen langtekkjeleg introduksjon av verken dei to hovudkarakterane, Duestien Barnehage, der mesteparten av handlinga finn stad, eller evnene til dei «levande» kosedyra deira.

Og det er eigentleg berre greitt. Handlinga startar rett på, med heile barnehagen på tur for å sjå dokketeater. Meir enn noko anna kjennast denne filmen ut som ein ekstra lang spesialepisode av TV-serien som gjekk på NRK, men med andre barneskodespelarar i rollene. Så vidt eg forstår er det kontinuitet mellom desse, med dei same skodespelarane i dei vaksne rollene, og dei same kosedyra og stemmegjevarar.

Etter å ha sett dokketeateroppsetting av Tornerose finn både Karsten og Petra nye interesser. Karsten vil vere lysteknikkar, medan Petra vil opptre. Når dei i barnehagen seinare treng koma på noko å gjere for ei innsamlingsaksjon har dei ideane klare med ein gong. Med hensikta å samle inn pengar til elektrisk lys til barn i India samarbeider barna om å skrive ein musikal.

Duestien barnehage opplevast som ein nær utopisk stad der barna nesten berre kjem overeins, og dei få småkranglane som oppstår er kjapt glatta over av dei vaksne. Petra er ein veldig stor personlegdom, og det blir ørsmå gnissingar med ei av dei andre jentene. Heldigvis blåsast dette ikkje opp på nokon måte, og gjennom konstruktiv dialog, gaida av dei vaksne, løysast ting kjapt. Det er generelt få sure miner i denne filmen.

Dette er ikkje ein film som baserer seg på intriger og konflikt. Små hinder dukkar opp, og er kjapt hoppa over med ein god idé eller to, som regel takka Karsten eller Petra sjølv. Utanom det som skjer i barnehagen er det eit lite sideplot om ei mus som har invadert heimen til Petra, samtidig som dei fuglesit kakadua Taco. Dette opplevast mest som humoristisk tidsfordriv innimellom viktigare ting.

Når det kjem til stykket er Karsten og Petra lager teater sannsynlegvis akkurat det du er ute etter om du kjøper billetten. Det er eit tekkeleg barnedrama utan særleg overdriving, og ingen dårlege forsøk på subtile frieri til eldre publikum. Det er lukkelege familiar som har lukkelege, aktive barn med sunne interesser, og alle hjelper alle til barnas beste. Det er kanskje eit glansbilete, men sånt kan jo vere kjekt å samla på.

Karsten og Petra lager teater - regissert av Arne Lindtner Næss og Aurora Langaas Gossé; Skrive av Arne Lindner Nøss; med Oliver Dahl, Alba Ørbeck-Nilssen, Janne Formoe, Hilde Lyrån og Tone Johnsen; Lengde: 1 t. 21 min. Land: Noreg. Aldersgrense: Tillatt for alle. Premiere: 27.10.2017.

 

Relaterte innlegg