Meny Lukk

«Kongens Nei» – Ein overflatisk historietime

Kongens Nei er den nyaste filmen frå Erik Poppe, regissør av blant anna ‘Tusen Ganger God Natt’ og ‘Hawaii, Oslo’. Den skildrar hendingar rundt Tysklands invasjon av Noreg i April 1940, og skal fokusera på dette som filmen kallar «eit unikt inngrep» i norsk historie.

Filmen opnar med ein tonesetjande tittelvignett beståande av filmklipp frå den tida. Handlinga tek til på Skaugum, der me møter Kong Haakon VII som leiker med barnebarnet sitt, vår noverande Kong Harald V. Jesper Christensen gjer seg straks veldig godt som vår rakrygga og folkelege konge. Han makta å osa av majestet i eit augeblikk, for so å vera tullete bestefar i det neste. Me blir vidare introdusert for Kronprins Olav, som med ein gong blir satt opp som ein slags antagonist. Han meiner at Kongen burde ta meir del i krigsavgjerslene, sidan regjeringa – og spesielt statsminister Nygaardsvold – er svake. Kronprinsen opplevast som ein sutrete kar som har kraftige, men lite gjennomtenkte meiningar, og kongen behandlar han deretter.

Moglegheita for invasjon frå havet ligger tungt over hovudstaden, og når mørket legg seg byrjar det som med god margin er det beste partiet i filmen. Nattas mulm er til å ta på. Tyskaranes sendebod, Herr Braüer, møter ei regjering som samlast i stearinljos, og spenninga stig når dei avslår tilbodet om overgjeving. Når innkomande fiendtlege skip i etterkant blir spotta ved smart bruk av fyrtårn kjenner me redsla. Senkinga av Blücher visast i ein særs godt gjennomført spenningssekvens, der både rådsnøgga til Oberst Eriksen og krafta til det norske artilleriet på Oscarsborg kjem godt fram. Salen rista då elden vart opna.

Kongefamilien bestemmer seg for å rømma hovudstaden saman med regjeringa. Resten av handlinga i filmen ustpelar seg mens dei gradvis gøymer seg lengre og lengre vekk frå Oslo. Fyrst tek dei toget til Hamar. Kong Olav blir noko motvillig med, og den endelege avgangen frå jernbanestasjonen kunne vore ei rørande hending om ikkje musikken hadde jobba alt for hardt mot akkurat det. I mykje av filmen er musikken vevd bra inn i handlinga, men i dei mest emosjonelle scenene hamrast det litt for mykje på «dei rette strengane».

Det blir snakka mykje fram og tilbake om forhandlingar, og eit av sideplotta handlar om sendebodet Braüer, som jobbar hardt for å unngå kringshandlingar på norsk jord. Han får nei frå «den svake» regjeringa ved fyrste overgjevingstilbod, men fortsetter å anstrenga seg. Etter personleg oppfordring frå Hitler er det Braüer som til slutt eskalerer Kongens rolle i forhandlingane. Knyta til desse forhandlingane er eit av dei stø«rste problema med filmen. Den norske regjeringa er i utgangspunktet veldig for å forhandla med tyskarane, og gjentar dette standpunktet fleire gonger. Men dei synast ikkje å ha andre, betre val enn å svara nei på tyskaranes forslag, for so å gå inn i krigen på England si side. Det kjem aldri fram kva dei har å forhandla om. Liknande er det når Kongen og Kronprinsen diskuterer. Kronprinsen roper etter sterke avgjersler og Kongen ber han halde kjeft og tenkje, men me får lite innsikt i kva som faktisk kan gjerast, eller kva fylgjer vala kan få i kvar retning. Det er nok ikkje alle som ynskjer veldig djuptgåande historieleksjonar når dei går på kino, men for ein film som skal dramatisera omstenda rundt eitt spesifikt val tatt under krig, ein stolt «unik» augeblink i vårt lands historie, so blir detaljane for overflatiske.

Medan det på ei side jobbast hardt med forhandlingar, har dei tyske invasjonsstyrkane sine eigne ordre og merkbart mindre diplomatiske mål i augo. Dei er på sporet av regjeringa og kongefamilien, og deira møte med Garden står for filmens andre store spenningssekvens. Garden består av ein gjeng alt-for-unge gutar og ein litt-for-merkbar NRK-programleiar. Den alt-for-yngste guten i troppen får ei ørlita handlingslinje som er for lite utvikla og utslagsgjevande til å vere noko anna enn ei sann historie. Når Garden og tyskarane til slutt vekslar skot er dette filma ganske bra. Det varar ikkje veldig lenge, og er ikkje noko særleg brutalt, men det var spesielt eitt kult POV-skot som verkeleg skapte intensitet.

Jamt over blir Kongens Nei litt for lite minneverdig. Filmen har gode skodespelarar i dei fleste roller og upåklageleg tidriktig produksjonsdesign. Men etter den flotte bygginga og utløysinga av spenning rundt senkinga av Blücher held resten eit litt labert tempo. Sjølv etter me får vite at tyskarane er på sporet stiger ikkje pulsen mykje. Koner og born blir sendt vekk so mannfolket kan ta det med ro.  Når Kongen mot slutten samlar motet til å gje sitt tittelgjevande «NEI» har det ikkje blitt formidla nok om kvifor denne avgjersla er so monumental at det er laga film om den.

Kongens Nei - Regissert av Erik Poppe, skrevet av Harald Rosenløw Eeg og Jan Trygve Røyneland; med  Jesper Christensen, Anders Baasmo Christiansen og Tuva Novotny.
Spilletid: 2t 13min. Land: Norge. Premiere: 23.September Aldersgrense: 9 år.

 

Relaterte innlegg