Meny Lukk

Kosmorama 2018: Stemningsrapport – Dag 5

Killing Jesus
Killing Jesus

 

Når eg sette meg ned for dagens første film oppdaga eg raskt at eg snart kan sitere begge dei to reklamane utanåt. Ja, Mini Countryman og Kjedlbergs Kaffe, I get it, reklame, ja. Uansett byrja dagen med Killing Jesus som falt innanfor den markerte sjangeren som er årets New Director-filmar utgjer. Det er fint og sjå at kameramenn med Parkinsons også får prøve seg, men dei mange handholdte kameraføringane kan tidvis blir litt irriterande å sjå på. Historia om ei jente som blir kjæraste med faren sin mordar i håp om å ein dag kunne ta hemn er trass dette interessant. Den leverer kanskje ikkje alltid, men den har sine augneblikk.

Yol
Yol

Frå denne filmen laga av ein ny regissør gjekk eg vidare til ein film frå ein svært gammal regissør. Som ein del av festivalens kurdiske program vart ein restaurert versjon av filmen Yol frå 1982 visst. Dette var for meg eit lite høgdepunkt. Filmen, som omhandlar ei rekke kurdiske fangar på permisjon, er ei strek og intim skildring av livet i denne delen av verda. Eg har sett tematikkar frå denne filmen tatt opp før, men her får vi eit mykje nærare og sårare blikk på desse. Dessutan er det ein tidvis ekstremt vakkert film. Heilt klart innanfor kategorien: “Europeisk film frå 1980-tallet”, men om dette ikkje er nok for å skremme deg vekk meiner eg denne definitivt er noko å få med seg.

Hatets Vugge
Hatets Vugge

Det er ikkje å unngå at Trondheimsreisen er ein film som har dratt særs mange menneske på festival. Så når det plutseleg var stor kø i kinoen var det derfor heilt på sin plass når eg og nokon eg satt saman med kommenterte: “Skal dei vise Trondheimsreisen igjen?”. Men til vår store overrasking var det ikkje nokon visningar av denne filmen satt opp akkurat då. Køa var heller for den andre trøndersk-produserte dokumentaren som visast i år, Hatets Vugge. Denne handlar om høgrebølgja som har ramma Europa og meir spesifikt høgreekstreme partiet Golden Dawn i Hellas. Filmen gjer ein god jobb med å vise faretruande tendensar i denne typen parti, samtidig som den har fått fanga fleire sterke bilete som viser kvifor desse er viktige å følgje med på. Godt jobba guys!

Excavator
Excavator

Slutten på dagen vart fort brutal. I et håp om å få med meg mest mogleg film sette eg inn to filmar back to back på slutten av dagen. Dei overlappa med tre minutt og eg måtte derfor finne meg i å springe frå sal til sal. Først ut var dagens andre New Director-film Excavator. Med ei historie som omhandlar ein veteran som både bokstaveleg og figurativt grev opp fortida og minner frå ein massakre han tok del i, treff den eit sårt tema som ein sjeldan ser tatt opp på film. Excevator fortell denne på en måte som både er visuelt slående og moralsk provoserende.

Jeg Vet Hvem Du Er
Jeg vet hvem du er

Rulleteksten hadde berre så vidt fått begynne før eg kasta meg i veg til neste film. Eg var eigentleg ganske gira på eit toalettbesøk, men kven har vell tid til det? Så bra at den neste filmen eg skulle sjå berre var ein skrekkfilm då, null stress. Det som også var ganske fint var at islandske Jeg vet hvem du er kanskje er den skumleste filmen eg har sett frå årets Ramaskrik-program. Skrekken kjem i hovudsak frå ei rekke jumpscares og overtydelige musikalske hint, men eg vart i alle fall redd.

Siste visning i dag slutta seinare enn andre dagar så eg måtte derfor finne meg i å ta nattbuss heim. Medan eg venta på bussen vandra eg bort til 7/11 ved Samfundet for å skaffe meg litt nattmat og tok bussen vidare derfrå. Medan eg stod og venta vart eg haldt med selskap av ei rekke folk som sikkert hadde fått i seg ein dram eller to for mykje. Det var for så vidt hyggeleg det, men eg skjønner ikkje at dei orkar å stikke ut i dag. Veit dei ikkje at det er Kosmorama?

I morgon skal eg endeleg få sjå den filmen som eg lenge har peika ut som den med det morosamaste namnet i år, Mr. Gay Syria. Som ein dokumentar med eit veldig interessant skråblikk på homofili i Midtausten kan det fort bli ein engasjerande film. Eg skal òg endeleg få sjå Jordbærstedet, som eg av ein eller annan grunn ikkje har sett, sjølv om den skal vere eit av Bergmans beste. I tillegg byr dagen på behandlingar av døden gjennom alt frå skrekkfilmen The Ravenous til dramaet Dying. Det er berre to dagar igjen av festivalen, men filmar er det langt frå mangel på.

Relaterte innlegg