Meny Lukk

Kosmorama 2018: Trondheimsreisen

Den store begivenheten under årets Kosmorama er premiera på dokumentarfilmen Trondheimsreisen, og med ørten visningar per dag og eigne trikkreiser for dei som ønsker å ankomme i stil er det vanskelig å gå glipp av den. Traileren har rulla i forkant av kinofilmar sidan året starta og nye visningar har blitt satt opp etter at dei første vart utsolgt, men lever den opp til dei enorme forventningane både filmskaparane og Trondheimspublikummet har til den?

 

For filmen er nett det den kallar seg, ei reise gjennom Trondheim frå dei første gongane byen vart fanga på film og fram til i dag. Dette lappeteppet er satt saman av ei rekke filmklipp frå dokumentarfilmskaparar på besøk i byen til heimevideoar som folk har hatt liggande i kjellarar og på loft. For å hjelpe til med å fortelle denne historia har trønderar vorte intervjua for å fortelle om sitt forhold til byen. Det ferdige produktet dekkar alle viktige hendingar i Trondheimshistoria frå kroninga av Håkon VII til Brann mot RBK på Lerkendal.

 

Det er kanskje dette spennet filmen slit mest med å overkomme. Tema som omhandlar solidaritet og byfelleskapet er gjennomgåande, men filmen følger også mange lause trådar uten å grave i dei for å komme til noko konkret konklusjon. I ein sekvens vert byen si forferdelige behandling av jødane under okkupasjonen nemnt, men temaet passerer fort og vi returnerer til bilete av frigjeringa og folkefest i gatene. Tema som dette som kunne blitt til ein handfull dokumentarer forsvinn inn i mylderet som er Trondheimsreisen og eg satt ofte att og følte meg nærmast irritert over at interessante emner vart forbigått i jakta etter å fortelje den neste lille biten av historia.

 

Men sjølv om historia kan virke merkelig inndelt og til tider mållaus er måten den vert fortalt på til tider magisk. Alt lydarbeidet som har gått ned i dette prosjektet fortjener verkeleg å bli lagt merke til. Du kan sitte å sjå på filmklipp frå 10 og 20-tallet i fleire minutt før det plutseleg treff deg at det du ser egentlig er stumfilm, og at alt av lyd har blitt produsert i ettertid. Før du i det heile tatt får sett noko faktisk film treffer det rike lydbiletet deg med måkeskrik og bylarm og dette vert verande med deg gjennom heile filmen og knytter sammen dei mange og høgst forskjellige klippa den består av. Med dette får den også god hjelp frå det enkle, men funksjonelle, musikkstykket som med forskjellig instrument og variasjonar ringer som ei ekko gjennom heile filmen.

 

Det må òg seiast at filmen sin lokale natur også merkast når ein ser den. For ein som meg som ikkje var født med trønderbart og amma på karsk kan filmen til tider kjennest litt vell ekskluderande. Studentane i Trondheim er jo tross alt Noreg sine beste studentar og Trøndelag Teater er jo tross alt Noreg sitt beste teater og historia til Trondheim er jo tross alt den beste historia i Noreg. Ser du kva eg meinar? Men filmen er ikkje tvers gjennom regionalistisk og sjølv om du ikkje vandrar rundt i gatene i ei “RBK-skjort” medan du påpeikar likheiter mellom Hansa-øl og vatn kan du uansett lære noko av denne filmen. Og det å vandre gatelangs i Trondheim blir ikkje heilt det samme etter å ha sett den.

 

Trondheimsreisen er eit ambisiøst prosjekt og det å knytte sammen ei historie som går over hundre år og involverer ein heil by til ein 80 minutter lang dokumentar går omtrent like bra som ein skulle tru. Men ser ein forbi dei strukturelle problema filmen slit med får du ei historie som gjennom fine bilete og ei framifrå lydside blir fortalt svært godt. Den nyankomne studenten blir tilbudt eit historisk perspektiv på byen dei befinner deg i. Den meir hardbarka regionalisten kjem sikkert til å kjenne tårene i augekroken når filmen triumfant konstaterer “det het itj Trondheim, men Trånjæm, sjø”. Sjølv om det er vanskelig for meg å kalle dette eit “must” under årets Kosmorama er det ingen dårlig film og ein av dei mange visningene kan fint fungere som ei velfortjent pause frå meir trauste kunstneriske europeiske prosjekt. Sjølv om språket sikkert ikkje er mykje lettare å forstå for dei fleste.

Relaterte innlegg