Meny Lukk

Kosmorama 2020 – Dag 5

Peder må dessverre ta seg litt fri fra festivalen for å arbeide med skoleoppgaver. Jonas er uansett sterkt til stede i diverse kinosaler, og har fått med seg to gode filmer og en svært (svært!) dårlig en.

Tilståelsen – regi av Costa-Gavras

Tilståelsen gjekk på Kosmorama som del av regissør-programmet, som i år gav fokus på den fransk-greske Costa-Gavras sin filmografi. I forhald til kva «Tilståelsen» tek føre seg, har eg lite problem med å kalle det ein totalt gjennomført film. Basert rundt ei ureining i det sovjetisk kontrollerte Tsjekkoslovakia på 50-talet, ei enormt grundig framstilling av hendingane vert presentert med meisterfull stil. Costa-Gavras går i djupna på formene av psykologisk og fysisk tortur ein kunne forvente å vere utsett for i dei dunkle fangekjellarane styra av hemmeleg politi. Gerard (Yves Montand) vart tvungen til å tilstå til forbrytingar han aldri har føretatt, og mistar dermed sin tru på Sovjetunionen. Sanninga er ikkje så viktig som førestillinga ein kan skape basert rundt faktum.

Eg såg fleire parallellar til «Nineteen-Eighty-Four», George Orwells briljante dystopiske forteljing. Forskjellen ligg i at her er hendingane basert på verkelegheita, spesifikt memoar frå vår hovudkarakter sin verkeleg motpart Artur London. Innblikket ein får i korleis hemmeleg politi opererte i austblokkland etter andre verdskrig er sjokkerande. Justismorda som kjem som ein konsekvens av rettssaka mot politikarane implisert i eit komplott mot den kommunistiske sak er enda meir skremmande. Dette er ein politisk thriller som interesserte meg grenselaust. Den er å rekne som ein av dei mest fullverdige filmane eg har oppleva.

Let there be Light – regi av Marko Skop

Det er sjeldan ein får sjansen til å sjå Slovakisk film, og med tema som radikalisering av ungdommen, kyrkja, og krafta lokalsamfunn framleis kan ha over individ og tilknytinga mellom høgreekstremistar var dette noko eg er glad for at eg fekk med meg. Marko Skop skapar eit nyansert og diverre svært realistisk syn over kvar som eigentleg kan vere konsekvensane av dagens politiske landskap. «Let There be Light» legg ikkje skjul på kva den forsøk og formidle, men tek seg framleis tid til å etablere kven karakterane er for at å innsjå kor lite innflyting ein kan ha på andre sine meiningar og førestillingar. Dette tydar også diverre at starten vart litt treig, men når filmen kjem i gong er det ingenting som kan stoppe den. Enormt tidsaktuelt drama, «Let there be Light» står igjen for meg som ein av dei sterkaste filmane på Kosmorama, samt filmen med høgst grad av realisme.

Dead Dicks – regi av Chris Bavota og Lee Paula Springer

Festivalens botnpunkt, «Dead Dicks» opnar på eit nummer for ei sjølvmordshjelpeteneste. For ein film som gjer dette, er den ufatteleg uansvarleg i korleis den taklar tematikken om å ende sitt eige liv. I går såg eg – og skreiv om – «Dance with Me». Også ein film i alle fall til dels om sjølvmord, men som forstår seg på temaet, og korleis menneskelege relasjonar faktisk fungerer. Dialogen i denne kreften av ein film tek plass i eit manus-vakuum, der prestasjonane tek livet av kvar einaste emosjonelle moment den forsøk seg på. Skodespelarprestasjonane er latterleg dårlege, bokstavelig talt, der dei er så dårlege at eg ikkje klarar anne enn å le. Når filmens høgdepunkt er sentrert rundt kor dårleg Matt Keyes rolle som naboen til hovudkarakteren er, veit du at noko er på avvege. Til sjuande og sist er dette framleis ein film eg tek med i grava, fordi den er så smertefullt dårleg at eg enno er irritert over å ha valt og sjå den. Den funkar heller ikkje som ein skrekkfilm, sidan kvar einaste «skumle» augeblikk vart øydelagd av eit mangel på evne til å skape levande bilete. Konseptet i seg sjølv er einaste grunnen for å tenkje på å sjå filmen, diverre, uansett kor moro det høyrast ut er dette langt ifrå ein film som har noko å teke med vidare i livet.

– Jonas

Relaterte innlegg