Meny Lukk

“Livet etter døden” – Artig løysning på eit vanskeleg tema

[usr=4]

Då kona til Nisse døyr, sit han og den sørgjande sonen att med å ordne gravferda. Nisse, som er bestemt på at han har sørgja nok i kona si sjukdomstid, vil få det heile overstått så fort som mogeleg slik at han slepp å tenkje meir på det. Dette skal vise seg å bli vanskeleg då familie og vener av kona tar kontakt for å vise si støtte gjennom denne utfordrande tida.

Livet etter døden handlar om sorg. Nisse blir spelt godt av Peik Stenberg, og gjer ei truverdig framstilling av ein mann som ikkje vil vise at han har det vondt. Dei andre skodespelarane gjev også gode framsyningar av folk i sorg. Sjølv om temaet i filmen er veldig dystert, klarer den å vere ganske morosam trass i at stemninga er trist. Det som byr på den småleg mørke humoren i Livet etter døden er Nisse si oppleving av å desperat prøve å få ordna gravferda så fort som mogeleg, og frustrasjonen han kjenner på når det ramlar inn blomar og telefonen ikkje sluttar å ringje. Dette funkar godt, og eg tok meg sjølv i å trekkje på smilebandet eit par gongar.

Tempoet i filmen er veldig seint, noko som passar bra med temaet. Den sakte utviklinga vert brukt på ein god måte når det kjem til å skildre ei tid i livet som går sakte for mange av karakterane også. Dessverre kan den til tider gå litt for sakte, og eg følte at det var stunder der eg datt litt ut av handlinga. Sjølv om dette skjedde ved eit par anledningar er ikkje handlinga spesielt innvikla, så det er lett å hente seg inn att.

Livet etter døden er i alt ein ganske artig film om eit av livets vanskelegaste tema. Sjølv om den til tider går sakte, er den framleis underhaldande. Regissør Klaus Härö har her laga ein film som er trist og morosam på ein måte som endar opp med å bli ei ganske rørande forteljing om sorg, menneskjer og kor kompliserte dei er. Dette er absolutt ein film å ta tida til å få med seg.

Livet efter döden - Regi: Klaus Harö, Manus: Klaus Harö; med Peik Stenberg, Martin Paul, Lena Labart, Sara Arnia. Spilletid: 1t 21m. Land: Finland. Premiere: 30.10.2020. Aldersgrense: Tillatt for alle

Relaterte innlegg