Meny Lukk

Logan – Eit verdig raserianfall av ein avskjed

Dette er superheltfilmen me lenge har trudd studioa ikkje ville tørre å lage. Kanskje som ein direkte konsekvens av suksessen til Deadpool: her kjem ein Wolverinefilm med amerikansk 17-årsgrense (eller «R-rating» som dei kallar det). Det betyr meir blod, særs mykje banning, og viktigast av alt, større konsekvensar enn nokon gong før. Logan er den siste solo-X-Men-filmen Hugh Jackman har kontrakt på å gjere, og for ein avskjed dei gjev han!

Året er 2029. Tigeren har blitt utrydda, motorvegane er fulle av sjølvstyrde trailerar, og det har ikkje vorte fødd ein mutant på 25 år! Me møter ein sliten, synleg aldrande Logan. Full av arr og sinne. Han forsøkjer å ligge lågt og tene pengar som sjåfør, men som den mest gjenkjennelege mutanten – i filmverda som i røynda – er trøbbel diverre alltid i nærleiken. Eit potensielt lukrativt frakteoppdrag førar med seg besøk frå ein robotarmveivande leigesoldat (Boyd Holbrook, kjend frå Narcos) som spør fint om samarbeidsvilje frå Logan. Tipp ein gong kva han svarar…

Det som fylgjer er ei filmoppleving som skil seg kraftig ut frå alt anna i X-Men-universet. Deler av den kan nesten kallast for roadtrip-film. Logan må på rømmen, saman med ein nær kraftlaus Charles Xavier (Sir Patrick Stewart) og ei lita mutantjente ved namn Laura (nykommaren Dafne Keen), som er katalysatoren oppi det heile. Ho ynskjer å kome seg til ein stad i Nord-Dakota som skal vere trygg for mutantar, og set all sin lit til desse svekka heltane. Hakk i hel jagar ein tilsynelatande uendeleg hær forkastelege soldatar, den førnemnde stålforsterka skurken, og noko som er mykje, mykje skumlare. Formatet gjev rom for både heftig brutale actionscener òg noko av det beste dramaet denne franchisen har skapt på skjerm.

Jackman har alltid vore fenomenal som Wolverine, men er her kanskje betre enn nokon gong. Altfor mange mannsaldrar med vald og smerte, fysisk som psykisk, har stabla seg opp nok til verte godt synleg på utsida. Logan er ein karakter langt på veg definert av raseriet sitt, men aldri so mykje som i denne filmen. Det brølast og bannast nesten parodisk mykje, men berre nesten. Etter 17 år og 9 filmar kjennar me han godt nok til å skjøne kor all den smerta kjem frå, og med den heva aldersgrensa kan regissør James Mangold la Wolverine gå fullstendig amok.

Det er ingen andre superheltar som har blitt spela like lenge av same skodespelar som Wolverine, og det å skulle ta farvel med Jackman gjev filmen automatisk meir tyngde. Men det betyr heldigvis ikkje at filmskaparane har kvild seg merkbart på laurbæra. Logan er forseggjord på alle måtar, med nyvinningar visuelt samt emosjonelt. Den gjer dobbeltarbeid som ein kulminasjon av den lengst samanhengane karakterskildringa i teikneseriefilmhistoria og ei veksling av stafettpinne, meint for å klargjere scena for den neste generasjonen av heltar. Det vil nok ta tid å bli vand med fråværet til Jackman, men denne filmen skapar betydeleg spenning for dei som skal kome etter.

 

Logan – Regissert av James Mangold; med Hugh Jackman, Patrick Stewart, Dafne Keen, Boyd Holbrook, Richard E. Grant, Stephen Merchant.
Spilletid: 2 t. 17 m. Land: USA. Premiere: 3. mars 2017. Aldersgrense: 15 år

Relaterte innlegg