«Løvetannbarn» – Årets beste (barne)film?

Okei, okei, det er nok vel hyperbolsk av meg å påstå noko sånt sopass tidleg i året, men det er ein indikator på kor positivt overraska eg vart av denne sveitserfranske animasjonsfilmen. Med filmar som denne, som kom ut i større marknader i 2016 og vart Oscar-nominert og greier, so byggar gjerna forventingane seg veldig opp. Men då eg reint tilfeldig satt meg ned til Løvetannbarn under årets Kosmorama-festival var det omtrent utan førehandskunne. Det angrar eg ikkje på!

Filmen startar litt mørkare enn ein gjerna venta seg i ein film so openbart retta mot barn som denne.  Me blir introdusert til hovudpersonen «Løken» og den alkoholiserte mora hans. Ikkje lenge etter er Løken årsak til ei ulykke som dreper mora, og han må flytte på barneheim. So langt – so trist. Men det tek seg heldigvis opp.

Dette er ein film som verkeleg lar barn vere hovudpersonar, utan å tillegga dei overdreven modnad eller måtte skape urealistiske konfliktar. På barneheimen møter Løken ein gjeng ungar. Dei kjem frå ulike bakgrunnar og har alle heilt eigne ting dei slit med. Konfliktar oppstår sjølvsagt, blant anna med ein bøllete eldre gut, men i staden for ein tradisjonell «dei snille mot dei slemme»-vinkling får barna sjølv kome fram til måtar å kome overeins på. Dialogane mellom barna er påfallande godt skrive, og det gjer at nokon scener er ekstra morosame å sjå for dei eldre. Spesielt deira undringar om kva det inneber å vere kjærester er hysteriske!

Etter den dystre byrjinga med dødsfallet av ein forelder går feelgood-kurva til Løvetannbarn berre oppover, utan at det går ut over i rein tullball. Filmen tør å gå nært innpå tøffe tema innimellom lystig moro. Barna får takle sorg, mobbing, forelsking og separasjon omtrent på eigenhand, og den obligatoriske lykkelege slutten er absolutt fortent. Det er eit vakkert stop-motion eventyr satt i røynda, med berre gode leksjonar om venskap og samarbeid, blant mykje anna. Rett og slett ein av årets beste filmar – uansett sjanger.

Løvetannbarn - Regissert av Claude Barras, skrevet av Céline Sciamma, med; Petter Blom-Hellum , Jesper Leporanta, Oda Sundsbø, Leon Lycke Essén og Johanne Holth-Høgset. Nasjonalitet: Sveits, Frankrike. Lengde: 1 t 6 min. Premiere: 07.04.17.