Meny Lukk

“Når jeg faller” – Innblikk i ein skapnarkomans liv.

Joachim må bestemme seg om han skal verta nøktern for å ta seg av ein son som han ikkje eingong kjenner, eller om han atter ein gong, ikkje skal vere der for barnet?

«Når jeg faller» er ein atmosfærefilm som visar ei menneskeleg side av livet til ein narkoman. Filmen taklar alvorleg tematikk, og set karakterane sine i moralske kilevinkar. Joachim (Preben Hodneland) er ein tidlegare narkoman som har gjennomgått rehabilitering. Uvisst for familien, så rusar han seg framleis. Joachim slit med å halde på jobben sin og framleis kunne sponse sin eigen avhengigheit. Han lev eit splitta liv, mellom å dope seg og å feste, samt å framstille seg sjølv som nøktern til familien sin. Spesielt far til Joachim vart ein viktig støttespelar, og sponsar ruset utan å vete om det. Midt oppi dette vart den tidlegare kjærasten, og mor til sonen hans, Maria (Alexandra Gjerpen), fengsla for narkotikabeseting. Derfor vert Joachim kontakta for å passe på sonen deira, først berre i nokre dagar, men seinare får han vete at dette vert på usikker tid.

Filmen tek opp desse alvorlege etiske spørsmåla om kva som er rett, er det meir rett at han som ein rusavhengig skal få teke seg av sitt eige barn, sjølv om han har tydelege problem og manglar? Eller skal barnet vekse opp via barnevernstenesta, utan sine eigentlege foreldre. Det er fleire scener i filmen då Joachim behøv å ruse seg, så han fer på toalettet mens sonen må vente utanføre i mellomtida. Sonen, Lukas (Marius Aandal Pedersen), har hamna oppe i ein situasjon som han har ingen kontroll over. Frustrasjonen over Joachims mangel på sjølvkontroll bygg seg opp igjennom filmen, og empatien for Lukas vart stor.

Filmen vart halden oppe av to skodespelarpresentasjonar. Hovudkarakteren Joachim (Preben Hodneland), og bror hans Thomas (Morten Svartveit). Begge gjer ein glimrande jobb, og klarar perfekt å framstille dei brør som ikkje lenger har same forholdet til kvarandre som dei eingong hadde. Preben Hodneland presenterer ein person som verkar nyansert og livstru. Heile filmen er eit slags «karakterstudie» av denne mannen som er både er for svak til å klare seg på eigen hand, men framleis for svak til å prøve å skaffe hjelp. Samstundes har Svartveit ein like god presentasjon som Thomas. Broren som ikkje klarar å heilt sjå auge til auge med Joachim, og som ikkje trur, korrekt i sin teori, at Joachim har blitt nøktern.

Bileta og kinematografien må nesten kommenterast for eg vart mektig imponert av utsjånaden til filmen. Alt har monokromatisk palett og blå-tòner står veldig fram i filmen. Dette vart nok gjort for å få ein realistisk presentasjon. Det er mange bilete og klipp det verkar som der var satt mykje arbeid inn i. Opningssekvensen som følger Joachim er gjort på ein måte som er verkeleg interessant. Igjennom filmen er det fleire små scener som har nokre skikkelege vakre bilete og generelt god komposisjon. Ein scene når Joachim skal ruse seg i ein solseng kjem til minne. Den einaste negative kommentaren er at det var kanskje litt vel mange «jump-cuts». I løpet av filmens speletid tal eg 4, og dette tek deg litt ut av filmopplevinga.

Det er og nokre andre småproblem med lydmiksinga, men det vart bagatellar totalt sett. Hovudproblemet eg hadde med filmen var nokre skuffande presentasjonar av visse skodespelarar. Marius Aandal Pedersen er bra i mesteparten av filmen, men han hadde nokre svake augeblikk. Det svakaste skodespelet er då frå Alexandra Gjerpen. Ho overspeler karakteren og verkar meir som ho speler i eit teater enn i ein spelefilm. Scenene som utspeler seg i fengselet får derfor ikkje same effekt. Forhaldet mellom ho og Joachim får eg derfor heller ikkje nokon djupare tilknyting til. Det var ikkje her ein einaste scene der ho verkar som noko anna enn ein skodespelar som spelar ein karakter. Ho overspeler rolla og verkar berre som ein skodespelar som spelar ein karakter.

Du vil likevel bli hekta til hovudkarakteren igjennom filmen, og dei forskjellige vala han tek kjem til å halde med deg. Styrkane filmen har, brukar den bra. Det er litt som å sitje på i ein berg-og-dal-bane, konstant opp og ned, og på slutten sit du kanskje igjen med eit tomrom i magen.

 

Når jeg faller - regissert av Magnus Meyer Arnesen; 
skrevet av Magnus Meyer Arnesen og Kristian Landmark; 
med Preben Hodneland, Marius Aandal Pedersen, Morten Svartveit og Alexandra Gjerpen. 
Lengde: 1t 33min. Land: Noreg. Aldersgrense: 12 år. Norgespremiere: 21.09.18

Relaterte innlegg