Meny Lukk

«Oasis: Supersonic» – Korleis ta over verda på 3 år eller mindre.

«People will never forget how you made them feel»

Oasis var eit kjempestort band på 90-talet, det er udiskutabelt. Men kor store dei faktisk var, og kor fort det gjekk til, er kanskje ikkje allment kjent. Det er i alle fall det spørsmålet denne dokumentaren siktar seg inn på å svara. Frå dei signerte sin fyrste platekontrakt til dei spelte tidenes største utandørskonsert i Storbritannia gjekk det knappe 3 år, og det er denne perioden Supersonic fokuserer på.  Med deira største hits som bakgrunnsmusikk fortel bandmedlemar, produsentar, vener og familie om korleis eit nesten tilfeldig oppretta rockeband tok over verda.

 

Filmen er veldig gira på å mala eit mytisk bilete av bandets byrjing. Eit som spelar opp rockelegendefaktoren. Medan skjermen fyllast av ei blanding arkivfoto og kreative animasjonar får me servert ei tilnærma kronologisk forteljing som startar i heimen til Liam og Noel Gallagher. Sjølv om alle i bandet er med på å fortelja kjem det veldig godt fram at broderparet sto i sentrum for alt som skjedde med bandet – om det var suksess eller fiasko. Noel var den som alltid hadde hatt musikalsk talent, mens Liam måtte få hamra inn ei openbaring før han fann ut han kunne synga. Men når dei fyrst vart samla tok det visstnok ikkje lang tid før planane om storleik var lagt. På eit tidspunkt snakkast det om å overgå Phil Collins og Sting i popularitet innan enden på tiåret. Audmjuke var dei ikkje.

 

Ikkje at dei tok seg vatn over hovudet, som me no veit. Oasis klarte jo måla sine og meir til. I det korte vindauge på 90-talet Brit-popen regjerte var dei på toppen av haugen. Men samtidig som dei klatra stjernehimmelen hadde dei «ups and downs» nok til fleire tiår for eit vanleg band. Om linja mellom genialitet og galskap er tynn, er den likevel brei nok til at brørne Gallagher kan venda kvarandre ryggen om og om igjen. Supersonic handlar om bandet Oasis, men alt er merkbart observert gjennom Noel og Liams farga brilleglas. Som filmen poengterer fleire gonger, stammar mykje av det som gjer bandet unikt frå gnissingane mellom Liam og Noel. Dei var begge frontfigurar med stor F. Noel ein genial låtskrivar og Liam ein kjekk songar med unik stemma. At dei begge står som «executive producers» i rulleteksten kjem ikkje som ei stor overrasking.

 

For nokon representerer Oasis den siste bylgja med ordentlege rockeband. Det trenger ein ikkje vere fullstendig einig i, men ein viss forkjærleik for gitarrocken er nok naudsynleg for å verkeleg setja pris på denne dokumentaren. I notida veit me at det ikkje er mykje godvilje mellom brørne. At filmen fokuserer på det som sikkert var dei beste tre åra til bandet er nok ikkje tilfeldig. Men det er ei god historie, sjølv om den kanskje er simplifisert ørlite. Gutane frå Manchester er gode til å snakka for seg og konsekvent vittige. Dei formidlar ein kjærleik for musikken og fansen som varmar hjarta til denne musikkslaven. Ja dei var(er?) rølpete pøblar, men når dei var gode, var dei svært gode. Dei vekka kjensler i og fenga enormt mange menneske. Og for alle desse er nok filmen ei god påminning om noko dei aldri har gløymd.

 

Oasis: Supersonic – Regissert av Mat Whitecross; med Liam og Noel Gallagher, "Bonehead", "Guigsy", Tony McCarrol mfl. Spilletid: 2 t. 2 m. Land: UK. Aldersgrense 9 år. Premiere: 21.10.2016.

Relaterte innlegg