Meny Lukk

“Om Det Uendelige” – Tam for Roy Andersson tydar framleis bra film.

[usr=4]

Anderssons første film etter hans trio av filmar om dagleglivet, «Om det Uendelige» er hakket meir dyster og ei grad mindre absurd. Den står fram som ei serie vignettar pakka inn brunt og grått pakkepapir og ei sløyfe av depresjon. Visuelt er den platte presentasjonen, den statiske kinematografien og dei veljusterte bybileta akkurat som før. Eit kvart bilete er som eit måleri.

I motsetjing til hans tidlegare verk manglar «Om det Uendlige» ei rammehandling som den tek plass rundt, men Anderssons evne til å skape besynderlege situasjonar der karakterdynamikkane er nok til å haldast engasjert. I byte mot struktur, får ein tilbake ei rekkje scener banden saman rundt eit forteljarstemme som observerer dei dunkle folka på skjermen gå igjennom triste hendingar, mangel på livsretning og anna fandenskap.

Kunne eg truffe ein regissør som ville vorte moro og ta ein pils med, er det alle andre enn Roy Andersson. Hans mediterande kunstverk pratar for seg sjølv. Andersson skapar skjønne måleri frå det ufyselege i kvardagen. Vakker poesi frå gufsen melankoli og trist meiningslausheit. Skildra med eit svensk ord; ledsen.

Relaterte innlegg