Meny Lukk

«Richard Storken» – Hovudsakleg harmlaus fugletitting

Kvifor heiter denne filmen Richard Storken og ikkje Storken Richard? Den engelske tittelen er Richard the Stork, medan den tyske ikkje brukar namnet. Den handlar jo om Richard som trur han er ein stork, men dyra nyttar aldri arten sin som etternamn… Beklagar, dette er eigentleg ikkje viktig, men i ein film som er sopass rett fram i dei fleste aspekt er ein slik krunglete tittel ein detalj som stikker seg ut, og litt lufting trongst. Moving on.

Richard Storken (ugh) er ein heilt grei film for dei minste. Den er flott og fargerikt animert, passe spanande, og med mange søte og rare dyr. Det ligg ei svært tradisjonell heltereisa i botn, der endepunktet er innlysande frå byrjinga, medan alt innimellom er litt hipp som happ. Forsøket på ein gjennomgåande tematisk tråd består av samanfletting av fleire idear utan at blandinga gjev ein klar raudfarge.

Hovudkarakteren vår, Richard, er ein sporvunge som blir adoptert av ein storkefamilie då han mister foreldra til eit rovdyr. Han trur verkeleg han er ein ordentleg stork og eit fullverdig medlem av familien. Men når tida kjem for å fly sørover for vinteren forlèt familien han utan varsel. For dei veit at ein liten sporv som han, som ikkje er vaksen ein gong, klarar ikkje ein slik lang flytur. Ikkje villig til å godta dette gjev Richard seg i veg sørover for eigen maskin, med god hjelp frå kjempepygméugla Olga og hennar usynlege ven Oleg. På vegen plukkar dei opp undulaten Kiki, som til å byrje med har sin eigen agenda. Saman fell dei ut og inn av trøbbel på vegen til Afrika.

Ferda byrjar i Tyskland og endar opp i Tunisia, og undervegs tullast det litt med dei ulike landa dei flyr innom. Mest vellukka er harselering med den franske jernbanen, mens møtet med italienske mafiakråkene fell heller flatt. Ein tilbakevendande bit om duer som er avhengige av internett er morosam isolert sett men uklår i meininga. Generelt fell humoren litt mellom to stolar. Det kan tenkjast at ein del går over hovudet på dei yngste sjåarane, medan det er for lite oppfinnsamt til å imponera dei vaksne.

Filmen endar høveleg sterkt. Den har tøtsja innom ganske standard, men likevel passande tema som aksept for ulikskapar og familiesamhald, og etter ein spaningssekvens med ein mindre meme-kjendis som antagonist får me vitna ei kløkkjande gjenforeining. Dei store openbaringane lar vente på seg, men til sist har det jo vore ein triveleg tur. Richard Storken er ikkje frå øvste hylle når det kjem til animasjonsfilm for barn, med det er ikkje so altfor mange hakk opp.

Richard Storken - Regissert av Toby Genkel og Reza Memari, skrevet av Reza Memari; med norske stemmer av: Haddy Njie, Bjarte Hjelmeland, Jonas Oftebro, Nils Ole Oftebro, Anette Hoff, Jakob Oftebro og Oskar Fjeldstad-Bergheim. Nasjonalitet: Belgia / Luxembourg / Norge / Tyskland. Lengde: 1 t 23 min. Premiere: 05.05.17.

Relaterte innlegg