Meny Lukk

«Shoplifters» – Skjønnheit i nyansane

Shoplifters har vore den store snakkisen i filmverda sidan den i sommar vant Palme d’Or på den prestisjetunge filmfestivalen i Cannes. Anmelderar har sidan den tid rosa den for sine varme karakterskildringar i det som elles er ein kald og håplaus setting.

Historia handlar om ein liten familie i Japan som slit med å få endane til å møtes. Osamu og sonen Shota brukar derfor dagane på å naske med seg diverse varer frå butikkane i nabolaget, ei ferdigheit dei har meistra. Ein dag når dei er på veg heim frå butikken går dei forbi ei lite jente som sit aleine i gata Det er ein kald februardag og Osamu bestemmer seg for å ta jenta med heimatt. Seinare finn dei òg ut at ho har vorte mishandla av foreldra. Resten av filmen skildrar korleis jenta Yuri sakte men sikkert finn seg til rette i sin nye familie.

Filmen verkar til tider som ein Roadtrip-film med unntak av at dei aldri faktisk bevegar seg nokon stad. Små historier frå kvardagen blir veva saman til ei handling som tek stad på rundt eit år. Dei små historiene og den totale handlinga som til slutt vert skapt er meisterleg fortald, med mykje av det anmelderar har kalla «varme augneblink».

Når eg først fekk høyre om denne filmen var eg litt bekymra for at den i stor grad berre kom til å vere ein pastisj av 60- og 70-tallet sine sosialrealistiske filmar. At den kom til å framstille ein fattig familie i elendige forhold og skulde på klassesamfunnet, noko som vi eigentleg har sett før. Men Shoplifters ligg langt unna denne filmtypen, som no for lengst har vorte ein gimmick. Shoplifters tek sikte på den personlege historia og prøvar heller å seie noko om korleis personar og forholda mellom dei utspelar seg i ein slik setting – på botnen av samfunnet. Resultatet er ein film som ikkje vert halden tilbake av sin eigen sosiale kritikk, men heller ei intens og gripande historie om karakterar i ein spesiell livssituasjon.

Noko av det som gjer at regissør Koreeda lykkast med dette er den nydelege visuelle framstillinga. For det første er bileta i filmen fantastisk komponerte. I tillegg utspelar både lyset og fargane seg fantastisk. Det han verkeleg skal heidrast for er kor visuell historia er. Det er gjennom blikk og nærkontakt filmen visar si beste side og det er gjennom disse dei sterkaste opplevinga utspelar seg. Dei små augneblikka mellom karakterane og nyansane i dei er ryggraden til denne filmopplevinga. Godt skodespel frå samtlege hjelp òg dette på lang veg. I tillegg veit Koreeda å ikkje behandle publikummet sitt som idiotar og visar stor kløkt i å velje vinklar som fortel nok, men ikkje for mykje og på originale måtar.

Sjølv etter å ha høyrt all rosen som Shoplifters har fått dei siste månadane tvilte eg framleis på at den var denne fantastiske opplevinga eg høyrde så mykje om, men eg tok feil. Filmen viste seg å vere ei like varm og vakker skildring som folk fortalde om allereie i fjor sommar. Ein vakker liten film som det verkeleg er verdt å sjå.

Ingrid såg Shoplifters på Film fra Sør-festivalen tidligare i år. Du kan lese hennar tankar om filmen her.

Shoplifters – regissert av Hirokazu Koreeda; med Lily Franky, Sakura Andô, Mayu Matsuoka, Kiki Kirin. Spilletid: 2t. Land: Japan. Premiere: 18.01.19. Aldersgrense: 12 år.

Relaterte innlegg