Kosmorama 2018: Stemningsrapport – Dag 1

No veit eg ikkje om der finnest ein gud, men om det gjer det og han tillot Oscarutdellinga å vere kvelden før Kosmorama startar veit eg ikkje om eg vil tru på han. Etter å allereie ha helde meg våken frå Søndag til Mandag og attpåtil vore flink gut å møtt opp i forelesning bar det strake vegen til Prinsen og årets filmfest i Trondheim.

Bad Lucky Goat
Bad Lucky Goat

Den første filmen på programmet mitt var den karibiske sjarmøren Bad Lucky Goat. Filmen følger to søsken frå Karibia som havnar i alle typar trøbbel når dei ein dag køyrer over ei geit i faren sin bil. Denne koselige filmen med sitt sjarmerende karaktergalleri oppgjorde ein fin start på dagen. Portrettet av grønne og azurblå Karibia var både varmt og interessant og ga et inntrykk av det daglige livet på den lille øya der handlinga tek stad. For å sjå filmen måtte eg også komme meg til sal 1, som eg aldri har vore i før. So no veit eg kor den er, nice.

Loving Vincent
Loving Vincent

Etter dette fulgte den Oscar-nominerte buzzskaparen Loving Vincent. Og som den første oljemåla animerte langfilmen er den like vakker som den høyrest ut. Men etter fleire timar utan søvn vart den saktegåande handlinga litt mykje for meg. Eg måtte konsentrere meg for å lese tekstplakatar liksom. Men med ein stjernespekka cast og til tider utruleg vakre bilete er filmen verkeleg noko å få med seg. Spesielt eit par trackingshots der heile lerretet dansar forbi medan bildet endrar seg er utrulege å sjå på.

The Workshop
The Workshop

Det å være på festival kan verkeleg sluke opp både tida og merksemda di, og i den vesle pausa eg planla mellom Loving Vincent og The Workshop kom eg på at det vanlegvis er ganske greitt å få i seg mat. Det var derimot ikkje mykje eg fekk tygga i meg før eg måtte skunde meg vidare til franske The Workshop. Ikkje berre er filmen på fransk, som for meg allereie er ein stor bonus, men den høyrtest også interessant ut med ei handling som prøver å takle den høgreekstreme bølgja i Europa. Og filmen leverte verkeleg. Ikkje berre greidde den å skildre komplekse karakterar gjennom verda rundt dei, men måten filmen sette desse karakterane opp mot kvarandre på var også veldig imponerande. Konfliktane handlar ikkje berre om ueinigheiter, men misforståingar, noko som skapte ei veldig god og virkelighetsnær filmoppleving. Ser ein vekk frå den eine scena der ei dame gjentatte gongar tilbaud hovudpersonen makronar, som ga framleis halvsultne meg ein del vatn i munnen, var det ein veldig god og interessant film.

Night Sitter
The Night Sitter

 

Kva er vell betre enn ein god skrekkfilm før ein skal vandre heim kveldane? Eg har derfor gjort til eit poeng å sette opp ein skrekkfilm kvar kveld under festivalen. Første film ut var The Night Sitter som verkeleg overaska meg. Frå dei første bilda i filmen trudde eg det var eit dårlig forsøk på å cashe inn på 80-talls nostalgi. Og det var akkurat det den var, men den var så klar over kva den gjorde at det blei en fryd å sjå på. Røde, blå og røde lys blir kasta i alle retningar, Synthwave ular i bakgrunnen gjennom heile filmen og kvar einaste moglegheit vært utnytta til å fortelje ein dårleg vits. Dette blir gjort så sjølvsikkert at eg ikkje greidde å la vere og bli underhaldt.

Ser ein vekk frå søvnmangelen som sakte pressa seg på når eg nærma meg 36 timar utan søvn, og kanskje også benkane og borda i lobbyen som er plassert så merkeleg nært kvarandre at det er nærmast umoleg og sette seg ved dei, har eg hatt ein fin første dag på festivalen. Alle filmane har vore svært forskjellige, men har også fenga på kvar sin måte. I morgon skal eg få sett snakkisen Death og Stalin som eg har gleda meg lenge til. Samtidig skal eg ta fatt på feiringa av Bergman sitt hundreårsjubileum og byrje dagen med Høstsonaten. Akkurat no håpar eg berre eg får sove godt og lenge sånn at eg ikkje er alt for øydelagt når eg setter men ned til første visning klokka tre i morgon.