Meny Lukk

«Swiss Army Man» – Blod, svette, tårer og promp

Når tittelen endeleg kjem over skjermen nokre minutt inn i Swiss Army Man, og skodespelarande blir introdusert, er det samtidig som Paul Dano sin Hank køyrer den livlause kroppen til Daniel Radcliffes Manny over havet som ein vannscooter propellert av promp. Om du ikkje med ein gong syns dette høyrast morosamt og/eller interessant ut, bør du kanskje gå i mot dine instinkt og ta sjansen på å sjå denne filmen likevel. Som kroppen til Manny har den mange skjulte kvaliteter.

Me møter Hank i det han er i ferd med å ta livet av seg. Han har vore stranda på ei aude øy i lang tid, og er svolten, tørst og einsam. I siste augeblink ser han eit kropp bylgja i land. Det viser seg å vere eit lik, som seinare tek namnet Manny. Ved hjelp av den fyrste i rekkja av uventa og ofte hysterisk morosame kroppsfunksjonar kjem dei seg til fastlandet, og vegen tilbake til sivilisasjonen kan byrjast på.

Utover dekker filmen veldig mykje grunn, både bokstavleg og metaforisk. Når Manny sakte vaknar til er det utan noko som helst hukommelse. Medan dei strever med å koma seg heile gjennom villmarka må Hank difor samtidig svara so godt han kan på alle spørsmåla Manny har om livet. Han får ei rotete innføring i emne som pop-kultur, sosiale normer, vennskap og kjærleik, alt tydeleg farga av Hanks livserfaringar. Dette resulterer i ein haug med latterlege samtaler som set eit skråblikk på ting me til dagleg gjerna tar for gitt. Radcliff sin prestasjon re-definerer her uttrykket «deadpan delivery». Hans for-det-meste livlause kropp tillèt han ikkje eingong eit glimt i auga, og effekten er latterleg på beste måte. Enn så god som Paul Dano er som tragikomisk einstøing klara Radcliffe å dra i land dobbel MVP-status som filmens emosjonelle sentrum så vel som dens upassande «mor di»-vitsemakar.

Dei latterleg gode skodespelarprestasjonane i Swiss Army Man er komplementert av nydelege naturbileter og eit kreativt lydspor. Med utgangspunkt i ein enkel melodi ytra av Hank som ein slags gravferdshymne i byrjinga av filmen, byggast det opp ein sårt vakker symfoni som veks i høve med – og implementerer element frå – vennskapet mellom Hank og Manny. Saman med flott lyssetjing og glitrande vassfotografi skapast det augeblikk som bogna over med triumferande kjensler. Sjølv om filmen utforskar nokre mørke tema her og der, er det som heng igjen ved filmens slutt ei kjensle av håp. Håp om at det går an å redda seg ut frå vanskelege situasjonar, om ein klarar å ta i mot hjelpa som tilbydast. Uansett kva form den tar.

 

Swiss Army Man - Skrevet og regissert av Daniel Kwan og Daniel Scheinert; Med: Paul Dano, Daniel Radcliffe og Mary Elizabeth Winstead; Spilletid: 1 time 37 min; Land: USA; Aldersgrense 12 år; Premiere: 14.10.16

 

Relaterte innlegg