Meny Lukk

«The Great Wall» – Episk moro

Matt Damon og Pedro «Red Viper» Pascal spelar to europeiske leigesoldatar sendt til Kina rundt det fyrste tusenårsskifte på jakt etter det segnomspunne svarte pulveret me no kjenner som krut. Forfylgja av røvarar forvillar dei seg lenger og lenger vekk frå sivilisasjonen, til dei bokstavleg talt møter veggen. Den Store. Det visar seg at den eigentlege grunnen til at Den kinesiske mur finst er for å halda ute ein monsterhorde som angrip med jamne mellomrom. Dei er fryktelege firbeinte flokkdyr med overnaturlege eigenskapar og ekstrem seiglivskap. Militærstyrken kalla The Nameless Order har beskytta landet mot desse skapningane i 2000 år, og har utvikla ein mengde spektakulære kampstrategiar, den eine meir teknisk imponerande og kulare-enn-effektiv enn den andre. I den fyrste av ei imponerande rekkje gode actionsekvensar visar Damon sin karakter, William, at han er ein meister i taktikk og bogeskyting, og dei treng sjølvsagt hjelpa hans. Du klara gjerna tippa kor dette skal gå.

For filmens historie kvilar ganske tungt på meir enn velkjende klisjear om den kvite antihelt/frelsaren. Han som berre treng ei god sak for å snu på seg og nytta den ubegripeleg passande spisskompetansen sin til den krisa han hamnar i. Men det er ikkje nødvendigvis eit stort minus. The Great Wall ynskjer å vere eit episk, men frittståande, adrenalinskapande og visuelt prangande actioneventyr, og det klarer den verkeleg. Då treng den ikkje den aller djupaste karakteriseringa og formålstenlege metaforbruken. Tenk 300 heller enn Ringdrotten.

Og fyttirakkern (unnskyld språket) kor flott denne filmen ser ut. Filmen nyttar ein rikt metta fargepalett og lar ikkje ein sjanse gå frå seg til å brife med den. The Nameless Order består av fleire spesialiserte avdelingar, og dei er sterkt fargekoda. Dei fargesprakande uniformene bidrar med endå eit lag visuell informasjon som støtter opp om det allereie beundringsverdige kameraarbeidet. Det er som om dei som laga filmen faktisk har høyrd på og tatt til etterretning alle klagane filmfans har om shaky-cam, kjedeleg color-grading og det greiene dei som laga DC-Comics-filmar driv med. For enn kor sprø og urealistisk koreografien er til tider, so går det i alle fall an å sjå og setja pris på kva som faktisk skjer. Blandingshøve mellom det latterlege og det vidunderlege er akkurat passe for ein popcorn-film av denne typen, og det same er lengda: brisne 104 minutt!

The Great Wall er eit lettbeint kvasi-historisk epos med uendeleg mykje meir innsats lagt i det visuelle enn noko anna. Fargebruken skapar assosiasjonar til wuxia-filmar som Hero og House of Flying Daggers, og saman med eit passande Ramin Djawadi- score (Game of Thrones) er stemninga satt for eit lite kinoeventyr. Då går det an å tåla ørlite pro-Kina propaganda og ein bortkasta Willem Dafoe.

The Great Wall  - Regissert av Zhang Yimou, med; Matt Damon, Pedro Pascal, Willem Dafoe, Jin Tiang, og Andy Lau. Spilletid: 1 t 44 min. Nasjonalitet: Kina. Premiere: 17.02.2017.

Relaterte innlegg