The Greatest Showman – Catchy sirkusmorro

The Greatest Showman er ein musikal med stor M frå fyrste stund. Filmen startar rett på med eit aggressivt kora «millennial whoop», trampeklapp, og ein slentrande bass som gjer det utan tvil klart at dette blir ein pop-ete affære, med eit mykje meir moderne lydbilete enn periodesettinga tilseier. Diverse nettsider skildrar filmen som ein biografi, eit drama, og eit periodestykke, men i realiteten blir det meste av ikkje-musikalske element satt til side for å oppretthalde ei imponerande rekkje allsong-venlege 4-akkord-anthemer. Og eg nyttar ikkje det omgrepet for å rakke ned på filmen. Dei alle fleste songane i filmen er latterleg catchy, bombastiske affærar, med fullt fokus på å feira drøymarane blant oss.

Opningssekvensen introduserer Hugh Jackman som ein høgst fiksjonell versjon av den legendariske underhaldningsmagnaten P.T. Barnum. Tilhørande er eit spektakulært dansenummer der heile sirkuset hans deltar, ein forsmak på høgdene dei skal nå saman. Ved songens slutt hoppast det tilbake i tid for ein kjapp, overflatisk og langt forbi klisjéfull oppvekstmontasje, av typen der det meste skjer i løpet at ein sentimental song. Barnum etablerast som ein uregjerleg drøymar, som har meir ambisjonar enn han klara å uttrykka skikkeleg. Han syng om å ha ein million drøymar, utan å eigentleg legga meir detalj til enn at han ser for seg kraftige fargar.

Songane i denne filmen har nemleg ganske vage tekstar. Dei opplevast som hensiktsmessig generiske, som om dei er skrive separat, utan tanke på kva spesifikk historie dei seinare skal høyre til. Dei skal famne breitt, og ta med so mykje som mogleg av publikum til euforiske høgdar. Breitt definerte karakterar og motivasjonar gjer at filmen kan hoppe litt slik som den vil, og gjerne droppe å vise noko som kunne vore eit viktig dramatisk punkt i ein annan film, for å heller kjappe seg til neste storslegne musikalske nummer. Vanlegvis kunne dette vore eit ankepunkt mot filmen, men eg klarar faktisk ikkje irritere meg over mangelen på raude trådar og interessante konfliktar. Det rett og slett for mykje glede i framføringane.

Forteljinga har eit knutepunkt i sirkuset Barnum set opp i New York. I utgangspunktet (og realiteten) var dette ein plass der han utnytta folk med unormale eller misforma kroppar. Sjokkverdien av å sjå dvergar, skjeggete damer og siamesiske tvillingar skulle omsetjast i hard valuta. I verda til The Greatest Showman er omtrent alle han tilset (sjølvsagt) dyktige songarar som får moglegheita til å levere store bodskap om brorskap, diskriminering og aksept saman med intrikat koreografert dans. I røynda vart Barnum ofte skulda for å selje falske opplevingar, men det er lite falskt å finna i filmen, i alle fall i tonane.

The Greatest Showman er her for å spreie lettspist, hjartevarmane musikalsk underhaldning, og samtidig la musikalfans ta tilbake litt av eigarskapen i Hugh Jackman frå teikneseriefilmfansen. Sjølv om Jackman er filmens fremste ansikt er resten av ensemblet svært avgjerande for suksessen. Jackman er faktisk langt frå toppen av vokalistane i filmen, ei liste som inkluderer Zendaya, Loren Allred, Keala Settle, Michelle Williams og Zac Efron – som eg faktisk hadde klart å gløyme at slo gjennom som musikalskodespelar! Soundtracket på spotify har 11 spor på til saman 39 minutt. Filmen varar litt over 100 minutt. Eg har vanskeleg for å hugse noko veldig nemneverdig som skjedde den resterande timen av speletida. Men det gjer ikkje so mykje. Det er nok av gledande hooks i songsekvensane til at besøket i kinosalen var verdt det.

The Greatest Showman - regissert av Michael Gracey; manus av Jenny Bicks, Bil Condon, og Michael Arndt; med Hugh Jackman, Michelle Williams, Zendaya, Zac Efron. Spilletid: 1 t. 44 min. Land: USA. Premiere: 12. januar 2018.