Meny Lukk

«The Hate U Give» – Utvilsamt viktig, men ikkje slåande

[usr 2.5]

Starr Carter (Amanda Stenberg) lev i verdar samstundes. Ho er frå ‘the Projects’, men går på privatskule med hovudsakleg kvite ungdommar. I den eine verda heng ho på festar i nabolaget, og er med sine svarte venner, medan på skulen er med blant anna kjærasten som er kvit. Ikkje berre har ho to liv med forskjellige identitetar, ho har og to romantiske interesser. Ein frå kvar bakgrunn.

Heilt fram til ho vart stoppa av politiet, då begge liva kolliderer saman.

Tidleg verkar det som det vart servert eit ganske typisk ungdomsdrama, ein slags tenåringsfilm, men det utviklar seg straks til ein forteljing om raseproblem i forstadens USA. All dramatikken kjem frå kontrasten mellom Starr (Stenberg) og hennar medelevar og kjærast som ikkje kan setje seg inn i det som er realiteten for mange afroamerikanske menn og kvinner.

Amanda Stenberg som Starr er toppen av filmen på mange måtar, ho held oppe mykje av filmens emosjonelle høgdepunkt og er ryggen som filmen vart halden oppe av. Dramaet som filmens konfliktar stammar frå verkar på det beste som ein til tider realistisk, men dramatisert representasjon av raseproblem, og på det verste som falsk dramatikk. Filmens dialog er og flat; ofte keisam. Den overordna presentasjonen er og ganske enkel. Utan tematikken, som er utvilsamt viktig, presenterer det lite som er spesielt bra.

Mykje av det filmen endar opp med å studere er «oss mot dei»-mentaliteten mellom svarte miljø og politiet i forstadar med ein majoritet av svart befolkning. Denne problematikken taklast ganske rett fram, og samfunnspolitikken let ikkje akkurat tilskodaren tenkje for seg sjølv. Det hjelp lite at filmen har inkludert med vilje kvite karakterar som er skapa berre for å representere ignoranse for realiteten av rasekriminaliteten, og skapar dermed unødvendig drama over dette.

«The Hate U Give» manglar nyansen og fargerikheita til «If Beale Street Could Talk», og har ikkje vittigheita, og den skarpe kritikken som «BlacKkKlansmen» tilbjod.

Det er ein film som dreg begge vegar. Openbart fortel den om reelle problem som står føre amerikansk samfunnspolitikk, og politiets behandling om svarte folk. Problematikken er openbart viktig. Likevel gjer det ikkje utsjånadet eller skodespelarprestasjonane betre, samt dialogen mindre mellombels. Framstillinga av afroamerikanarars liv verkar dermed meir hardhendt enn kanskje meina.

THE HATE U GIVE – regissert av George Tillman Jr; med Amanda Stenberg, Russell Hornsby, Regina Hall. Spilletid: 2t 12m. Land: USA. Premiere: 01.03.19 Aldersgrense: 12 år.

Relaterte innlegg