Meny Lukk

Vekas Strøymetips – 01.03.17

Frå Viaplay: 127 Hours (Danny Boyle, 2010)

Etter å ha gjort heroinmisbruk like dosar interessant og skummelt, gjenoppliva zombie-sjangeren og sola vår, og so godt som reinska Oscar-bordet med ein episk runde Vil du bli millionær, fann Danny Boyle ut at han ville gje seg sjølv ei utfordring. Korleis ville hans kinetiske stil og auge for spenstig kinematografi gjera seg med ein historie der éin karakter sit fast under ein stein i mesteparten av filmen? Ganske bra faktisk!

Filmen byrjar omtrent som forventa, med ein lett frenetisk opningsmontasje som speglar James Franco som Aron Ralston sin tilsynelatande endelause energi. Sluktlandskapet i Canyonlands Nasjonalpark i Utah ser episk ut bada i solskinn, og naturens uanstrengde majestet strålar på skjermen. Når hendinga filmen eigentleg handlar om endeleg førekjem kjennar me oss like innestengt som Aron.

Det kan vere vanskeleg å lage spenning ut av ei sann historie der start og slutt er so skarpt definert som i her, men i 127 Hours kjem alle ledd saman på rett måte. Franco gjer ein særs overtydande prestasjon, god hjelpt av A.R. Rahman sine Oscar-vinnande komposisjonar – ispedd nokre perfekt utvalde songar. Filmen er ein berg-og-dalbane som skapar magesug utan å ty til fysiske dropp. Ein feel-goodfilm om menneskets overlevingsvilje.

  • Kristian Kvamsøe

Frå HBO: The Night Of (Steven Zallian og James Marsh, 2016)

Me prøva oss på endå ein ny vri her i vekas strøymetips, og smell til med ein 8-episoders miniserie. The Night Of er krimdrama som startar og avsluttar som eit særs sterk prosedyredramaepisode, men opnar med for utruleg mykje meir utforsking innimellom enn dei standardiserte tre kvartera tillèt.

Fyrste episode består av den titulære skjebnesvangre kvelden/natta i livet til Nasir «Naz» Khan, spela av Riz Ahmed kjend frå Nightcrawler og Rogue One. Ein kveld der han endeleg skulle på fest med dei kule idrettselevane han er hjelpelærar til endar med arrestasjon for eit grufullt lovbrot han ikkje kan hugse å ha tatt del i. Medan han sitt i varetekt får han merksemda til lågbudsjettadvokaten John Stone, spela av the one and only John Turturro. Resten av serien tar for seg politiet og Stone sine parallelle etterforskingar, Naz sin varetektsfengsling på Rikers Island, og effekten alt dette har på Naz sin familie i tillegg til ei rekkje mindre plotlinjer.

Styrken til The Night Of ligg i karakterane Naz og Stone. Dei er begge tragiske og fascinerande. Lette å lika, frustrerande å sjå gjera feil etter feil. Rettssaka til Naz har potensiale til å endra begge liva deira – skjønt på vidt forskjellige måtar – men systemet jobbar dei hardt i mot. Det er ikkje alle dei andre aspekta av serien som fungera like bra, men dramaet rundt dei to hovudpersonane, saman med uvissemomentet rundt gjerningsaugeblikket, er nok til å gjere serien ekstremt sjåverdig.

  • Kristian Kvamsøe

Relaterte innlegg