Meny Lukk

Vekas strøymetips 01/02/17

Fra Viaplay: Hail Caesar (Ethan og Joel Coen, 2016)

Ein film frå Coen-brørne er alltid noko å glede seg over, og no har deira siste endeleg kome på streaming. For meg var dette ein av dei beste filmane som kom ut i filmåret 2016! Brørne har for vane å hoppa litt i sjanger frå gong til gong, og her enda dei opp i eit litt lettare komisk landskap enn dei var i med Inside Llewyn Davis.

Hail, Caesar er eit kjærleiksbrev til det gamle Hollywood-systemet. Josh Brolin spelar hovudrolla Eddie Mannix, produksjonssjef og «fixer» i det fiktive studioet Capitol Pictures. Handlinga fylgjer ein spesielt krevjande 27-timers arbeidsdag i livet hans. Han overser alle filmproduksjonane og har ein uendeleg straum små og store problem å løysa. Om ein skodespelar er gravid, kidnappa, eller verre – han må finne ut det. Mens Mannix spring frå sak til sak får me vitne innspelingar av storslagne epos, cheesy westerns og spektakulært koreograferte musikalnummer.

Hail, Caesar kan rutte med eit fantastisk ensemble kjende fjes. Brolin, Clooney, Johansson, Ralph Fiennes, Swinton, Tatum, McDormand, Hill, og Han Solo-to-be Alden Ehrenreich, i tillegg til ein skokk profilerte karakterskodespelarar i mindre roller. Dei fleste detaljane i filmen er fiktive, men Mannix sjølv er ein ekte person som faktisk hadde den jobben i si tid. I ein imponerande balansegang klarar filmen å hylla gamle Hollywood samtidig som den finn humoren av overfloda absurde situasjonar som oppstår. And that ain’t simple.

  • Kristian Kvamsøe

Les gjerne Jump Cuts tidligere anmeldelse av filmen her.


Frå HBO: Cloverfield (Matt Reeves, 2008)

2008 var eit godt år for spektakulære kinoopplevingar, med bland anna Iron Man og The Dark Knight som høgdepunkt i blockbustersesongen. Men tidlegare i året kom ein film som hadde pirra interessa til filmnerdar på ein heilt spesiell måte. Reklamekampanjen til Cloverfield var det fyrste eksempelet på produsent J.J. Abrams sin “mystery box” metode for å skape interesse rundt ein film. Korte kryptiske videoar gav lite info om kva filmen eigentleg handla om, og intrigen toppa seg då hovudet til Fridomsgudinna kom flygande ned i gatene. Kva kunne forårsaka noko sånt?

Dette er ein found-footage type film, ein filmform ikkje alt for ofte er godt gjennomført. Men her meiner eg at det er bra gjort. Det kan vere min forkjærleik for skodespelaren som er filmens dedikerte kameraperson, TJ. Miller, gjer seg litt teljande, men det får so vere. Filmen fylgjar ein gjeng unge vaksne som held fest i sentrum i New York City når alt helvete bryt laus. Noko angripar byen, men det er veldig uklårt kva. Med kameraet på strever vore hovudkarakterar med å kome seg til tryggleik, og ferda gjennom byens raserte gater får ein unik intensitet grunna det handhalde kameraet.

I fjor fekk filmen ein laust tilknytt etterfylgjar i 10 Cloverfield Lane, og i år kjem The God Particle som òg skal ta plass i det same filmuniverset. Eit gjensyn med originalen som starta det heile er då nesten for obligatorisk å rekna. Med berre 75 minutt speletid (10 av dei lista 85 er rulletekst) er Cloverfield ein kjapp og effektiv spenningsfilm som ikkje har mista mykje av effekten med åra. Det ekstreme uttrykket den sto for i kinosalen er vanskeleg å gjenskapa, men med dagens standard på heimekino får ein framleis god valuta ut av filmen.

  • Kristian Kvamsøe


Fra Netflix: Blades of Glory (Josh Gordon og Will Speck, 2007)

Spoler vi tilbake 10 år i tid og det var snakk om komediske genier, så var det snakk om Adam Sandler og Will Ferrell. Tilbake til i dag, så er det ganske veletablert at Adam Sandler har kjørt sitt løp. MEN, det samme sies enda ikke om Will Ferrell. Hvorfor? Fordi han fortsatt har et gigantisk bibliotek av komedier som faktisk er morsomme. Og få av dem er like bra som Blades of Glory.

Chazz og Jimmy (spilt av Will Ferrell og Jon Heder) er erkefiender, i kunstløp på skøyter. Etter de begge ender opp i en slosskamp under verdensmesterskapet blir de begge bannlyst fra sporten for livstid. Men etter at et smutthull blir funnet, finner de ut at de fortsatt kan melde seg opp, men denne gangen som par. Og dermed får vi verdens første mannlige kunstløpsduo, i to personer som ikke tåler hverandre, og veien deres mot å bli verdensmestere.

Greit nok, dette er en dum komedie. Og det er ikke sjangs at jeg noensinne kunne overtalt noen om at dette er et mesterverk på noen måte. Men det er de ferreste komedier, og det trenger de heller ikke være. En komedies valuta ligger i latter, noe som Blades of Glory absolutt har. Vi har en film som handler om mannelige kunstløpere, som lager skøytenummer til låter som My Humps av Black Eyed Peas, Rock You Like a Hurricane av The Scorpions og Flash av Queen på de mest ekstravagante måter. Vi har Amy Poehler og Will Arnett som badguys i et helt sykt plot hvor ingen pris er for dyr for å vinne. Skøyteverdenen som sjelden får noe oppmerksomhet blir vist frem som en av de mest brutale sportene noensinne, med hysterisk humor, og scener som umulig å glemme.
Så hvorfor ikke sier jeg. Hvorfor ikke sett deg ned med en av de bedre Will Ferrell filmene, fylt med god musikk, bedre vitser og absurde sekvenser i en spennende setting. Dette er ren fredagsunderholdning. Den beste typen.

  • Sigfred Storstrand

Relaterte innlegg