Meny Lukk

Vekas Strøymetips 01/11/17

På Viaplay: Mistress America (Noah Baumbach, 2015)

Noah Baumbach sine filmar handlar ofte om det utømmeleg tunge tilværet til øvre middelklasses New York-arar, av den typen som går rundt og er misnøgde, men manglar sjølvinnsikta til å ta tak i seg sjølv. Ikkje sjeldan har dette ein Ben Stiller-karakter i sentrum. Du veit typen. Men innimellom to slike vart Baumbach i lag med Greta Gerwig, og ein ny type karakter å bygge filmane rundt kom til liv. Fyrst i Frances Ha, og no sist i denne vekas anbefaling: Mistress America. Men til forskjell frå den fyrstnemnde spelar Gerwig her tittelkarakteren, men ikkje hovudrolla.

Filmen er sentrert på fyrsteårsstudenten Tracy, spela av Lola Kirke, som nettopp har kome til New York City. Me er med på hennar dels mislukka forsøk på å kome inn i collegemiljøet, og spesielt ein eksklusiv klubb for spirande forfattarar. I eit einsamt augeblink tar ho kontakt med si tilkomande stesøster. Det er her Gerwig kjem inn, og langt på veg tek over filmen, som den boblande, men anstrengande Brooke. Etter ei heseblesande «best night ever» er Tracy både nesegrus i beundring, men samtidig inspirert til å skrive ei syrleg novelle om Brooke. Uansett grunn forset dei å henge, og samarbeider om å nå Brooke sin draum om å starte restaurant. Etter kvart som forviklingane tettar seg går filmen frå mumblecore-liknande dramedie til fullblåst farse.

I Mistress America kastar Baumbach skråblikket på to relativt vidt forskjellige aldersdemografiar innunder paraplytermen «millennial». Det er ein film med lett usmaklege karakterar som likevel går an å ha samkjensle for. Gjennom kjappe, underhaldande dialogar kjem gode poeng om folks indre tankegongar fram, ofte av typen ein i røynda ikkje ville innrømma høgt. Det fulle persongalleriet kjem litt i skuggen av Kirke og Gerwig, men i siste akt, når farsen når sitt høgdepunkt i ei samling av flokken under same tak, bidrar alle til latterbylgjene.

  • Kristian

På Netflix: Mindhunter (Joe Penhall, 2017)

Grunnen til at denne serien – på overflata mogleg å forveksle med tusen andre seriemordarseriar (for eit ord!) – var på radaren min var involveringa til David Fincher. Serien er produsert, men mykje viktigare delvis regissert av han. 4 av 10 episodar, spesifikt dei to fyrste og siste har Fincher bak kamera, og som med House of Cards (der han berre gjorde dei to fyrste) blir resten av serien haldt nære hans estetiske uttrykk. Eggja av eit videoessay av The Nerdwriter hoppa eg i og forsvann kjapt ned dette hypnotiserande kaninhòlet som er profilering av valdspsykopatar.

Det som gjer serien so endelaust fascinerande er at den er satt i ei tid før dette var ein ting. Det er slutten av 70-talet, og idéen om å ha forsking og vokabular til å kunne analysere åtferdsmønstera bak dei verste tinga individuelle menneskjer får til å gjere har ikkje slått rot i etterforskingsmiljøet endå. Me fylgjar den unge FBI-agenten Holden Ford (Jonathan Groff, kjend frå Looking og Hamilton), som til å byrje med er spesialisert i gisselsituasjonar, og er interessert i å utvikla betre retningslinjer for behandlinga av mentalt ustabile personar. Han endar opp i samarbeid med ein agent frå det relativt nyoppstarta Behavioral Science Unit, og ting eskalerer derfrå.

Mindhunter dykkar ned i psyken på både valdsmennene og dei som jagar dei, og det er nok av fengslande (sorry) stoff på begge sider. Holden og kompanjongen Bill (spela av low-key MVP Holt McCalleny) intervjuar karakterar basert på ekte, notoriske mordarar frå amerikanske historie, og dei framstillast på ein måte som varsamt blandar inn litt sympati for subjekta. Det grufulle blir gripande. Det er òg ei uvisse knytt til Holden sin investering i alt dette. Trongen hans til å provosera fram resultat gjer at han kjem på kant med både kjærast (Hannah Gross) og prosjektleiar (Anna Torv tilbake i amerikansk TV for fyrste gong sidan Fringe).

I skrivande stund sit underteikna med berre ein episode igjen, og eg kan verkeleg ikkje venta med å sjå avsluttinga. So eg trur eg stikk og gjer det no. BYE

  • Kristian

https://www.youtube.com/watch?v=7gZCfRD_zWE

Relaterte innlegg