Meny Lukk

Vekas Strøymetips – 03/01/18

På Netflix: Mudbound (Dee Rees, 2017)

I jula las eg i eit større amerikansk tidsskrift ein omtale av Netflix sin nye storsatsing, Bright, som hevda at dette var den beste filmen strøymetenesta har laga til no. Utan å driva med for mykje baksnakking kan eg vel seia at eg er ganske ueinig med den påstanden. Tittelen burde sikkert gå til ei eller anna perle skjult bak dei uransakelege algoritmane, men av dei eg til no har sett sjølv meiner eg det er ganske dødt løp mellom The Meyerowitz Stories (tidlegare anbefalt her), og denne vekas høgdepunkt: Mudbound.

Mudboud er eit usedvanleg stilsikkert periodedrama, som overgår det meste av Netflix sin oeuvre når det kjem til tematisk djupne med gjenklang i høgaktuelle konfliktar. Filmen er eit lite utsnitt av samfunnet i ein mindre landsby i Mississippi under Andre Verdskrig. Den tar utgangspunkt i to familiar, ein kvit bondefamilie. og ein svart leiglendingfamilie. Begge familiane strever med økonomien, og begge har eit medlem som er borte og krigar i Europa, og det er rundt desse to punkta det meste av konflikt oppstår. Det byrja å nære seg 100 år sidan slaveriet vart oppheva, men det kjennest uhorveleg langt fram til borgarrettsrørsla som tar til på 50-talet.

Filmen har sterke skodespelarprestasjonar i alle ledd, med namn som Jason Clark, Carey Mulligan, Mary J. Blige og Jonathan Banks på rollelista, samt halvsvenske Gerret Hedlund, som for fyrste gong gjer seg merka for meg. Regissør Dee Rees viser enorm forteljingsteknisk kontroll, og spreiar det innhaldsrike dramaet jamt og godt ut for mesteparten av speletida, medan ho nær umerkeleg kvesser konflikten i bakgrunnen. Når ho då mot slutten går for nådestøyten er det på ein overraskande, men vel fortent måte.

– Kristian

https://www.youtube.com/watch?v=xucHiOAa8Rs

Òg på Netflix: Oh Hello: On Broadway (Nick Kroll og John Mulaney, 2017)

Kvar for seg er komikarane Nick Kroll og John Mulaney litt hit-or-miss for meg. Eg vart aldri fenga av Kroll Show, men syns The League er ein undersett, tidvis genial sitcom. Mulaney er som regel ganske morosam når han dukkar opp hjå andre, men hans stand-up-spesial The Comeback Kid trefte ikkje heilt. I Oh, Hello: On Broadway jamnar det seg ut, og samarbeidet resulterer i mykje latter. Oh Hello er i utgangspunktet ein serie sketsjar frå Kroll Show, sentrert om eit par geriatriske New-Yorkarar, Gil Faizon (Kroll) og George St. Geeland (Mulaney). I dette showet på ca. 100 minutt  – som er eit opptak frå då showet faktisk gjekk på Broadway – utfoldast karakterane heilt, og me får oppleva alt deira liv og leven, som fortald frå deira eigne, heller skeive perspektiv.

Gil og George er høvesvis (feila) skodespelar og forfattar, halvt senile, litt for sikre på eigne evner, og har ein haug morosame uttalefeil. On Broadway er samstundes spelet dei har skrive og framfører om sitt eige liv, og alt av kommentarar og tabbar dei gjer under framsyninga, alltid i karakter. Showet byrjar med ein introduksjon av karakterane og ein gjennomgang av Broadwaytradisjonar før sjølve plottet tek til. Her vert dei fyrste av ein haug gjennomgåande vitsar satt opp, kvar dei aller fleste vil betale seg stort. Vidare tek showet mange uventa vendingar, frå overraskingsgjester i publikum til drøymesekvensar til fullstendig nedbryting av plottet. Det skårast høgt i vitsetettleik, treffsikkerheit, og antal Steely Dan-referansar. Cocaine!

– Kristian

Relaterte innlegg