Vekas strøymetips – 04/01/2017

God nytt filmår frå oss i Jump-Cut! Me tok oss ein liten (velfortjent?) pause i romjula, men kjem no (sterkt?) tilbake med nye anbefalingar til det nye året. Det er ingen raud tråd mellom filmane denne gongen, anna enn at dei gjorde sterkt inntrykk på oss på forskjellige måtar. Håpa dette kan hjelpa med å kickstarta filmåret dykkar kvalitetsmessig.

Frå Viaplay: Spotlight (Tom McCarthy, 2015)

Nyleg lagt til på Viaplay finn ein fjorårets Oscarvinnar for beste film, Spotlight. Det er mogleg eg preikar til koret (eller korleis det uttrykket går på norsk) med denne anbefalinga, men på meg verka det som Leo sin triumf i den heller overvurderte The Revenant overskugga denne filmen i fjor. I tillegg er eg ein stor fan av McCarthy sitt tidlegare arbeid (The Station Agent, Win Win) og gjensynet med hans siste fullengdar bekrefta intrykket mitt: han er ein historieforteljar av rang.

Spotlight fylgjer det namngjevande reporterteamet i avisa The Boston Globe. Etter at deira nye sjef pålegg dei å sjå nærare på ei rekkje henlagte sakar om pedofile katolske prester finn dei at omfanget er mykje vidare enn dei nokon gong kunne tenkt seg. Dette er ei historie basert på faktiske hendingar, og den går definitiv inn under kategorien «for sjuk til å ikkje vera sann».

Forteljinga blir lagt fram svært nøkternt, utan tilbakeblikk til dei kriminelle handlingane. I staden er fokuset på det journalistiske arbeidet. Spotlightteamet og deira allierte blir spela av ein gjeng klasseskodespelarar, bland andre Mark Ruffalo, Michael Keaton, Rachel McAdams og Stanley Tucci, men regien er slik at ingen enkeltpersonar overskuggar det som er viktig. Fråværet av overdrivne, teatralske scener får det heile til å kjennast ekte, og det nok er grunnen til at filmen treff so hardt som den gjer. Skurken i historia er skummel fordi den finst i røynda, men det gjer jammen heltane òg. Enn so lenge…

  • Kristian Kvamsoe

Frå Netflix: The Necessary Death of Charlie Countryman (Fredrik Bond, 2013)

Charlie Countryman sitter ved morens dødsleie, og rett før hun tar sin siste pust, sier hun at han må dra til Bucharest. Fortsatt knust drar 20åringen på ferien. Allerede på flyet treffer han på en interessant karakter, de har en hyggelig prat før begge to sovner. Charlie våkner opp, det gjør ikke sidemannen. Så han sitter på resten av flyturen ved siden av et lik. Og plutselig hører han liket fortelle at Charlie må finne datteren hans, og sende videre en beskjed.

Flyet lander, og Charlie finner den avdødes datter sittende å vente. Og han blir momentant forelsket, og skjønner hvorfor han var ment til å være i Bucharest. Men forelskelse i øst-europa har sin pris, og han blir raskt dratt ned i et hull av dop, kriminalitet og verst av alt, Mads Mikkelsen.

Dette er en film skapt for de rastløse ungdommene født på riktig side av 90-tallet. For alle de som vil dra på oppdagelsesferden rundt verden for å finne seg selv, akuratt som Charlie. Og det skader ikke akkurat heller at det er Shia LaBeouf, som nå til dags nesten er en manifestasjon av en retningsløs generasjon.

Filmen er nydelig. Både tematisk og estetisk. Den øst-europeiske klubbscenen med neonlys og harde teknobeats maler nydelige sekvenser, sammen med en komplisert romanse mellom LaBeouf og høstens storfavoritt fra Westworld, Evan Rachel Wood. Det er forbudt kjærlighet som er ment til å være, og filmen gjør alt den kan for å vise at kjærligheten alltid triumferer.

Charlie Countryman er eskapisme for den moderne generasjonen. En film som prøver å gi oss håp på kjærligheten igjen, og å finne en mening med livet når alt virker fortapt.

  • Sigfred Storstrand

 

Frå HBO: Being John Malkovich (Spike Jonze, 1999)

Nyttår betyr topplistetid, og det er kanskje difor hjernen min går tilbake til tidlegare favorittar. Dette er igjen ein film som kanskje ikkje treng mi anbefaling, men i tilfelle den ikkje er so godt kjent som eg syns den burde vera held eg den fram likevel.

Being John Malkovich er Spike Jonze sin regidebut, og Charlie Kaufman sitt fyrste realiserte filmmanus. Og for eit fyrsteforsøk frå dei begge! Filmen fylgjer John Cusack som Craig Schwartz, ein dukketeaterartist som slit med å finna sitt publikum. Etter oppfordring frå kona Lotte (Cameron Diaz) tek han seg jobb som arkivar hjå den eksentriske Dr. Lester. Gøymd bak nokre skap finn han ein tunnell som leiar han inn i hovudet til skodespelaren John Malkovich. Mykje meir enn det er fånyttes å seia om plottet. Det må rett og slett opplevast.

Både Cusack og spesielt Diaz er nesten ikkje til å kjenna igjen her. Dei spelar litt rare, slitne menneske, som begge får ei slags oppvakning av å sjå verda som Malkovich. Opplevinga av å vera han skapar kjennsler og moglegheiter dei ikkje hadde før, noko som leiar til morosame og tankevekkjande situasjonar. Spesielt spanande blir det når Malkovich etter kvart blir klar over at noko rart skjer med han. Filmen foregår i ei verd som er ørlite rarare enn den me bur i til vanleg. Ta sjansen på eit besøk.

  • Kristian Kvamsøe