Vekas Strøymetips – 10/01/18

På Netflix: Wormwood (Errol Morris, 2017)

I 1953 falt Frank Olson, ein amerikansk vitskapsmann og CIA-tilsett, ut av eit hotellvindauge i New York City, og døde. Hoppa han, for å ta sitt eige liv? Var han urimeleg uheldig og snubla i teppet slik at han falt akkurat innunder det opne vindauge? Eller vart han kanskje dopa med LSD av arbeidsgjevaren sin, som ein del av MKULTRA-eksperimenteringa deira? Vel, desse er berre nokre av ein skokk interessante og tidvis skremmande spørsmål som kjem opp ettersom Errol Morris intervjuer sonen Eric Olson om etterforskinga av saka.

Wormwood er ein spennande hybrid av ein dokumentarminiserie. Innimellom meir sedvanlege dokumentarintervju, der filmskaparen sjølv snakkar med folk, får me sjå gjenskapingar av hendingar, anten slik me veit dei hende, eller slik dei moglegvis kan ha hendt. Desse gjenskapingane er spela dønn seriøst og filma som ein thrillerserie, skote på ein suggerande måte som får fram uvissa og paranoiaen som omkringar subjektet. I desse delane har Wormwood meir til felles med seriar som Mindhunter enn t.d. Making a Murderer.

Til å byrje med er det ingen som veit noko sikkert, og serien tek seg tida til å utforske kvar ein krik og krok av den moglege samansverjinga bak alt. Eg skriv dette utan å ha sett siste episode, dels for å unngå å bli freista til å snakke om avslutninga. Om du er ute etter ein faktuell serie med litt ekstra kinematisk eleganse er dette absolutt serien å sjå no.

  • Kristian

På Viaplay: T2 Trainspotting (Danny Boyle, 2017)

Vel Viaplay. Vel Nye Filmer. Vel å ta ein gjensyn med den skotske gjengen med heroinavhengige som for 20 år sidan sette fart i karrieren til regissør Danny Boyle. Vel å setje pris på korleis stilen hans har utvikla seg, frå å vere meir naturalistisk i fyrstefilmen, til mykje meir blankpolert og fargerik i denne. Vel å bli fenga av lydsporet igjen. Vel å bli rørt av minna av dei som ikkje overlevde forrige film, og oversjå den litt on-the nose bruken av bilete frå den.

Vel å ha det moro saman med Sick Boy og Renton, sjølv om dei framleis ikkje er spesielt sympatiske menneskje. Vel å le (og bli skremt) av det overdimensjonerte sinne til Begbie, og å sympatisere med den evig påtråkka Spud. Vel å kjenne igjen cameoen til forfattar Irvine Welsh, og Robert Carlyle sin korte dobbeltrolle. Vel å læra litt meir om skotsk sekterisme etter å ha ledd godt av ein spesifikk sekvens i filmen.

Vel å ikkje la deg irritere av at eg har modellert denne teksten etter den ikoniske monologen frå fyrstefilmen, og vel å set pris på den oppdaterte versjonen som er med i T2, sjølv om deler av den kjennast utdatert. Vel å innsjå at T2 er ein heilt idiotisk ting å kalla denne oppfylgjaren fordi T2 vil alltid stå for Terminator 2. Vel å lese meir på jump-cut.no fordi me anbefaler so gode filmar. Vel livet.

  • Kristian