Meny Lukk

Vekas Strøymetips – 11/01/17

Denne veka har me ein utilsikta fantasy/mystery/thriller-spesial. Alle tre filmane dyppar ei eller fleire tær i skrekksjangeren, er stilsikre og stemningsskapande.


Frå Netflix: The Invitation (Karyn Kusama, 2015)

Filmar om venegjengar som samlast til eit middagsselskap som får uventa konsekvensar er omtrent ein sjanger for seg sjølv, og The Invitation er eit kult riff på formelen. Me fylgjar Will, som har vorte invitert på middag hjå eks-kona Eden. Ho ynskjer å samla alle dei gamle venene sine etter å ha gifta seg på nytt. Hendinga som valda brotet mellom Will og Eden var traumatisk for dei begge, og ingen i venegjengen har sett Eden sidan ho byrja i terapi. Stemninga er nervøs, og spesielt Will er smått amper. Han bryggar på ein del kjensler som kjem til overflata då selskapet tek plass i huset han budde i med Eden. I tillegg er han mistenksam på kva Eden vil med denne samlinga. Selskapet er hyggeleg og besynderleg om ein annan. Åtferda til Eden og den nye mannen hennar verkar rimeleg normal, heilt til den ikkje gjer det lenger. Har ho nokre skjulte motiv, eller er Will berre paranoid?

Om ein kikar på sjangersorteringa før ein byrjar, skjønar ein at det sannsynlegvis er ugler i mosen ein plass. Men å vite sopass før ein går inn er ikkje eit problem. Filmen nyttar seg heilt frå byrjinga av sjangertropar som får ein i rett stemning, men den lar vente på med definitive svar. Er det eigentleg noko skummelt som luskar? Uvissa skapar ei spaning som held seg gjennom heile filmen, og når det underliggjande komplottet etter kvar kjem i lyset veddar eg på at ingen har gjetta djupleiken.

  • Kristian


Frå Viaplay: Crimson Peak (Guillermo del Toro, 2015)

Dette ambisiøse prosjektet frå det meksikanske geniet bak Hellboy, Pan’s labyrint og Pacific Rim sleit litt med marknadsføringa når den kom ut. Fyrst vart den omtala som rein skrekkfilm, so vart det litt vage uttrykket «gothic romance» nytta ein del. Det var vanskeleg å vite kva ein skulle forventa. Men sjølv dei som absolutt ikkje fekk det dei ville ha kunne ikkje nekta for ein ting: den er vakker å sjå på.

Det byrjar i New York, på 1880-talet. Edith har lyst å bli forfattar, men ingen tar spøkelseslitteraturen hennar på alvor. Ho møter Sir Thomas Sharpe, ein rik, kjekk adelsmann på besøk i byen, og blir forelska. Etter litt om og men – og eit blodig mord av faren hennar – endar ho opp med å flytta til England med Thomas og systera hans, Lucille, til deira familieherregard – Crimson Peak. Filmen har ein del kinks før kontinentbyttet, men tar seg skikkeleg opp når hovudkarakteren endeleg dukkar opp.

For i den tittelgjevande bygningen byrjar mysteriet å eskalera. Crimson Peak er eit levande hus, full av personlegdom. Diverre verkar det å vere på dødens rand, og ganske eksentrisk. Det er noko rart med Thomas og Lucille, og løyndomane sit praktisk talt i veggane. Herifrå er filmen blodig, gufsen og overraskande konvensjonsomvendande. Ikkje ein tradisjonell skrekkfilm, men eit godt forsøk frå del Toro på å lage noko eige.

  • Kristian


Frå HBO: Coraline (Henry Selick, 2009)

Henry Selick er mannen som altfor ofte blir fråteken æra for The Nightmare Before Christmas, sjølv om det var han – ikkje Burton – som regisserte den. Det har moglegvis mykje å gjere med at Burton har laga ein drøss fleire filmar, derav mange er veldig gode, nokon er mindre gode, og eit par for mange har Johnny Depp i rare kostyme. Selick har på si side berre regissert fira filmar. Ein mindre populær Roald Dahl-adapsjon (James and the Giant Peach), ein sprø, sannsynlegvis-elendig-men-med-viss-personleg-nostalgisk-verdi tullefilm med Brendan Fraser (Monkeybone), og, ved sida av (og over?) førnemnde Nightmare, denne vekas tips frå HBO.

Coraline er ein stop-motion film, basert på ei bok av den geniale Neil Gaiman, som fylgjer ei tittelgjevande jente. Ho har flytta med forelda sine til eit hus på landet, langt frå sivilisasjonen. Dei er begge skribentar som jobbar mot ein svært viktig deadline, og Coraline kjenner seg litt åleine. Huset er slitt, dei andre bebuarane er rare og naboguten irriterande. Når ho finn ein gøymd gong til ei parallell røynd der alt verkar skreddarsydd til hennar ynskjer verkar ting å sjå lyse ut. Men det er noko med auga til dei som bur der…

Dette er ein skummel film. For meg hoppa den rett inn i marerittland i introsekvensen, der animerte synålshender dekonstruerer ei normalt utsjåande dokke og gjenskaper ein versjon av hovudkarakteren. Jaudå, Coraline er nok mynta på born, men den burde ha nok creepiness (god norsk omsetjing nokon?) til å fylla ein vaksen appetitt òg. Animasjonen er kreativ, humoristisk og regelrett nydeleg, og det er forfriskande å sjå ei fantasiforteljing der jenta får vere helten.

  • Kristian

https://www.youtube.com/watch?v=LO3n67BQvh0

Relaterte innlegg