Meny Lukk

Vekas Strøymetips – 14/03/18

På Mubi: Lost Highway (David Lynch, 1997)

David Lynch er godt mogleg litt sjuk i hovudet. Men til tross for –  eller kanskje på grunn av – det, so laga han filmar som er vanskelege å gløyme. Det er noko med hans distinkte blanding av lyd og bilete som er skremmande og vakker om ein annan, òg gjerne samtidig. I Lost Highway, ein mystisk thriller med mord, sjalusi, kroppsbytte og jazz blant nøkkelelementa, er ein sakte utforsking av ein bekmørk korridor, og det bleike ansiktet til ein figur passeleg namngjeve «mystery man» to av mange inntrykk permanent brent inn i hjernen min.

 

Plottet verkar nesten uhjelpsamt å skildra. Bill Pullman spelar saksofonisten Fred, som saman med kona Renée (Patricia Arquette) bur i eit heller skummelt hus. Ein dag får han ein merkeleg melding på port-telefonen, og seinare ein VHS-kassett som viser at nokon overvakar dei. Fred byrjar drøyme rare ting, og mistar kontrollen på kva som er ekte. Når han blir arrestert for mordet på Renée, noko han ikkje kan hugsa, tar filmen ein større vending til det endå meir surrealistiske.

 

Mykje av appealen til Lynch ligg i stilen. Han skapar jammen gode historier og minneverdige rollefigurar, men eg trur mange som er fan av han er einige om at det er måten han fortel på som opphøgjer arbeida hans «må sjåast», og Lost Highway er ikkje eit unntak. Om du leitar etter eit mysterium med eit forståeleg puslespel å kunne vere med på å løyse, er nok ikkje dette rette filmen. Men om du er villig til å la deg søkke djupt ned i den mørkaste avgrunnen i kanin-hòlet er det berre å spenna seg fast.

 

NB! Mubi er ein strøymeteneste der ein film blir lagt til kvar dag, og dei blir værande i ein månad. Lost Highway kom i forgårs, og er difor tilgjengeleg fram til 12. April.

Bonus: Ein annan og ganske annleis, men framleis fullstendig sprø Lynch-film, Wild at Heart (1990), med Nicolas Cage og Laura Dern i hovudrollene, er tilgjengeleg på same teneste i 2 dagar til. Løp og kjøp!


På Netflix: A Futile and Stupid Gesture (David Wain, 2018)

Visste du at National Lampoon, kjent frå den delen av filmtitlane til Animal House og Vacation dei fleste droppa å ta med i samtale (noko som har forårsaka mangt eit tap i Last Man Stanton), var eit humorblad med stordomstida si på 70- og 80-talet? Uansett om du gjorde det eller ikkje, her er biopic-komedien du ikkje visste at du trengte sjå.

 

Will Forte (saman med Martin Mull) spelar Doug Kennedy, ein av grunnleggarane av humorblekka som starta som ein avleggar til studentbladet Harvard Lampoon. Saman med bestevennen Henry Beard, spela av Domhnall Gleeson som straight man til Forte sin galning, bestemmer Doug seg for å gjere levebrød av å vitse om alt og alle. Det passar seg då at livshistoria hans blir fortalt i ein komedie som i kjend David Wain-stil køyrer mengetaktikken. Kvar ein replikk er eit opplegg til ein vits, og håpet er at fleirtalet av dei treff. Når besetninga er so stappfull av amerikanske morofolk som den er, overraskar det nok ingen at dei landar langt over Mendoza-linja.

 

Biverknaden er at den forventa tyngda til ein relativt tragisk biografi forsvinn litt. Til kontrast med hans uendelege humoristiske energi er Doug Kennedy tynga av nagande usikkerheit. Metodane hans for å takla dette medverkar både til noko av suksessen til humorimperiet, men òg til personleg ruin. Denne tosidigheita av Doug sin karakter opptar brorparten av filmen, men den insisterer på fokusere på det som var godt. Latteren har nemleg har overlevd sjølv om Doug ikkje gjorde det, noko filmen poengtera heilt til siste slutt. A Futile and Stupid Gesture er på langt nær ein rein feelgood-film, men kanskje den morosamaste biografien laga om ein ekte menneske.

Relaterte innlegg