Meny Lukk

Vekas Strøymetips 14/06/17

Frå Netflix: Batman (Leslie H. Martinson, 1966)

Eg tillèt meg å spele på det aktuelle denne veka. Førre helg døde Adam West, den tredje av ni skodespelarar om har spela verdas beste detektiv på skjerm. Han var kanskje ikkje den fyrste, men er definitivt den som har haldt seg aktuell lengst. Denne spelefilmen med utspring frå TV-serien som gjekk tre sesongar på 60-talet er milevis unna den moderne utgåva av Lynvingen. Og det er ganske forfriskande eigentleg. Dette er ein mykje meir fargerik Batman. I staden for ultravald og frykt utlister han skurkane ved hjelp av sin ugjennomskinlege logiske sans, eit utømeleg arsenal av Bat-gadgets, og Robin, sjølvsagt.

Filmen finn stad i mellom sesong 1 og 2 av TV-serien, men det er ikkje naudsynt å ha sett noko av den, då alle karakterane etablerast klårt og tydeleg frå byrjinga. Der moderne blockbusterar ofte ventar til film to eller tre før dei overdriv mengda bad-guys (og gjerne øydeleggjar filmen på grunn av det) sparast det ikkje litt på krutet her. The Joker, The Penguin, The Riddler OG Catwoman har slått seg saman, og med sånn ein samanlagt styrke kan berre verdsherredøme vere på agendaen.

Tingen å vere klar over når ein ser Batman er at den er meir ein komedie enn ein actionfilm. Det renner over med ordspel og latterlege planer med endå meir latterlege utfall. Det er campy og teit, med fullt overlegg, og spela med heilt streite ansikt.

  • Kristian

 

Frå NRK: Turist (Ruben Østlund, 2014)

Denne prisvinnande svenske filmen er ein av dei pinlegaste opplevingane eg har hatt på kino. Sjølv om den av nokon blir kategorisert som dels komedie, dels drama, er det dei særs ukomfortable situasjonane som sette mest spor. Filmens internasjonale tittel, Force Majeure, spelar på ein kontraktsklausul som frigjer begge partar om ein plutseleg katastrofe skulle treffe. I dette tilfellet er det dei to partane i eit ekteskap det er snakk om.

Ein familie på ferie i Alpane er vitne til eit snøskred medan dei sit og et frukost. Då snøen ser ut til råka dei verkar det som faren, Tomas, gjer meir for å redde sitt eiga liv enn familien. Denne hendinga utløyser ei krise i ekteskapet. Ulmande under overflata til å byrje med, med eit utbrot uunngåeleg. Dramaet som utspelar seg i samtalane utover filmen er høgst ukomfortabelt, men uforgløymeleg.

  • Kristian

Relaterte innlegg