Vekas strøymetips – 14/12/16

Frå Netflix: Frank (Lenny Abrahamson, 2014)

Det er hardt å vera aspirerande musikar. Spesielt om eins ambisjonar er større enn talentgrunnlaget. Domhnall Gleeson spelar Jon, ein litt tafatt type som har nettopp det problemet. Han vandrar rundt i byen sin og prøva hardt å få tekstlinjer ut av det han ser, men det blir berre dårleg. Når eit gjennomreisande band i leit for ein keyboardist inviterer han med auger Jon moglegheita for eit gjennombrot. Bandet som plukkar han opp verkar å bestå av ein gjeng sprøingar som ikkje akkurat går inn for mainstream suksess, noko som reflekterast i det heller krunglete namnet deira «Soronprfbs». Men det mest spesielle med dette bandet er frontmannen som går med eit stort pappmasjéhovud på til alle tider. Dette er filmens tittelkarakter, Frank.

Filmen Frank opplevast for det meste gjennom auga til Jon. Han får vere med på albuminnspeling med Soronprfbs, noko som er eit mykje meir tidskrevjande prosjekt enn han fyrst forventar. Månadane dei tilbringar i lag, på jakt etter dei perfekte lydane å skrive låtar til, resulterer i rare, morosame, og triste hendingar. Karakteren Frank verkar å drivast av pur kreativitet. Glimrande eksentrisk kreativitet. Under det store pappmasjéhovudet spelar ingen ringare enn Michael Fassbender. Sjølv utan tilgang til det fantastisk ekspressive fjeset sitt klarar han å skapa ein fullt levande karakter.

Dette er moglegvis ein film som snakkar ekstra høgt til dei som nokon gong har streva med å halda eit band gåande, og Soronpfbs sitt musikalske uttrykk er betre skildra som eksentrisk enn fengande. Men det Frank og Jon – kvar på sin måte – ynskjer å oppnå gjennom musikken, det er lett å kjenna seg igjen i.

Frå Viaplay: Lucky Number Slevin (Paul McGuigan, 2006)

Eit intrikat mysterium som involverer leigemordarar, gangsterbosser, veddeløpshestar og noko kalla Kansas City Shuffle, med Josh Hartnett, Morgan Freeman, Sir Ben Kingsley, Lucy Liu, Stanly Tucci og Bruce Willis i hovudrollene. Treng du eigentleg meir? Kva om eg nemnar at filmen har den mest prominente bruken av tapet du nokon gong har sett? Okå, du ska få litt meir info…

Slevin skulle berre besøkje kompisen Nick i New York, men blir fort sittande i ei knipe. Nick er forsvunne, viser seg å ha stor gjeld til begge dei to store gjengane i byen, og Slevin blir sittande igjen med rekninga. Han blir ei brikke i eit spel mellom dei to største gangsterane i byen, og då samtidig ein viktig mistenkt i politiets etterforsking av dei. I lag med ein av naboane til Nick forsøkjer Slevin å nausta opp i alt, utan å miste livet.

Dette er ein film som rett frå byrjinga ynskjer suge deg inn i mysteriet. Du blir servert små puslebitar utan at noko spel har blitt presentert endå. Bruce Willis fortel rett inn i kamera at dette er alt ein stor samansverjing. Men kven er eigentleg ute etter kven?

 

Frå HBO: 7 Days in Hell (Jake Szymanski, 2015)

Dette er historia om tidenes lengste tenniskamp. 1 runde i Wimbledonturneringa i 2001 vart eit legendarisk møte mellom ein tidlegare amerikansk stormeister og britane sitt store håp om å endeleg få trofeet heim igjen. På grunn av ei rekkje utrulege tilfeldigheiter enda kampen opp å vare i 7 lange, brutale dagar. Og det heile er fullstendig usant.

I denne liksom-dokumentaren produsert av HBO spelar Andy Samberg «The Bad Boy of Tennis» Aaron Williams, presentert som adoptivbroren til Venus og Serena. Han er ein Samberg-karakter av typen me er vane med å sjå han gjere, men det er jo sjeldan feil. Han blir satt opp mot den britiske wunderkinden Charles Lloyd Poole, eit kroneksempel på den mindre intelligente sportsstjerna, realisert perfekt av Kit Harrington (Jon Snow).

I god dokumentarstil blir forteljinga levert av ei rekkje snakkande hovud. Nokon av dei spelt av kjende komikarar som Will Forte og Fred Armisen, mens ein del kjendisar gjev kommentarar som om det var ekte. Til dømes har dei fått med Serena Williams til å snakke om bror sin, mens illusjonisten David Copperfield deler historier som ein av Aarons næraste venner.

Dette er ein kort film, nærare ein TV-episode enn noko anna. Men den er stappa full nok av vitsar og sprø påfunn til å ut ut-konkurrera komediar som er dobbelt so lange. Den kan nok opplevast som litt grov, med utbreidd bruk av kraftgloser og ei uventa mengde sex-scener. Men om sånt ikkje er i mot din smak, køyr på.