Meny Lukk

Vekas Strøymetips – 15/11/17

På Netflix og Viaplay: The Rover (David Michôd, 2014)

Denne filmen må seiast å vere ein ganske nær slektning til Mad Max-filmane. Den finn stad i Australia ti år etter «the collapse», og omhandlar ein skøytelaus mann som får bilen sin stolen og gjer alt han kan for å få den att. Sounds familiar? Vel, utanom dei slåande solbleika naturbileta divergerer dei to filmane ein del etter anslaget.

Samfunnet har begynt å slå sprekkjer, men har ikkje heilt nådd Immortan Joe-nivået endå. Pengar er framleis i omløp, og folk har endå varer å selje. Me møter den titulære namnlause omstreifaren i ein slags bar, tydeleg i dårleg humør. Tre kjeltringar på rømmen frå eit feila brekk stikk av med bilen hans, og startar med det ei jakt som tek opp heile speletida. Ok, so er det veldig Mad Max-aktig endå.

Guy Pierce spelar hovudrolla med ein brutal, men stoisk kynisme. Han er skjegga og skrinn, men ikkje makteslaus. På vegen treff han fjerdemann i crewet, Ray, som vart forlaten av gjengen etter ein skotskade, og tek han som gissel og vegvisar. Rey er portrettert som naiv og lettare tilbakeståande, spela av ein langt frå typecasta Robert Pattinson. Jakta gjennom øydemarka skjer definitivt på skuggesida av samfunnet, men det er uvisst om det finst andre sider lenger.

Eg har moglegvis nemnd Mad Max for mange gonger til no, og det må poengterast at likskapane i plot ikkje reflekterast i uttrykk. Dette er slow-burn thriller, med lange takningar og filosoferande samtalar – periodisk punktert av grufull vald. The Rover er like deler spanande og melankolsk, forankra i sterke rolleprestasjonar frå Pierce og Pattinson.

  • Kristian


På Viaplay: Me and Earl and the Dying Girl (Alfonso Gomez-Rejon, 2015)

Det finst haugevis av oppvekstfilmar av denne typen, reint overflatisk. Gut følar seg som ein outsider på skulen, har kanskje berre ein venn, og har eit anstrengt forhold til jenter. Ganske typisk. For å skilje seg ut frå mengda er det spesifikt to ting denne filmen gjer som fungerer svært bra.

For det fyrste ser me filmen gjennom augo til «Me»-karakteren Greg. Ikkje det mest banebrytande i seg sjølv, men greia er at han er særs subjektiv og upåliteleg, noko som gjev filmen eit ekstra forteljande lag. For det andre utspelar forholdet hans til «the dying girl», Rachel, seg på ein ganske uventa måte. Filmen unngår dei mest utslitne romantiske klisjéane, til dømes å gjere ho til hans store crush som endeleg ser på han romantisk, eller å la ho vere den vennen han aldri såg på den måten. Dette åleine er utruleg herleg.

I eit forsøk på å gli friksjonslaust gjennom skulen har Greg nemleg delt inn alle medelevane i undergrupper basert på stereotypar, men plassert seg sjølv utanfor. Greg kjenner eigentleg ikkje Rachel, og dei kjem berre i kontakt på grunn av at ho blir sjuk. Til og med Earl, hans einaste ordentlege venn, har han plassert på ein armlengds avstand, og refererer til han som ein kollega, då dei brukar fritida på å lage kortfilmar i lag.

Me and Earl and the Dying Girl er ikkje ein reint dyster film. Mellom dei nemnde kortfilmane, Greg sine stop-motion animerte fantasiar, og Nick Offerrman i rolla som far hans er det mykje god humor. Musikken til Brian Eno og Nico Muhly er til tider litt standard indiefilm-aktig, men fungerer likeframt oppløftande. Men det beste med filmen er korleis den konfronterer sin eigen hovudkarakter. Det kan til tider verke som filmen har tenkt å hoppe over dei tøffaste konfliktane mellom Greg og Rachel eller Greg og Earl, og difor smell det ekstra hardt når den ikkje gjer det.

  • Kristian

Relaterte innlegg