Meny Lukk

Vekas Strøymetips – 16/11/16

Det planleggast ikkje særleg langt i forvegen kva filmar me skal anbefala frå dei ulike strøymetenestene. Det går litt på kva me nyleg har sett eller kva som poppar inn i synsfeltet når me blar gjennom listene etter noko som glimrar. Difor er eventuelle tema eller gjentaking av element for det meste tilfeldig. Denne veka får dykk til dømes ein dobbel dose av den Rogue One-aktuelle Ben Mendelsohn, ein up-and-coming karakterskodespelar i Hollywood – om det uttrykket er lov å nytta om ein 47-åring. I tillegg kan det vel seiast at alle tre filmane handlar om å sleppa fri, frå både sjølvskapte og utanfrå-påførte tvangstiltak. Eller kanskje eg les meir ut av filmane enn kva som er der, i eit forsøk på å strekkja denne introen nokre ord lenger. Sjå gjerne alle filmane og gje meg ein tilbakemelding i kommentarfeltet om kva som stemmer best. God fornøyelse!


Frå Netflix: Starred Up (David Mackenzie, 2013)

«Starred Up» er det fyrste av ein uhorveleg mengde slanguttrykk som kan vera vanskelege å få med seg utan undertekst i dette hardkokte fengselsdramaet. Ordet brukast om ein ungdom som blir flytta opp til soning med dei vaksne. Basert på opplevingane til ein terapeut som har jobba med dei mest valdelege fangane i Storbritannia, er dette historia om Eric Love, ein gut på 19 år som allereie oppfører seg som han er institusjonalisert. Han har ein overflod av sinne som eksploderer ved den minste provokasjon, og han hamnar på isolat nærast augeblikkeleg. Det viser seg at far hans, Neville, som forlét han for 14 år sidan og er grunnen til at Eric vaks opp i systemet, innehar ein relativt høg posisjon i fengselets økosystem. Dette låsar Eric fast i eit balansespel der forholda hans til faren, fengselsvaktene og dei andre medfangane er alle faktorar som flippa bordet opp i trynet på han utan forvarsel. «Behave like an ordinary con» får han beskjed om. Enklare sagt enn gjort.

Filmen visar livet i fengsel utan særleg sminke. Rumpetelefoner, tannkostknivar og brutalitet frå fengselsvaktene er kvardagsleg. Men me blir óg servert realistiske portrett av menn som gjer det beste ut av situasjonen. Dei jobbar med temperamentet, dyrkar romantiske forhold og brukar den oppbygga aggressiviteten til fysisk fostring. Jack O’Connell spelar Eric med ein leiken intensitet, og det er ikkje lett å føresjå kva han kjem til å gjera. Han er ein gut som endå ikkje har lært seg å styra impulsane, og i dei vaksne si verd veit dei å utnytta den svakheita. Han druknar i ei verd av motstandarar og må læra seg på nytt korleis å flyta med straumen. Den alltid stødige Ben Mendelsohn spelar Neville på ein måte som gjer slektskapet mellom far og son sjølvinnlysande, då dei openbart strever med nokre av dei same tinga. Jack og Neville er brikker med ganske ulike manøvreringsmoglegheiter på spelebrettet, men det betyr ikkje at begge ikkje kan gjere framgang.

  • Kristian Kvamsøe


Frå Viaplay: Mississippi Grind (Anna Boden og Ryan Fleck, 2015)

Førre helg høyrde eg ein podcast som bland anna handla om kva som gjer at folk kan oppføra seg uansvarleg på tross av sunn fornuft. Ein av grunnane som vart lagt fram var at me har ein innebygd risikosans som helst vil halda oss på eit visst nivå. Dvs. viss ting blir for trygge so søkjer me måtar å få meir risiko inn i livet. Skapa litt spenning på nokon måte. Om ikkje åleine om å forårsaka hendingane i Mississippi Grind, so spela nok denne eigenskapen ei viss rolle.

Curtis og Gerry er begge avhengige av gambling, kvar på sin måte. Curtis finn gleda i konkurransen og folka han spelar med, men veit godt når det er på tide å gje seg. Ben Mendelsohn sin Gerry, vel, not so much. Akkurat i det Gerry skal til å skrapa botn i bøtta ramlar Curtis inn i livet hans med all sjarmen og karismaen til ein Ryan Reynolds-karakter (og det er jo det han er). Venskapet deira fødast i ei blanding av regnbogar og halv-fancy bourbon, og saman skal dei reinska kvart pokerlag og elvebåtkasino langs Mississippi-elva, på ein tur som kuliminerar i New Orleans.

Dette er ikkje ein komedie, men samspelet mellom Reynolds og Mendelsohn skapar likeframt god underhaldning. Innimellom meir sober dveling over avhengnadens øydeleggjande hand blir me kjent med to menn som er betre enn dei klarar å oppføra seg. Dei har begge demonar dei strevar med til ein kvar tid, men saman verker liksom ting å gå litt betre enn vanleg. Dei auger endeleg gullet i enden av regnbogen, om dei berre tør å satsa det som trengs. For ein er ikkje det so mykje, for den andre er det alt han har. Til saman, er det kanskje akkurat nok.

  • Kristian Kvamsøe


Frå HBO: Inside Man (Spike Lee, 2006)

Spike Lee har gjort seg stor med sine sosiokulturelle filmer. Store verk som Malcolm X og Do The Right Thing. Men man tenker sjelden over at han faktisk kan lage sjangerfilm også. Mange vil nok hevde at der han skinner best er når han snakker om rase og rasisme, men da spør jeg, har alle disse sett Inside Man?

En gjeng utkledd som malere går rolig inn i en bank, de blokkerer dørene, saboterer kameraene, og det viser seg raskt at vi ser på en bankrans-film. Den eneste personen du så langt vet hvem er, er Clive Owen. Utenom dette er alle de andre ranerene anonyme, og det tar ikke lang tid før alle gissel er kledd likt. Politiet stormer plassen rundt banken hurtig, men de kan ikke gjøre, da alle i banken er kledd likt, og de ikke har noen aning hvem som er sivil eller kriminell.

Hvor filmen gjør det interessant i forhold til din vanlige heist-film, er at vi spretter imellom forskjellige karakterer, både innenfor og utenfor banken. Clive Owen er kanskje hovedkarakteren vår, men vi heier minst like mye på gissel-forhandleren, spilt av gode gamle Denzel Washington. Filmen føles til tider ut som en hard overhalt videreføring av Dog Day Afternoon, på alle de beste måter.

Jo lengre filmen går, jo mer skyves den morale vekten, og man sliter mer og mer med å vite hvem man faktisk skal stå bak. Spesielt når man ser et nazi-symbol på et dokument begynner man å lure på hva de faktisk er ute etter inne i den banken.

Spike Lee gjør en knalljobb i å konstruere en heist-film som samtidig ikke er en heist-film, men som samtidig er det. Et nydelig manus som alltid ligger 2 steg foran deg. Uansett hvor smart du tror du er, vet du aldri hva som egentlig skjer, eller hvordan det kommer til å ende.

  • Sigfred Storstrand

Relaterte innlegg