Meny Lukk

Vekas Strøymetips – 19/10/16

Ny veka, nye strøymetips. So langt har me ikkje hatt noko tema i denne spalten, og berre gått etter det som føltes rett i augeblikket. No er det jo oktober, so mange forventer kanskje eit ekstra fokus på skrekkfilm. Men det hadde jo vore litt forutsigbart, og me likar ein god plottvist. Difor kjem det her tre filmar som for det meste ikkje er innom horrorsjangeren.

Frå Netflix: The Talented Mr. Ripley (Anthony Minghella, 1999)

Det er gjerne vanlig for unge voksne rundt 20-årene å ta seg en opplevelsestur rundt i Europa, men de færreste gjør det i lik stil som Matt Damon i The Talented Mr. Ripley.

Ripley elsker å herme etter andre mennesker. Om det er å kle seg ut som dem, imitere stemmen deres, kopiere håndskriften deres, eller å bare stjele hele personligheten deres. Han er rett og slett en sosiopat. Evnene hans i å ta andres liv ender opp med at han blir sendt på oppdrag til Italia for å hente hjem en rikmannsgutt som har satt seg selv i eksil fra familien. Han kommer ned dit, men merker raskt at han begynner å like å henge sammen med rikmannsgutten (Jude Law) og dama hans (Gwyneth Paltrow). Grunnen til at han i det hele tatt fikk muligheten for å dra, var at han latet som at han var en medstudent av rikmannsgutten, og under hele hans opphold i Italia, er han da tvunget til å spille en annen person. Etter hvert begynner de to andre å se hullene i hans falske personlighet, og ting begynner virkelig raskt å gå galt.

Alle elsker en god psykopat på film. Det er noe med det å følge med en fyr du vet er ond, men som du samtidig vil skal lykkes som rett og slett er bedre enn din vanlige filmhelt. Og Matt Damon viser tidlig i sin karriere at han virkelig kan spille. Han går fra karakter til karakter sømløst, mens han fortsatt leter etter å finne hvem han er, i et hav av falske personligheter.

Selv om han er en sosiopat, tilsynelatende uten følelser, som er så falsk og til tider et så jævlig menneske som går an, er det umulig å ikke heie på han. Og når spindelvevene han spinner begynner å overlappe, og ting ser ut til å gå galt ved neste kryss, heier man fortsatt på han, selv med uskyldig blod på nevene.

Mye av filmens styrker kommer ifra et utrolig intrikat og underholdene manus, men Matt Damon er virkelig det som skinner igjennom, som en av de best minneverdige film-psykopatene noensinne, som absolutt gjør det verdt å gi filmen en titt.

  •  Sigfred Storstrand

 


Frå Viaplay: The Guard (John Michael McDonagh, 2011)

Om ein likar mørkt komediske filmar sentrert rundt hardbarka kriminalitet er det vanskeleg å finna betre regissør- og manusforfattarar enn brørne Martin og John Michael McDonagh. Fyrstnemnde står bak In Bruges – ein av dei absolutt beste i klassen – og Seven Psychopaths, mens John Michael byrja si karriere med denne skjulte juvelen.

Filmen fylgjer Gerry Boyle, den tittelgjevande irske politimannen, fantastisk bra spela av Brendan Gleeson. Han er ein smått uhøfleg type som seier det han meiner og lar gjerna folk tru han er dummare enn han er. I ein småby der organisert kriminalitet ikkje er noko som fargar dagleglivet, blir det litt ståhei når FBI kjem til byen for å etterforska kokainsmugling. I Don Cheadles skikkelse er Agent Wendell Everett den rake motsetjinga til Boyle, noko som er kjelde til mykje humor.

Dette «buddy-cop»-oppsettet er ikkje spesielt originalt i seg sjølv, men skin verkeleg i utføringa. Boyle er utruleg morosam, både ufrivillig og med sitt syrleg vidd. Samspelet mellom Gleeson og Cheadles «straight man» er perfekt, og ein skulle ynskje filmen kunne kosta på seg endå fleire scener mellom dei. Samtidig er filmens største stjerne moglegvis Irland sjølv, meir spesifikt den irske veremåten. Enn så morosame prestasjonane til Gleeson og Cheadle er, kjem mykje av humoren frå settinga rundt dei. I kriminalforteljingar av denne typen er ein gjerne vane med litt meir urbane by-landskap der tropane ikkje differerer for mykje mellom til dømes London eller New York City. Men når hardbarka kriminalitet møter den irske landsbygda er komedien i kontrastane nesten endelaus.

  • Kristian Kvamsøe


Frå HBO Nordic: Twelve Monkeys (Terry Gilliam, 1995)

Denne filmen klassifiserast av Wikipedia som ein «neo-noir science fiction mystery thriller», noko som kan oppfattast som i overkant mykje sjangerblanding – og det før det nemnast at det er ein tidsreisefilm! Men når ein veit at det er Monty Pythons Terry Gilliam som regisserer so gjev det heile litt meir meining. Utgangspunktet til filmen er at eit virus nesten utsletter menneskeheita i 1996, og me må gå i dekning under jorda for å overleva. Når tidsreising endeleg blir oppfunne fleire år seinare blir Bruce Willis sin karakter, James Cole, valt ut til å reise tilbake i tid for å finna ein kur, og moglegvis spora opp terroristgruppa som skal ha stått bak viruset: The Army of the Twelve Monkeys.

Tidsreising er nesten alltid eit farleg tiltak i film, og fungera sjeldan på fyrste forsøk. Tilbake i fortida endar Cole blant anna opp i eit sinnsjukehus før han får gjort mykje framgang, og mens han er der begynner han å tvila på sin eigen mentaltilstand. Situasjonen hans blir ikkje hjelpt av at det næraste han har til ven der er den utvilsamt sprø Jeffrey, frenetisk spela av Brad Pitt. Herifrå vil eg ikkje seia mykje meir av frykt for å koma med spoilers.

Gilliam er veldig flink til å framstilla dystopi og galskap. Her er det mørkt og trist og alt kan verka håplaust. Willis spelar langt i frå ein typisk vel-balansert helt, men i høve til settinga er han det beste me har. Pitt gjer her ein av sine mest energiske rolleprestasjonar, og er sjukt underhaldande å fylgja med på. Det er ein vandrehistorie som tilseier at Pitt slutta med røyk under innspelinga og brukte abstinensskjelvingane til hjelp. Det fungerte i så fall svært godt.

  • Kristian Kvamsøe

Relaterte innlegg