Vekas Strøymetips – 20/12/17

Algoritmane til Netflix er ikkje alltid like gode til å finne til fram dei skulte juvelane som passar min spesifikke smak. Det er kanskje ikkje so lett å gjere til nokon som tidlegare har gjeve 4 stjerner til både Crank 2: High Voltage og The Master. Eg merkar det spesielt på filmar litt utanfor mainstreamen, spesifikt slike eg har høyrd om eller sett på filmfestivalen i Trondheim, Kosmorama. Denne veka anbefaler eg difor to dømer på dette, som eg ganske tilfeldig kom over ein dag eg satt og bladde alt for lenge i dei uendelege kategorilistene til nettstaden.

Operation Avalanche (Matt Johnson, 2016)

Du har kanskje høyrd konspirasjonsteoriane om at månelandinga i 1969 var ei forfalsking. At Kubrick var involvert, og at skuggar og flaggrørsler avslører bileta dei tok som fabrikkerte. Vel, her er found-footage-filmen som viser akkurat kor korrekte desse teoriane er. Filmen er laga av, og fylgjer eit team av unge, ferske CIA-agentar, som finn ut at månelandinga ikkje vil kunne fullførast innan slutten av ti-året, som Kennedy lova. Dei tar på seg den oppgåva å lage ei forfalsking som kan visast på TV, og soleis hindrar at USA mistar andlet i høve til Sovjetunionen. Alt dokumentert med delvis eller heilt skjulte kamera.

Det artige med filmen er kor godt den blandar latterleggjering av heile konseptet med ein dokumentar-til-thriller utvikling av sjangeren i det interne narrative. Det er skikkeleg morosamt å sjå karakterane brainstorme seg fram til detaljane som (nokon) folk no ser på som «prov» at landinga er fake. Og til djupare bedrageriet går, til meir finn filmskaparane seg fanga av CIA, noko som reflekterast i sjangerendringa utover filmen. Filmen strekk seg litt for langt i slutten, og endar på ein i overkant mørk tone, men opp til det punktet er den ei svært god skrøne.

 

Angry Indian Goddesses (Pan Nalin, 2015)

Dette er noko so sjeldan som ein indisk buddy comedy/kultur-kritisk drama, med kvinner i alle hovudrollene. Ok, so er ikkje eg so kjend med indisk film at eg veit sikkert at dette er ein sjeldan filmtype, men det kjendest utruleg fresht ut då denne gjekk på Kosmorama i 2016.

Plottet startar noko ordinert, med at ein venegjeng som ikkje har møtst på ei stund samlast hjå ein av dei for noko slags hending, her eit bachelorette party. Men, størsteparten av gleda med filmen er nettopp samtalane mellom hovudkarakterane ettersom dei blir gjenkjent med kvarandre. Det er morosamt og rørande om einannan, samtidig som det tas eit oppgjer med indisk kultur. Filmen kommenterer på alle hot button-tema ein kan tenkje seg, og tør å vere kritisk.

Persongalleriet er variert og fengande, og historia blir fortalt på ein energisk, fargesprakande måte, med liberal bruk av musikalske montasjar. Me nærmar oss (heldigvis) ei tid der det å sjå filmar drivne av kvinnelege karakterar åleine ikkje følast eksotisk i seg sjølv, og Angry Indian Godesses er eit perfekt døme på kvifor det er kjedeleg og idiotisk at me ikkje har kome dit tidlegare.

  • Kristian Kvamsøe