Meny Lukk

Vekas Strøymetips – 21/02/18

På Viaplay: Legion (Noah Hawley, 2017)

Det hadde gått meg hus forbi at denne lenge etterlengta Marvel-serien var blitt tilgjengeleg her til lands, so i tilfelle det ikkje berre er meg som er sløv: Hey guys, Legion kan no strøymast på Viaplay!

Etter den fenomenale suksessen til dei to fyrste sesongane av Fargo er Noah Hawley blitt ein av av dei mest spennande amerikanske serieskaparane å fylgja, ved sidan av David Simon, Bryan Fuller, og Michal Schur. Med Legion bekreftast det at han har eit talent for adapsjonar, for dette liknar ikkje på noko anna innan superhelt-sjangeren. På ein god måte!

Dan Stevens (Downton Abbey, The Guest) spelar David Haller, ein ung mann som etter ein trøblete ungdom har hamna på mentalsjukehus. Me møter han på fleire stadium i livet samtidig, i montasjar som uthevar hans subjektive oppleving av eigne minner. Han viser hint av å ha mutantkrefter, men blir hindra i å innsjå det av kraftig medisinering og omfattande psykologisk behandling. Serien hoppar fort og brutalt mellom eit mylder av scenario der det er vanskeleg skilja mellom røynda og David sine innbillingar.

Fyrste episoden, den einaste regissert av Hawley sjølv, er ein visuelt vedunder. Den er fargerik på ein måte som minnar om stilen til tidlegare nemnde Bryan Fuller, og dei tre neste episodane eg har sett fylgjer anslaget. Dan Stevens gjer ein kjempejobb med å få fram David sin forvirring og indre konflikt, spesielt når det reisast i det ulendte terrenget som er sinnet hans. Halvvegs gjennom sesongen er det framleis eit utal spørsmål som står utan svar, ikkje minst kvifor serien heiter Legion. Då er det godt å vite at det kjem ein andre sesong til hausten, for det verkar lite sannsynleg at alt blir svara på i dei siste fire episodane. Det einaste som verkar sikkert, er at det blir vilt spennande.


Òg på Viaplay: Brooklyn (John Crowley, 2015)

Sakte men sikkert blir favorittfilmane mine frå kinoåret 2016 tilgjengelege på nett, og det lika eg! Denne irske perla landar høgt oppe på gjensynslista mi, og burde snarast sjekkast ut av alle som set pris på godt periodedrama.

Satt på 50-talet, fylgjer filmen den irske Ellis, spela av Soirse Ronan, som emigrerer til New York City for å finne fast arbeid. Ho får seg jobb i eit kjøpesenter, og innlosjering i kollektiv med andre kvinner i same situasjon. Ellis finn seg kjærast og etablerer seg godt byen, med saknar heimlandet. Når ho må heim ein tur for ei gravferd kjennar ho valets kvalar. Kor skal ho slå seg til ro?

Denne oppsummeringa av handlinga er ei kjapp og enkel skildring av den ytre handlinga i filmen, kor styrken ikkje kjem frå uventa vendingar, men heller det ektefølte uttrykket for Ellis sitt indre liv. Ronan er ei stjerne, og i Brooklyn får ho all moglegheit til å skine. Filmen er innimellom sår og melankolsk, men til sist eit positivt, gripande portrett av sjølvrealisering. Vakkert og rørande.

Relaterte innlegg