Meny Lukk

Vekas Strøymetips – 22/11/17

På Netflix: Okja (Bong Joon-ho, 2017)

Boog Joon-Ho er ein utruleg allsidig filmskapar, og han har ikkje blitt mindre spesiell etter å ha entra den engelskspråklege marknaden. Sjølv fekk eg opp augo for han etter sci-fi togthrilleren Snowpiercer, og vidare fekk eg whiplash av monsterfilmen The Host. Med Okja spinnast sjangerhjulet igjen, og endar opp på det eg vil kalle ein blanding av eventyrfilm for barn og hardbarka sosial-kommentarkomedie.

Store deler av filmen får plass under fyrstnemnde sjangerparaply. Det internasjonale matvarekonsernet Miranda Corporation har oppdaga ein ny griseart, og har sendt eksemplar verda rundt for å la forskjellige bondekulturar konkurrere om kven som driv best oppdrett. Langt oppe i dei sør-koreanske fjella møter me Mija og bestefaren hennar, som saman har oppfostra Okja. Dei ligg an til å vinne denne konkurransen, men Mija ynskjer ikkje å gje frå seg Okja, og har difor har bedt bestefaren om å kjøpe ho fri. Når dette ikkje går som planlagt rømmer Mija heimanfrå for å få tilbake kjæledyret sitt. Hijinks ensue.

På vegen innblandast Mija med ei dyreaktivistgruppe kalla Animal Liberation Front (ALF), og det er herifrå filmen mistar moglegheita for å blir rata «tillatt for alle». Filmen har ein ganske tøysete tone gjennom det heile, med Jake Gyllenhaal sin spastiske programleiartype som komisk høgdepunkt, men den tar nokre ganske dryge vendingar. Sjølvsagt har Miranda Corporation skjulte hensikter, og gjennom avsløringane av desse kjem filmens kritiske standpunkt fram. Spesielt scenene satt i Miranda Corporation sitt skitne laboratorium er ikkje for dei mest kjenslevare.

I Okja blandar Bong kyniske stikk til konsumarsamfunnet med sær komedie. Det burde kanskje ikkje fungere, men med Paul Dano, førnemnde Jake Gyllenhaal, og Tilda Swinton (gonger to) er det likevel ikkje so rart at han klarar å halda balansen. Dette er den mest originale Netflixproduksjonen til no, og det skulle ikkje forundre meg om den fortset å vere det ei god stund framover.

  • Kristian


På Viaplay: The Pixar Story (Leslie Iwerks, 2007)

Pixar er eit unikum i film- og animasjonsverda. Få studio, om nokon, kan vise til eit like høgt og stabilt nivå av kvalitet. Sidan 1995 har dei gjeve ut 19 filmar, kvar minst 12 av dei er svært gode (dette er ikkje eit digg, eg har berre ikkje sett resten). Då denne dokumentaren vart laga var Cars den siste som var kome ut, og var deira sjuande udiskutable suksess på rad. Men historia til selskapet byrjar mange år før Toy Story…

Grunnlaget for Pixar sin suksess vart nemleg lagt på 70-talet, og filmen tek seg tida til å skildre korleis utviklinga av dataanimasjon spela ei stor rolle. Den fylgjer mykje av karrieren til regissør og nøkkelperson John Lasseter. Saman med datateknikaren Edward Catmull og Steve Jobs får han æra for at Pixar vart som det vart. På ein måte går historia i ein stor sirkel, frå Lasseter blir sparka av Disney, via jobb for Lucasfilm og Industrial Light and Magic, til etableringa av Pixar, før dei til slutt blir kjøpt opp av Disney igjen.

Sidan The Pixar Story var laga då studioet endå var rekna som ufeilbarlege, og hadde nyleg blitt kjøpt opp av Disney, har filmen meir enn eit hint av å glatte over ting litt. Ikkje at utfordringane deira er fullstendig sletta frå narrativet, men fokuset ligg definitivt på alt det positive dei gjorde, spesielt til nærare filmen kjem notida.  Men kvart ledd av reisa er likeframt full av spennande detaljar.

Til neste år kjem oppfylgjaren til min favorittpixarfilm, The Incredibles, og i 2019 skal det visst kome ein fjerde Toy Story. Risikoen for at dei utvatnar sitt eige rykte blir berre større for kvar gong eit tal står sist i filmtitlane. Men enn so lenge held dei fram med å vere eit unikum, og denne dokumentaren er eit hyggeleg innblikk på vegen dei tok dit.

  • Kristian

Relaterte innlegg