Meny Lukk

Vekas Strøymetips – 24/01/18

På Netflix: The Good Place (Michael Shur, 2016-)

Michael Shur har gjort vane av å skapa nokon av dei beste sitcomane på amerikansk network-tv. Frå før står han bak to av dei beste arbeidsplasskomediane i nyare tid, Parks and Recreation og Brooklyn Nine-Nine (saman med Dan Goor). Med The Good Place har han tatt eit steg vekk frå den vante formelen, med denne heller originale settinga: kva viss himmelen var eit nabolag?

 

Kristen Bell (Veronica Mars, Forgetting Sarah Marshall, Frozen) spelar Eleanor Shellstrop, som har blitt sendt til denne versjonen av himmelen etter å ha døydd i ei ulukke. Nabolaget ho endar opp i er eit av uendeleg mange, og skal i teorien berre vere folkesett med gode menneskje som passar i lag. Alle får til òg med dele bustad med sin «soul mate». Det er berre ein liten ting som øydelegg. Ho er feil Eleanor.

 

Bell sin Eleanor var ikkje ein spesielt «god» person då ho levde, og hennar tilstedeværelse går bokstavleg talt laus på omgjevnadane, noko som er svært til bry for arkitekten Michael (Ted Danson). Saman med hennar huskamerat, Chidi (William Jackson Harper), som er professor i etikk og den eigentlege Eleanor sin soul mate, forsøker ho å bli eit betre menneskje. Om ho ikkje klarar det risikera ho å øydeleggje nabolaget for alle, og verst av alt: bli sendt til «the bad place».

 

Foreløpig er det berre fyrste sesong som ligg på norsk Netflix, medan den andre i skrivande stund har to episodar igjen av det originale sendeskjema. Vendingane historia tar i løpet av fyrstesesongen kuliminerar i ein cliffhanger av dimensjonar, og eg kan nesten ikkje venta på at fortsetjinga skal sleppast.

På Viaplay: Digging for Fire (Joe Swanberg, 2015)

Om du er kjend med filmografien til Joe Swanberg veit du omtrent kva du går til om du ser denne filmen. Viss ikkje kan det hjelpe med ein kjapp oppsummering. Han er ein av dei meir profilerte innan «mumblecore»-sjangeren. Dette er ein laust definert sjanger av lågbudsjettsfilm, som regel lett drama med innslag av humor, med fokus på dialog over handling. Som fleire av Swanberg sine andre filmar har hendingane i Digging for Fire ein spesifisitet som gjev den ei kjensle av å vere sjølvbiografisk.

 

Jake Johnson (New Girl) og Rosemarie Devitt (Rachel Getting Married, United States of Tara) spelar Tim og Lee, eit ektepar som har fått låne eit hus i eit finare nabolag i LA for nokre veker. Dei har ein son på 3 år, og dei er litt ueinige om korleis skulegangen hans burde byrja. Ein morgon finn Tim ein pistol og eit bein nedgrave i hagen. Han har lyst å leite meir, men Lee er i mot det. Når Lee tek med ungen til foreldra sine for å la Tim få fred til å gjere sjølvmeldinga endar dei begge opp med å gjere heilt andre ting enn dei er meint. Tim byrjar å grave i hagen med kompisar. Lee går ut på by’n åleine. (Lettere) drama fylgjer.

 

Grunnen til at eg poengterer vekta til dramaet, er at dette ikkje er ein slik type film der forhold går til grunne og himmel og jord skakast pga. misforståingar eller svik. Filmen presenterer heller hendingane som daglegdagse. Små friksjonar oppstår mellom vener og ektefellar, men dei snakkast gjennom. Grenser prøvast og kryssast, men filmen bles ikkje opp dramaet i det som hender, men let det vere grobotn til introspeksjon hjå sjåaren. Som vanleg i mumblecore er dialog og karakterval ofte fullstendig improviserte, noko som forhøgjer kjensla av realisme. Swanberg har på ein eller annan måte stabla saman eit latterleg bra stjernegalleri, der Sam Rockwell, Brie Larson, Anna Kendrick, Orlando Bloom, og Sam Elliot berre er den mest kjende halvparten. Ikkje so rart då at filmen er so sjåverdig som den er.

Relaterte innlegg